Lister vil alltid vere subjektive. Men sidan eg får lov å skrive her mest i eigenskap av å vere teikneserieskapar sjølv, og ikkje så mykje i eigenskap av å systematisk pløye meg gjennom alt som går og står av teikneseriar, er nok mi liste hakket meir subjektiv enn det som godt er.

Årets superhelt:

Invincible (Image comics). Eg kan ha oppdaga Invincible før 2014, men eg leverte ikkje bøkene tilbake til eigaren før no i jula, så eg håper ikkje det. Invincible er Robert Kirkman sin lyse, pastellfarga og forteljeglede-sprudlande versjon av Superboy, med ein dæsj Peter Parker-teen angst på toppen. Mark Grayson er son av verdas mektigaste superhelt: Den bebarta Omniman, som vart send til jorda frå planeten Viltrum for å passe på planeten. Mark er sytten år og synest faren er ganske kul, og når Mark brått får tilsvarande krefter, er det tid for eit intenst tenåringsdrama.

invincible58cover

Invincible er skriven av Robert Kirkman, som dei fleste kanskje kjenner frå evigheits-teikneserien The Walking Dead. TV-versjonen av denne er ein avsindig suksess, noko som er eit nydeleg døme på kor bra Image Comics sin copyrightmodell kan vere for driftige serieskaparar. Men der Walking Dead held seg i gråtonar og har svært strenge rammer for kva som kan skje, er Invincible ei frisone der Kirkman boltrar seg med sine favorittsuperheltklisjéar: Ei Stan Lee-aktig forteljarstemme som dukkar opp i ein episode, superheltar som tilsynelatande eksisterer først og fremst fordi namnet deira er eit godt ordspel, ville plotlinjer som eskalerer etter tusen sider, galaktiske problemstillingar og obligatoriske «eg trudde du var ein skurk»-slåstkampar mellom folk som eigentleg er vennar.

tv-comics-walking-dead-show-the-walking-dead

Det er sjølvsagt dustete, men akkurat som Walking Dead klarer å dra seg ut av sitt tilsynelatande oppbrukte utgangspunkt med gode karakterskildringar og genuint sjokkerande plott-twistar, er Invincible mykje meir avansert enn den først ser ut som. Og den uoriginale framtoningen er nettopp det som gjer at overraskingane overraskar.

Invincible hadde ein svært svak start, med elendig salg, men Kirkman køyrde på i full tiltru til sine evner. Det har lønt seg. Om du, som meg, elska Walking Dead, men rett og slett vart slått ut av kor lite håp det eigentleg er for karakterane, kan du fornye entusiasmen for Kirkman sin skrivekunst ved å besøke dette pastell-universet. Og det finst mykje av det, akkurat som Walking er det over to tusen sider som er produsert.

Her er det berre å fråtse før HBO kjøper den opp og lagar TV-serie.

Årets romantiske komedie:

Wuvable Oaf (Eige forlag, samlebok kjem i 2015 på Fantagraphics) er serien som verkeleg fekk meg til å ønskje å bli homo. No fekk jo Fucking Åmål meg til å ønskje å vere ei femten år gammal lesbisk jente på den svenske landsbygda, men dei jentene var jo i utgangspunktet ganske søte, så det er ikkje like imponerande som Ed Luce si evne til å framstille hundreogfemti kilos menn som seksualobjekt. Luce har ei unik evne til å teikne mennene sine med ein potent, intens strek som verkeleg gjer at ein forstår kvar skapet skal stå. Akkurat som hos Robert Crumb er fetisjane til Luce så sterkt til stade i verket hans at ein ikkje kan unngå å verte sugd inn i dei. Luce er aldri pornografisk, det berre ulmar og syder i streken.

wuvable4-3

I tillegg til teikningane byr Wuvable Oaf på eit kosmos som er fylt av spennande og godt utvikla karakterer. Enklare sagt: Det er gøy. Eg har testa den på fleire heterovenner, og dei var begeistra. Eg har også testa det på ein homo-kompis, og han var totalt framandgjort og måtte påpeike at dette representerer eit ekstremt snevert miljø. Det er sjølvsagt sant, men då har eg altså ein indikasjon på kva type homo eg ville vore. Dette forklarer også kvifor eg alltid har samarbeida med digre menn, typ Kristopher Schau, Geir Moen og Knut Solberg. Busted.

