Fredag las eg at det britisk-polske forlaget Centrala skulle lansere «Moskva» (engelsk utgåve) på Copenhagen Comics. Sidan det er eg (og Ida Neverdahl) som har laga «Moskva», kom eg til at at eg ikkje kunne gå glipp av dette. Så på kvelden tok eg nettbuss.no sin ekspressbuss (NOK 479,-) og tilbake tok eg Øresundtoget til Göteborg og derifå NSB til Oslo S (SEK 755,-). Tog var altså dyrare, men det inkluderte at eg kunne jobbe, og at eg ikkje måtte dele ein toseter med ein kjempelang svenske (Hampus) sånn at ingen av oss eigentleg fekk skræve med beina sånn som vil. På minussida gjekk eg glipp av å ha ei sur svensk dame bak meg som kjefta på meg og min nye venn Hampus når vi prata, og som insisterte på at ho MÅTTE ha dei tre seta sine aleine i åtte timar medan alle andre sat som makrell i tomat, fordi «det är tyvärr någon som ska ha dom.» [infobox]

Denne artikkelen kunne gjerne inkludert endå meir logistisk informasjon, men diverre må vi no snakke om teikneserieskaparar.

Trur dette er Natasha Allegri, fann den berre på Pinterest. Etterrettelighet må vike for det faktum at eg likte denne teikninga kjempegodt.
Trur dette er Natasha Allegri, fann den berre på Pinterest. Etterrettelighet må vike for det faktum at eg likte denne teikninga kjempegodt.

In fishbowl space we babysit Wallace

Søndagens program plasserte tre svært interessante gjester på same tidspunkt: Herr Seele (den uhyre sjarmerande og fascinerande teiknaren av COWBOY HENK), det fabelaktige forlaget Nobrow, og Natasha Allegri. Eg valgte Allegri. Allegri har boliviansk far og japansk mor, bur i Florida, posta teikneseriar om livet sitt på livejournal (ho er framleis på http://natazilla.tumblr.com/ ), og vart oppdaga av Adventure Time-sjef Pendleton Ward omtrent då ho gjekk på college. Adventure Time er ei juicepresse som klemmer fantastiske ting ut av ein fruktsalat av supergeniale folk. Utan å vatne ut dei involverte (tilsynelatande), klarer serien å transformere avantgardisme til massekultur. Thomas Herpich (Cusp) og Brandon Graham (King City, Prophet) er døme på bra teikneseriefolk som er med i salaten. Allegri har no sin eigen animasjonsserie, Bee & PuppyCat. Heldigvis treng eg ikkje skildre den, for vi er på internett og her er ein episode:

På scenen vart ho intervjua av webserieskaparen Stine Spedsbjerg – godt kjend i Danmark som @StineStregen. Her er fem minutt av samtalen, verd å høyre fordi Allegri sjølv høyrest ut som ein kawaii-versjon av Louis CK, og fordi ho fortel om då ho hyra Tommy Wiseau til å gjere ei stemme på Bee & PuppyCat:

(Oppsummert: Tommy Wiseau var rar. Allegri trur ho aldri kan skrive gode plotdrivne historier, for alt ho skriv er karakterdrive. Det ho brenn for er dei små augenblinkane, pinlege pausar og rare blikk. Når det likevel kjem magi-aspekt inn i serien er det truleg fordi ho sjølv ser så mykje anime at ho tenkjer det må vere der.)

Det store spiegelman-intervjuet

Etter Allegri var det spiegelman-tid. Klokka eitt måtte publikum ta det vonde valget mellom Nobrow, Herr Seele og Allegri, klokka to sto art spiegelman aleine på programmet. (Små bokstavar i namnet er greia hans) Så mykje bra som spiegelman enn har gjort, valgte eg likevel å selge bøkene mine medan han prata. Eg kalkulerte med at store deler av dei som ikkje hadde fått stolplass snart ville byrje å vandre rundt på shopping. Dessutan hadde han allereie halde eit foredrag på laurdagen, der han mellom anna fortalde om sin første kjærleik til teikneseriar – det var eit MAD som viste Basil Wolverton sin “Beauty of the month”, og bodskapen som slo ned i unge spiegelman si hjerne var som følgjer: Media lyg til deg, og vi er media.

