I år fekk hiphop-duoen Far & Son, som består av Frej Larsson og den svenske serieskaparen, rapparen, podcast-verten og komikaren Simon Gärdenfors, vite at Putin eig ei ubebygd strandtomt på ti hektar på Åland. I begeistring sneik dei seg inn på tomta og bygde ein fullskalamodell av homoklubben “The Blue Oyster” frå Politiskolen-filmane.

Å seie at nokon er ein av landets “mest særeigne stemmer” er som regel ein eufemisme for “klin sprø, men produktiv”. I dette tilfellet synest eg det er treffande. Gärdenfors sin tematikk er systematisk barnsleg og dum, ei av bøkene heiter ganske enkelt “nybuskis” og er ei Ivan Brunetti-aktig samling “buskisvitsar”, einruters grovisar. Han har teikna i MegaPyton, og rappar om sex og dop. Så langt er alt ok. Men kombiner dette med at Gärdenfors er son av Peter Gärdenfors, professor i kognisjonsvitskap, og at alle tilfella av dekadense i kunsten hans tilsynelatande går ut på å reindyrke dekadensen han ser i andre kunstnarar sine verk. Som ein mindre misantropisk Christopher Nielsen, med beina godt planta i ein pasjon for smågodt-emballasje og prøvesmaking av nye typar mat, handlar Gärdenfors sitt prosjekt om å nyte mest mogleg av livet, på flest mogleg vis, utan å skade nokon. Han er sårbar utan å verte sytete, formsterk utan å verte ironisk distansert.

Rapkarrieren

For å starte med rapkarrieren: Soloskiva Att leva med skammen er Sveriges, og kanskje planetens, morsomste rapskive.

Inte

Jag gifte mig med henne för det verkade jobbigt att göra slut

Elda med papper

Universet er, som du høyrer, så nær sjølvbiografisk som mogleg. Og svenskane har alltid vore gode på sjølvbiografi, gjerne med litt triste, sjølvforaktande trekk. Antologien Galago har til ei viss grad skapt denne trenden, sjefredaktør Roffe Classon sin smak har truleg prega fleire generasjonar av svensk undergrunnsseriehumor. Det som skil Gärdenfors frå svenske kolleger som Mats Jonsson, Åsa Grenvall og Martin Kellerman, er at dei tre føregåande held seg til ganske strenge visuelle skjema. Kameraet er ganske statisk, ruteoppbygginga er tradisjonell og lettlest.

Galago-seriar

Gärdenfors starta med ein tilsvarande forteljestil, som i kortserien “Min prao” der han skildrar veka si med “praktisk arbetsorientering” på ungdomsskulen. Allereie her er figurane hans så aggressivt søte og tyggisaktige at dei stikk seg ut mellom dei andre sin tilstreba skitne realisme. Historiene har alltid ein vri, den tradisjonelle sjølvbiografiske stilen vert alltid forpurra av Gärdenfors sin hang til lyging eller overdramatisering. Prao-historia endar med at Gärdenfors, som jobbar på gamleheim, endar opp med å ha sex med ein av pensjonistane, og når han kjem tilbake etter at prao-veka er over, er ho død. “Det var alltså min första gång …och hennas sista.” “Simon Gs sista serie” handlar om korleis han har blitt kristen og bestemt seg for å slutte å lage teikneseriar. Ikkje fordi det er ukristelig å lage seriar, men for meg har seriar blitt for stort, det står i mellom meg og “mitt forhållande til Gud.” Begge desse historiene, og andre småhistorier frå Galago og MegaPyton o.l., kan ein finne i samleboka «Hobby«, som vart trykka i 1000 eksemplar og inkluderer ein plastfigur av Simon.

Simon og Gud

Det er ikkje umiddelbart tydeleg kva han vil med “Simon Gs sista serie”. Den er noko så sjeldant som ein serie om religion som ikkje er ei spydig satire om religiøsitetens idioti. Tvert imot er kristendommen han påstår å ha vendt om til både realistisk og sympatisk. Serien er meir som ei utforsking av korleis det ville sett ut om han faktisk hadde slutta med teikneseriar, og ei fin skildring av eit grublande menneske si hardt tilkjempa åndelege oppvakning. Dritfint, altså, bortsett frå at alt berre var tull. Simon var på plass med nye teikneseriar allereie i neste Galago.

Lura mig!

Det er dermed god grunn til å tru at prao-historia også er bløff. På podcasten sin, Arkiv Samtal, kjem han stadig inn på sine forskjellige livsfaser og utfordringar (han er oppteken av å ikkje bli feit, i ein av episodene med Henrik Bromander var temaet dilemmaet mellom å oppleve nytelsesmiddelet “mat” og nytelsesmiddelet “sex”) – men han nevner aldri å ha hatt prao-sex eller ei kristen-periode. Så eg puttar det i kategorien bløff og fanteri.

