Den ferske antologien Smuss er resultatet av spørsmålet “Kva er vanskeleg å lage teikneseriar om?”. Eit stort spenn teikneserieskaparar, frå dei ferske til dei rutinerte, har gjort heiderlege forsøk på å seie noko nytt om eit mykje omtalt tema. Men kanskje manglar det litt skikkeleg smuss?

Det er lite som tyder på at bidragsytarane i denne antologien er storkonsumentar av den rikhaldige tradisjonen for sex i teikneseriar. Det er vanskeleg å spore tiujana bibles, hentai, og amerikansk og europeisk porno og andre ting som Ralf Königs og Robert Crumbs eskapader. I norsk samanheng burde ein heller ikkje gløyme Pyton, men det ser det ut til at dei har.

Illustrasjon: Sigbjørn Lilleeng
Lilleeng viser igjen kor viktig godt handverk er for teikneseriar. Illustrasjon: Sigbjørn Lilleeng

Det finst altså ei klar referanseramme i teikneseriehistoria, men antologien er lausrive frå denne, og serieskaparane vel å ikkje spele på den. Det er vanskeleg å seie seg overraska over at ein teikneserieantologi utgive på eit stort norsk forlag nærmar seg temaet på meir analytisk enn analt vis, men det er likevel ein smule skuffande.
[infobox]
Det er lite av den enkle og direkte skildringa av kjønn i denne samlinga. Ein får heller ikkje moglegheita til å bli kjent med figurane over tid, slik ein får i Ralf Königs fabelaktige skildringar av homoseksuell aktivitet i Tyskland på 80-talet. Derimot får ein her historier om klønete ung kjærleik, meir eller mindre mislykka one night stands, det erotiske livet til aldrande bibliotekarar og pulserande planter.

Illustrasjon: Tor Ærlig
Ærlig kritiserer kroppspress gjennom perspektiv og storleikskontrastar, og gjer solid biletekritikk utan å måtte ty til tekst. Illustrasjon: Tor Ærlig

Sexpress

Prestasjonsangst og kroppspress vert på kvar si side drøfta av Sigbjørn Lilleeng og Tor Ærlig. Desse to har over tid meisla ut tydelege stilar, og har også eit par av dei beste historiene. Lilleeng viser i Sånt som skjer botnsolid handverk, og det endar den eine figuren hans også opp med å ty til. Effektiv bruk av utsnitt og små rørsler, saman med akkurat nok dialog til å bygge personane, gjer ei gamal historie levande.

Ærlig er ein av dei mest rutinerte korthistorieteiknarane i landet, og det kjem tydeleg fram i Hey, little girl, der reklameboards og musikkvideoar set ramma rundt ei lita jente si oppdraging i ønsket om å bli sett. Kontrastane mellom dei enorme bileta av veltrena, frambydande kroppar og den vesle jenta som tar det til seg fungerer ypperleg.

Illustrasjon: Lene Ask
Det kan vere vanskeleg å skilje mellom kunst og porno, og mange stader i Smuss bryt den gamle definisjonen saman: Om du ler, er det porno. Illustrasjon: Lene Ask

Lene Ask sin Cora Sandel suger lykkast stort med å nærme seg ein aldrande bibliotekars erotiske fantasiar. I løpet av to ruter får Ask definert karakteren hennar, og kan med det raskt kaste henne inn i ei surrealistisk seksualisering av dei besøkande. Og når ho til slutt får ei velfortent pause, er det sterkt og vakkert.

Løfter boka

Det sterkaste bidraget er det Esben S. Titland som kjem med. I Dyneløfting følgjer han ei dame i rullestol, og skildrar hennar behov for, og mangel på, kontakt. Titland endrar bakgrunnsfargen for å skilje ut sekvensane der ho er i kontakt med andre. Kalde tonar pregar starten av historia, som så vert brote av ei einsleg rute med varmare farge i det ein kunde i ein butikk gir henne ei hjelpande hand. Den same fargen dukkar opp igjen når ho kjem heim og møtar pleiaren sin.

Illustrasjon: Esben S. Titland
Tittelen Dyneløfting gir assosiasjonar til å ubedt trenge inn på det private. Titland greier å kome heilt innpå personane sine utan å gjere lesaren til kikkar. Illustrasjon: Esben S. Titland

Dyneløfting inneheld også ei av dei beste sexscenene i samlinga, sjølv om det ikkje faktisk er, eller skal vere, sex i den. Avkleding, bleieskift og legging er her fortalt i eit biletespråk som ligg tett opp til ei var kjærleiksskildring, med lette berøringar, jenteaktig knising, spenning mellom to kroppar som lener seg på kvarandre, og ikkje minst ei truse som kjem på igjen feil veg.

Eksplisitt innhold

Dei to som kjem nærast det eg saknar i denne antologien er Fredrik Rysjedal og Ida Larmo. Desse greier iallfall best å unngå den kunstnarlege distansen som dei fleste historiene er prega av. Rysjedal teiknar stilig og er av desse som har den eine foten i designleiren, men han er veldig direkte, og kjem med dei fleste av dei altfor få nærbileta i Smuss. Larmos 43 år gamle “urørte” kvinne, med eit sterkt ønske om å oppleve den ville sexen ho les om i vekeblada, er i alle fall eit av dei mest outrerte og lattervekkande bidraga.

Smuss er ein variert og velkomponert antologi, som held eit jamnt høgt nivå. Nokre av bidragsytarane treng litt modning for å hevde seg mellom dei sterkaste her, noko ville kanskje gjort seg betre som utstilling, og noko er ungdommeleg flåsete, men det bidreg også til truverdet til antologien. Sett under eitt greier antologien å vise mykje av breidda i norske teikneseriar, og det er ikkje minst ei glede å sjå så gode kortforteljingar gitt ut i så flott format. Men det er stadig eit lite sakn her. Hadde dei berre vore litt mindre tenkande. Litt mindre tolkande. Litt skitnare.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.