Ei rute av Crumb og ei rute av spiegelman – begge to hyllar MAD # 11!

spiegelman påpeikte også at det mest fornuftige, og tidsbesparande, er å utvikle ein teiknestil og halde seg til den. Då kan publikum kjenne igjen din strek, og produktiviteten din går opp “… men sjølv prøver eg å endre stil for kvar serie, noko ein mellom anna kan sjå i “prisoner on the hell planet”-sekvensen inne i Maus. Ulempen er at det tek tid å lære å teikne på ein ny måte kvar gong eg har eit nytt prosjekt. Det eg har av stil no er ganske enkelt dei feila mine som eg ikkje klarer å bli kvitt, slik at dei går igjen frå verk til verk.”

Når eit forlag vil trykke Maus er det no eit krav at dei også må gi ut ei av dei andre bøkene han har laga, eit krav som er uvanleg men som for meg kjennest som fornuftig kulturpolitikk i praksis. For dei andre bøkene hans er bra, og med antologien Raw påvirka spiegelman og Francoise Mouly ein heil generasjon amerikanske teikneserieskaparar. 

Etter foredraget rakk eg også å få eit par ord med spiegelman, orda var som følgjer:

Empirix: Spiegelman! Spiegelman!

Spiegelman, omringa av folk: *går vidare*

Skandinavisk smågodis

Sidan Allegri og spiegelman begge var pakka inn i entusiastiske fans, skal eg i staden trekke fram nokre karamellar som ikkje var på scenen:

Peow: Elliot Alfredius, Jane Mai, Patrick Crotty. Foto: Sabine Ravn
Peow: Elliot Alfredius, Jane Mai, Patrick Crotty. Foto: Sabine Ravn

Peow Studio, her ved Elliot Alfredius, Jane Mai og Patrick Crotty, er ein strålande, Stockholmsbasert silketrykk/teikneverkstad. Peow-kollektivet lagar små fanziner, teikneseriar, trykk, hefte og snart t-skjorter. Også hos dei kan ein ane ein smak av Adventure Time, men om det er direkte påverknad eller berre ein tendens i tida er jo uklart. Hipstrifiseringa av fantasysjangeren har eksistert lenge, Lewis Trondheim/Chris Blain/Joann Sfar sin Donjon har jo gjort den same oppdateringa av fantasysjangeren som Adventure Time, berre i Frankrike, i bokform og mindre stilisert, og dermed utan det enorme nedslagsfeltet til AT.

John Kenn
John Kenn

John Kenn Mortensen sine gotiske illustrasjonar på post-it-lappar vart ein viral facebookhit i 2o14 – på festivalen solgte han også t-skjorter, trykk, plakatar og ein ny roman, De Utilpassede, der kannibalklovnar og vampyrar tjatrar rundt i utkantdanmark. 

Bodil Bang, konseptskisse frå 2011: Tre damer i rideutstyr som vandrar rundt i skogen og riv dyr i småbitar med nevane fordi dei er så innmari glade i kjøt. Konseptet er foreløpig ikkje ein kommersiell suksess.
Bodil Bang, konseptskisse frå 2011: Tre damer i rideutstyr som vandrar rundt i skogen og riv dyr i småbitar med nevane fordi dei er så innmari glade i kjøt. Konseptet er foreløpig ikkje ein kommersiell suksess.