Årets stripeserie:

Gelé. Habiliteten min knekker som eit tørt pinnedyr no, men Ida Neverdahl har eg ikkje samarbeida med sidan reiseboka vår «Moskva» kom ut på polsk i haust. Den engelske utgåva kjem tidleg 2015. Ida sin stripeserie «Gelé» i Nemi har vore ein klar favoritt i år som i alle år før. Nemi-bladet er eit fyrtårn i bladjungelen, lekkert designa, lekkert satt ihop, lekkert utvalg seriar. Som ei av få øyer som framleis står igjen i eit stigande hav av internett, er det fint å framleis sjå bladet i hyllene, og det fortener vår økonomiske støtte før godteriet tek over alle bladstativa.

Neverdahl-Ida.-tegneserie1

At Lunsj dukka opp og vart den suksessen det vart, er også stas. Serien som Joakim Pirinen kalte verdas beste stripeserie, Rocky, har heldigvis også framleis eit blad. Men eg fattar ikkje kvifor dei har så mykje luft på sidene, dei kunne då ha brukt seksruters-oppdelinga som det gamle Rocky-bladet køyrde. Eg er ikkje så dum at eg treng å få punchlinen telegrafert til meg med eit tjue kvadratcentimeter stort blankt pusterom. Seks ruter per side gir meg historia som ei flytande einheit, og eg kan få gleda av å oppleve serien på ein litt annan måte enn i avisa. Uansett ei glede å få lese serien i Dag Gravem si kreative omsetjing, eg meiner å ha lest at Kellerman sjølv meiner Gravem til og med gjer serien betre på norsk enn den er på svensk. Om ikkje Kellerman har sagt det kan du sitere meg på det.

Årets webserie, ukjend: 

Tony av Will Smith (www.nettserier.no)

«Bjørn, hold følge, og haken hevet, homeboy! Vi forlater deg ikke … med det første.»Ubeskriveleg fantasiserie. Tony har ein pose på hovudet. Posen er magisk. Nettserieføljetong, etter alt å døme utan nokon planlagt slutt, med fanatisk tilhengarskare i nettserier.no sitt kommentarfelt.

tony-1402610400
Illustrasjon: Will Smith

Det artigaste eg har sett på nettserier sidan Bendik Kaltenborn sin grusom-briljante fantasyserie «Sagaen om Tranium«. Men der Bendik teikna ganske raskt og leverte på rått talent og presist observerte fantasyklisjéar, er Tony eit uforutsigbart, delvis inderleg, delvis ironisk-patosfylt epos om ein mann i bar overkropp med papirpose på hovudet. No kjenner eg at eg brukar mange kombinasjons-adjektiv, det er teikn på at eg er på veg inn i eit slurvete-entusiastisk og patetisk-ivrig modus.

Årets webserie, kjend:

Kan ein seie Tegnehanne? Er det for mainstream? Det er suverent bra, og som Ida seier: «Hun er sykt god på det der relatable som folk relaterer seg til, men hun er også god på det gøye inni som er gøy. Åååh. Jeg er misunnelig.» Forma, med å blande essayistisk tekst med minimalistiske teikningar, kan minne om nettseriane theoatmeal.com og hyperboleandahalf – men det er som å kritisere folk for å bruke same bokstavar som Shakespeare.

julekropp3-flGPsyx_uR
En av Tegne-Hannes tegninger fra Aftenposten. Illustrasjon: Hanne Sigbjørnsen

Eit formspråk som er kokt ned til sitt komiske minimum vil ofte minne om andre ting. Dessutan er Hanne såpass unik i Noreg at samanlikninga med internasjonale megastjerner mest av alt oppstår fordi ein manglar andre ting å samanlikne med. Eg nevner det difor berre fordi eg skal leike kritikar, og kritikarar må gjerne vise sin kunnskap ved å seie kva ting andre ting liknar på.

Kvinner eg har venta på:

Åshild Kanstad Johnsen, supergeniet bak Kubbe-bøkene og -animasjonsfilmane har ikkje laga teikneserie enno fordi ho ikkje tør.

Ida Neverdahl har ikkje laga ei bok til etter Moskva. Det plagar meg. Eg forstår at 21-åringar ikkje kan forventast å lage bok heile tida, men eg klarer ikkje å tenkje at det finst nok Ida-serier på jorda foreløpig.

