Det framleis ferske forlaget, og laust samansette teikneseriekollektivet, ÜberPress er no aktuelle med si femte samling. Sidan ÜberZombie kom i 2012 har kampropet vore “Det er overlegent!”, og med kvar utgjeving har nivået på samlingane stadig blitt høgare. No er dei nesten heilt på høgde med den overlegne hypen forlaget har bygge.

Uovertrufne sjangerseriar

Noko av det særeigne med Überalbuma er at dei har valt å jobbe i ulike sjangrar eller med spesifikke tema for kvar utgjeving. Dei starta med zombiehistorier, gav ut historier med maritime motiv, jobba med vikingar, og kom naturleg innom horror før dei tok for seg sjangersjangeren over alle, altså western.

Ein vil få dårlege odds på eit veddemål om at det vil kome ei krimutgjeving frå gjengen. Dette valet er ein styrke og ei svakheit for seriane. På eine sida gir det meir einskaplege samlingar enn det ein får til dømes i Jippis Forresten.

Illustrasjon: Stig Bruksås

Å jobbe innanfor gitte rammer er også eit grep som kan anspore kreativitet og ikkje minst bidra til at ting blir gjort, i staden for at bidragsytarane blir hemma av fridomen i å kunne gjere kva som helst. Samstundes er det ein grunn til at sjangerteikneseriar og sjangerfilmar ikkje har særleg høgt ry.

[infobox]Kanskje difor har ein del av historiene i Überpress sine tidlegare utgjevingar vore prega av litt umotiverte sjangerbrot og vendingar som mest framstår som ein usikker tenårings “berre tulla” når ein må forsvare eit standpunkt. Dette er det takk og lov lite av i ÜberWestern.

Einsemd på prærien

I staden for å gå rett på typiske spaghettiwestern-motiv har dei valt ut Fjærkre av Katarina Aasgaard Strømsvåg. Det er eit godt val. Med nydeleg, avmålt fargebruk fortel ho ei lågmælt og emosjonell historie, og fangar inn det einsame og ubarmhjertige i nybyggartilveret.

Illustrasjon frå Katarina Aasgaard Strømsvåg sitt mytologiske bidrag «Fjærkre».

Med eit mytologisk tilsnitt bygger ho kjensla av å vere åleine i villmarka, og spelar fint på kontrasten mellom det kvardagslege og det overnaturlege inntrykket eit utemma landskap kan gi. Ho gjer nokre veldig gode val i å avgrense dialogbruken, og det heile er uanstrengt fortalt. Samlinga som heilheit har det same uanstrengte draget, og dei fleste gir interessante vriar på westernsjangeren.

Unødig brot

Diverre er dette ei av historiene som ikkje heilt er ferdig med barnesjukdommane til Überpress. Strømsvåg målar ut møtet mellom den eldre bonden, ein ungdommeleg luringgud og ein majestetisk tordengud på ein truverdig og medrivande måte. Men midt i sjølve spenningstoppen kjem eit unødig stil- og stemningsbrot, som til alt hell ikkje er meir utbrodert enn at Fjærkre likevel vert ein av seriane som heng mest i etter lesing.

Überpress sin øvsteprest, Are Edvardsen, har òg eit bidrag i antologien, «Pinkerton».

Fenomenologiske cowboyar og kjønnsrollerodeo

Erlend Kvam Pedersen, som har hatt Rygg og katt i Dagbladet, står for ein av dei artigste og mest solide seriane. Denne leikar seg fram mot ein filosofisk slutt med anakronismer og lakonisk humor. Ekte cowboyer bruker ikke solbriller er teikna enkelt og smakfullt, og fargebruken gjer akkurat nok ut av seg. Der Rygg og katt kanskje har ein litt vel grovkorna humor, er dei mest groteske bitane her pussa ned.

Vår meldar er begeistra for Erling Kvam Pedersens «Ekte cowboyer bruker ikke solbriller».

Strammare historieforteljing

På andre sida av øydemarka greier også Johann Grimstvedt i Ingen land for unge menn å unngå sine mest brutale impulsar, og leverer i staden ei stram novelle med ei vending som sit som eit skudd. At Grimstvedt ikkje har plukka fram Geir Onimo-figuren han har brukt i tidlegare Überalbum er litt rart med tanke på temaet, men det er eit teikn på utviklinga til gjengen at også den mest utagerande av dei har valt å stramme opp historieforteljinga og legge frå seg kanona til fordel for litt finare kaliber ei stund.

Noko finpuss manglar

Og han er ikkje åleine om å ha heva nivået på historieforteljinga samanlikna med dei første utgjevingane frå Überpress, og Überwestern er eit sterkt album. Fleire av historiene kunne rett nok, som nemnte Fjærkre, hatt godt av litt meir finpussing. Nokre blir litt tunge på labben og forklarar for mykje, medan andre blir i overkant obskure. Eit døme på det siste er Overtid, der Kim Holm og Jamie Turville spelar ut ei nær formfullendt novelle om ei tid i endring. I kryssinga mellom Holms utsøkte stil og Turvilles evne til å bygge ei større forteljing ved å fortelje delar av den, saknast det berre litt meir vilje til å førebu lesaren på slutten. Det ville gitt den meir tyngde.

Siger på fortent walkover

Det er ikkje mykje anna som liknar Überalbuma i Noreg. Überpress har heilt frå byrjinga søkt profesjonalisering hos seg sjølv, framfor å vere eit stigbrett vidare eller eit internt venneprosjekt. Überpress har difor heile tida vunne si klasse på walkover.

Illustrasjon: Kristoffer Lindseth

I byrjinga var det aller mest overlegne ved Überpress redaktøren si velutvikla evne til kreativ sitering frå omtalar av utgjevingane, men med ÜberWestern har endeleg sjølvtillita i seriane nærma seg sjølvtillita i marknadsføringa. Det er difor god grunn til å plukke opp dette ferske albumet, og å sjå fram til neste album. Særleg om dei held fram med å utvikle seg i dette tempoet.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.