Bodil Bang Heinemeier er barnebokillustratør, og innrømmer gladeleg at ho er altfor pragmatisk anlagt til å gidde å lage teikneseriar. Tek henne med likevel fordi ho teiknar så hardt, naturalistisk og kontrastrikt. Ho påpeikte sjølv at ho skil seg ut frå den gode gamle idéen om mjuke, konturlause jenteteikningar. Det er den tendensen som Aksel Kielland kalte “jenteblyant”, noko som skapte eit eller anna drama i Noregs vesle teikneseriemiljø. Eg syntest observasjonen til Aksel var heilt kurant. Observasjonar er jo berre observasjonar og ikkje normer … men kanhende folk følte at alle analyser der ein koblar biologiske faktorar til noko som helst er motorvegen til å lage bål av menneske. Om dette stemmer, er Aksel ein katalysator for eit nytt holocaust, og bør stoppast fysisk. Men sånn til informasjon, Ida Neverdahl uttrykte for nokre år sidan ei begeistring for Kyu Hayashida nettopp fordi Kyu køyrer knallhardt på perspektiv og anatomi, og det var viktig for den unge Ida å sjå jenter imponere i dei klassisk kompliserte tekniske aspekta ved teikning, ikkje berre sånne blyantportrett av vakre kvinner, beskjært ved skuldrane så teiknaren ikkje skal måtte tenkje på armar og ledd og sånne ting. Så når Bodil også er medviten om at ho til ei viss grad skil seg ut, er det teikn på at det eksisterer ein eller annan idé om kva som er “vanleg” i strekvalg og skuggelegging og så vidare. Og det er jo interessant.

Lars Gabel
Lars Gabel

Lars Gabel er også illustratør, tidvis innom teikneseriemediet. Vi snakka litt om dilemmaet at ein ofte må velge mellom produktivitet og nøyaktighet, og om energien som ei teikning kan ha når ein må teikne side opp og side ned for å få fortalt historia innan deadline. Eg håper han kan lokkast over til å lage meir teikneseriar.

Rosinen i pølsa: Ein Donald-surprise

Shelley og Patrick Block er Donald-skaparar av den gamle skulen, noko som eg sjeldan blir begeistra for, men teikningane til Patrick lokka meg brått inn i ein deileg tåke av Barks-nostalgi. Sally og Patrick har vore saman sidan “the school bus”, og med Shelley på manus har Block-paret laga ei bråte gode Donald-historier som etter kva eg forstår ikkje finst tilgjengelege på norsk (hint hint, Donaldredaktør Marius Molaug). Ei som han var spesielt stolt av var “The case of the missing mummy”, ei “choose your own adventure”-krimfortelling der ein BÅDE må velge kva spor ein vil følgje, og på eit punkt stoppe opp for å skrive ned kven ein trur er skurken før ein får lov å lese vidare. Tanken var å skrive ei krimgåte som ein faktisk skulle vere i stand til å løyse. 

Shelley og Patrick har i det siste hatt suksess på kickstarter med sin eigen serie FROSTLINGS. Medan Adventure Time viser korleis undergrunnsserieskaparar kan ende i kommersielle kanalar via nettet, viser Frostlings at tidlegare “kommersielle” serieskaparar med hell kan flyte over til meir undergrunns-aktige prosjekt.

Sabine Ravn as herself
Sabine Ravn as herself

Og takk til Sabine Ravn for foto av Peow & det ultimate festivalpromobiletet. Ho er ikkje berre Skandinavias best kledde person, men også forfattar/designer/animatør/regissør på ein bråte animasjonsfilmar. Som avrunding kan du sjå ein av dei no, og som bonus er 3d-animasjonsbiten her gjort av vår eigen Knutsen & Ludvigsen-regissør Rune Spaans. 

https://vimeo.com/58815975

Øystein Runde
Øystein Runde er tegneserieskaper kjent blant annet for superheltparodien Bjartmann, bøkene Olav Sleggja og Berserk, samt faktaboken Stamceller. Han har også skrevet tegneseriene Futen og De fire store.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.