Kvinner eg har ignorert:

Lene Ask si bok Kjære Rikard, guten som skriv sårbare brev til far sin, misjonæren, har eg enno ikkje lese. Idéen er suverent god, så eg må nok gjere det snart. Har ikkje lese Encyclopedia of Early Earth av Isabel Greenberg heller. Antologien Kvinnor ritar bara serier om mens, som skulle bekrefte fordommen om at jenter berre lagde mens-teikneseriar, har eg også gått forbi. Idéen er smashing god, og det er altfor få bøker og seriar om mens. Sidan eg likar forfattarar som skriv om onani (Hei ja, Philip Roth) burde eg også slukt mens-boka.

172313-330dff32e63f4e8abbf5ebd7909534b9

Men 1. Eg likar ikkje skraveringsteknikken & det frekket trynet på Rikard der han glor på meg, full av komplekse emosjonar, frå boka til Lene.
2. Greenberg brukar ein sånn tunglest skrifttype på Encyclopedia of Early Earth, og ho har sånne minimale, smakfulle fargar som eg synest er litt pysete.
3. Mens-boka har et stygt cover (men ikkje pysete).

mens_cover-jpg-280x374

Ei nærliggande analyse er at kvinner må lage sånne søte små klumpete figurar som Åshild og Ida gjer, om dei ikkje skal bli ignorert av menn med definisjonsmakt (meg). Heldigvis er denne analysen feil, då kvinnene eg har ignorert har fått mykje meir mediemerksemd enn kvinnene eg har venta på. Eg kan konkludere med at eg ikkje har hatt noko definisjonsmakt før. Eg er glad eg skriv liste no, så eg får utøve litt definisjonsmakt.

Menn eg har venta på:

Knut Solberg. Noregs mest muskuløse serieteiknar leverer saaakte og perfeksjonistisk. Han har i 2014 vist meg side etter side med mjuke blyantstreker, teikna inn kronologisk og feilfritt i ei gigantisk A3-Moleskine-bok. Serien han lagar er skriven av meg for ei god stund sidan, den heiter Futen og boka kjem på Gyldendal i 2015.

Menn eg har ignorert:

Eg fekk med skam å melde aldri sett Dongery si utstilling «Hvorfor tuter du på barn?» på Norske Grafikere, eller Christopher Nielsen si utstilling «Jeg er bare en enkel konseptualist fra Ulsrud» på Henie Onstad. Dette er kjempeflaut, men eg var oppteken med å jobbe med Futen-prosessen, teikne på Hvem drepte Ibsen? (Gyldendal 2016) og klippe på filmprosjektet mitt, The Yule Goat.

IMG_3146
Ignorert av Øystein Runde, så langt, for Christopher Nielsens Misfornøyelsespark står en stund til! (For øvrig, prøv å finne de to identiske mennene i dette bildet!)

Nielsen er så produktiv og mangefasettert at ein stakkar knapt kan oppsummere hans virke. Det same gjeld kollektivet Dongery, sjølv om dei opererer etter heilt andre målestokkar. Begge partar kan anklagast for å alltid pakke seg inn i eit teppe av ironi for å skape ambivalens. Dongery har også blitt anklaga for nihilisme, medan Nielsen tidvis er så politisk tydeleg, og så open på sine perversjonar, at ingen kan seie han ikkje stiller seg sjølv open for hogg. Desse kjempetriumfane for kule folk gir meg ei kjensle av at verda er rettferdig. Det skjer alltid eit eller anna grunnleggande ironisk når serieskaparar som så til dei grader har definert seg sjølv i opposisjon til det beståande brått ER det beståande, men den ironien er så dørgande kjedeleg, og dei har sikkert nøytralisert den med eit eller anna smart grep innad i utstillinga, så eg reknar med det har ordna seg sjølv. Korsom er, eg ignorerte heile greia. Pinleg for meg, men det å verte ignorert er sånn teikneserieskaparar som ikkje bur i Oslo har det heile tida.

