Ei hundedagbok

Ingenting var betre før. Sjølv ikkje å vere på veg inn i tenåra. I Hundedagar fortel Anja Dahle Øverbye personlege historier som verkar heimekjende, utan å verke slitne.

Jippi-antologien Forresten har fleire gonger tatt med kortare seriar frå Anja Dahle Øverbye. Endeleg er ho ute med bok – ei dagbokliknande forteljing om ein formativ sommar for ei ung jente. Nord-Vestlandet er miljøet der Anne, Mariell og Karianne kjempar seg gjennom sjalusi, keisamheit og ikkje fullt utvikla empati. Tre jenter i den alderen gir nett slike forviklingar som ein kan vente: Ei av to bestevenninner blir meir kjent med ei eldre jente, og den nye interessa trumfar den gamle. Begge får nokre dyrkjøpte erfaringar frå det.

Ein har ikkje meir halloween enn ein lagar sjølv, sa mor mi alltid.
Ein har ikkje meir halloween enn ein lagar sjølv, sa mor mi alltid.

Lykkast på mange plan

Ytst mot havet skjer det noko med folk, og landskapet er ein viktig dimensjon i Hundedagar. Akkurat som Vestlandet jentene rører seg i, er Øverbye si forteljing bygd opp av visuelle motsetnader. Nydelege, mjuke, blyantteikna nærbilete av ansiktsuttrykk dominerer, men Dahle trekkjer av og til blikket attende frå ungane for å dvele ved fjella, fjorden eller fjøresteinane. Teksturane ho breiar ut over papiret, saman med innstendige blikk ut av rutene løftar forteljinga til noko meir enn det lett gjenkjennelege, men generelle, og gjer den nærverande.

…

4-kva-for-noko?

Endå mykje av det som blir fortalt er knytt til slikt som neppe fyller alle med nostalgi, slik som ferjene på fjorden, og å lære om gamaldags gardsbruk i regi av 4H, er det noko med detaljane Øverbye legg inn som fyller sidene med ein overtydande realisme.

Swag med 4H, ass.
Swag med 4H, ass.

Videokameraet til ein turist dei møter, kioskbua, pennalet og telefonen på veggen er døme på slike. Eksempel på detaljar i jentene sine påfunn og fritidssyslar er når dei finn ut at dei skal bryte seg inn på rektors kontor ved å skrape hol i vindauget. Rakt gjennom Hundedagar er Øverbye ein botnsolid serieskapar, som veit å bruke barnleg teksting, ansiktsuttrykk, teksturar og landskap for å ramme inn og bere denne personlege forteljinga.

Kva likar du best? Metallica eller Guns'n?
Kva likar du best? Metallica eller Guns’n?