Ting vi bør satse meir på i 2015:

Vi treng truleg å tenke ut eit nytt støttesystem som relaterer seg til internett på ein meir aktiv måte. Målet må jo vere breidde, at folk får utvikle seg og verte betre, og at Noreg får ein teikneseriekultur som vi kan vere stolte av. Forresten (Jippi forlag) i si nye, lekre bokform er på veg inn i eit kraftig oppsving, Kristoffer Kjølberg som designar det har gitt bladet eit heilt nytt tryne, og med det (sidan form er innhald) eit heilt nytt innhald. Men ein kan håpe på eit system som motiverer Jippi til å gjere teikneseriane sine tilgjengelege i digital form også, for å nå ut til endå fleire.

CoverForresten28_web-420x600
Forsiden til Forresten #28

Den amerikanske teikneseriebransjen opplevde i juli 2014 sin mest lønsomme månad i historia. Det på eit tidspunkt då ein har ropt om fall og kollaps i teikneseriesal i årevis. Det er altså ingen grunn til å legge seg i grava og kaste jord over seg sjølv enno, men strukturane i teikneserienoreg er lagt opp for konservativt. Eg mistenker at verken Jippi eller No Comprendo kjem til å gasse på digitalt før dei må, medan småttingane i Überpress kjem til å lede an.

Sjefen på Eldorado bokhandel, Christian Skrede, insisterte på å fylle heile sin gigantiske bokhandel (Nordens største) med Geir Moen sine teikningar frå Peer Gynt. 

geir_moen-dagane
Foto: Kyrre Matias Goksøyr

Skrede si forklaring på Eldorado si satsing var grei: «Serieromaner kommer til å komme nå. Bare vent.»

Han har meir innsikt enn meg (det er difor han sjefar over åtti millionar tonn bøker, medan eg blir sjefa over av mi lusne boksamling på berre tre-fire tonn), difor erklærer eg teikneserieromanen som vinnaren av 2015. Men fordi eg også elskar kortserien, håper eg digital distribusjon av Jippi og No Comprendo sine kortseriar kan kome på plass snart, så nye lesarar kan oppdage dei. Seriebransjen må omfamne dei nye teknologiske løysingane vi har, og kulturrådet må finne ein måte å verdsetje arbeidet som vert gjort, uavhengig av kva format arbeidet endar i til slutt.

4 KOMMENTARER

  1. Ser no at mine tekster gjennomgåande brukar Joakim Pirinen som fasit på kva som er bra. Dette er slik det skal vere. Elles må eg påpeike at den skraveringstunge stilen på Kjære Rikard er logisk i forhold til kva som var «korrekt» tegnestil i Rikard si tid. Den hjelper på å gi han patos, det er ein type tungt bearbeida teikning som til dømes faren til Rikard kunne laga, som uttrykk for sin kjærleik. Og det matchar perfekt den sirleg nøyaktige handskrifta som er ein så viktig del av Rikard-boka sitt uttrykk. Lene har konsekvente tankeprosessar bak det ho driv med, det inkluderer også, som her, å skifte teiknestil FULLSTENDIG fordi boka sitt stoff krever det.

    Å kuke borti det er litt som då folk påpeikte dei stadvis HORRIBLE teikningane i Soga om Olav Sleggja. Eg hadde bestemt at eg ville teikne i ein forsøksvis Werenskiold-aktig realismestil, og kva mitt eige talent hadde av grenser fekk berre ignorerast. Eigentleg fekk eg rørande lite tyn for det, men det skal jo seiast at dei som unnskyldte det med at ein knapt kunne vente anna med så svake støtteordningar for 150-siders serieromanar, var inne på noko.

    • Nielsen-utstillinga står til 8. februar, så du har fortsatt en måned på deg til å se den.

      Dongery-utstillinga, derimot, er forlengst smelta om til øreringer og solgt til utlandet.

      • Eg veit, og eg var på kontoret til deg og Flu, og de var så himla koselege at eg ikkje ville gå. Så eg rakk ikkje utstillinga. Shot with your own gun.

      • Eg fekk sett Nielsen på Henie Onstad! Imponerande, og velfortjent. Tippar Dongery er på Henie Onstad innan 30 år. Er ikkje eingong ironisk, dongery-greiene tek ganske enkelt så mykje plass å vise fram at ei vising på eit kjempestort galleri til slutt vil tvinge seg fram. Mogleg de må vere litt meir sure og misantropiske for å maksimere sjansane, men det går nok åkkesom.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.