Med Lura mig! skildrar han akkurat det: gleda over å bløffe opp myter om seg sjølv. Rundt Lura mig! byrjar også tendensen med å gi historiene sine ein fiksjonalisert twist å ta slutt, han vert meir ærleg. Til gjengjeld vert formspråket meir sprelsk, og inspirasjonen frå godisförpackningar (han samlar på godteriemballasje frå mange land) kjem sterkare og sterkare fram.

Simons 120 dagar
Den første heilt realistiske serieromanen hans, tvungen til realisme fordi prosjektet i seg sjølv er så sprøtt, er Simons 120 dagar. Gärdenfors erklærte på websida si at alle fans kunne ha han som gjest, han skulle bu hos ulike folk som inviterte han til overnatting i 120 dagar. Deretter skulle han lage serieroman om tinga han opplevde. Sjølvsagt får han seg kjærast rett før han skal ut på reisa, og slår opp med henne fordi han føler dei 120 dagane krevjer ein singel Simon. Dette valget, av kunsten framfor livet, frustrerer Simon. Men utover ei side med gråting kjem ikkje Simon til nokon særleg imponerande innsikter. Trass i at boka var ein suksess er den for meg ei av dei minst interessante: Den kjennest ikkje ut som meir enn ei rekke sex- og spesielt doprelaterte anekdoter. Bra gjort, men litt for billig publikumsfrieri i forhold til dei meir forvirrande prosjekta han jobba med før.

Men, som ofte skjer med publikumsfrieri: Simons 120 dagar vart ein suksess. Boka kom ut på engelsk på Top Shelf Comics og vart eit slags gjennombrot. Og dei aller fleste kritikkane var svært begeistra, så eg kan ha teke feil (hehe LOL sjølvsagt ikkje). Boka er kul og bra, og heile idéen med å følgje eit konsept så beinhardt er fantastisk nok i seg sjølv til å rettferdiggjere heile greia – det er ikkje hans feil at han ikkje gjekk gjennom ei spesielt stor menneskeleg utvikling akkurat i den perioden boka føregikk, og det er jo truleg noko slikt eg saknar som gjer at boka kjennast litt flat.

(Ved nylesing av boka til denne artikkelen, oppdaga eg masse detaljar og snacks som eg hadde gløymt. Han går gjennom enormt med emosjonelle svingingar og blottstiller si sjel totalt, så kanskje min skuffelse handla meir om at eg hadde enorme forventingar.)

Nybuskis

Nybuskis er rett og slett ei samling vitseteikningar, tilsynelatande i same gate som Ivan Brunetti sin “HAW! Horrible, horrible cartoons”. Tanken var å vere ekkel og kvalm. Gärdenfors er likevel så trygt plassert innanfor gjengs svensk korrekthet at han aldri lagar kvalm på ekte.

Død kompis – formsterk triumf
Så kom Død kompis, som vart eit kritikarmessig gjennombrot for Gärdenfors. Hedonismen og leikelysta frå dei andre bøkene er intakt, men alle dei ville episodane i boka handlar om livet og døden til Simon sin gode venn Kalle.

Kalle, ein type som kan legge tissen sin i eit pølsebrød og dandere løk og ketchup på den, er også i stand til å klemme ein gråtande Simon når ein vits går for langt. Blandinga av nybuskishumor vennar imellom og ekte klump i halsen, fekk avisene til å snuble over kvarandre med ros.

  • «Stort» –Aftonbladet
  • «Ett av de mest solida verken jag sett» –Litteraturmagazinet
  • «En bok som är lika fantastisk som den är snyggt formgiven. […] Har du aldrig läst en serieroman är det med den här du ska börja. För det här är på alla sätt och vis ett praktverk!» –Nya Wermlands-Tidningen

Far & Son

Parallellt med dette brukte han podcasten sin, Arkiv Samtal, til å annonsere sine opptredenar som komikar, sine bøker og sine live shows med Frej Larsson (som rapduoen Far & Son).

«Han gillar allt som är dubbelt, inte bara margarita – Rochelle Rochelle, tse tse, cous cous …»

Dubbel Margarita er ein hyllest til ein fyr dei såg i ein bar. Men den er også ein forlengelse av det biografiske prosjektet, fokuset på mat og nytelse, fokuset på dekadense, og fokuset på dårlege førebilete. Låta er om bortimot ingenting: Mr. Dubbel Margarita sit og et pizza og drikk drinkar, og dette gjer han med så stor glede at Far & Son finn det verd å hylle han. Eg nyter spesielt verset der Gärdenfors prøver å bruke alle ord han kan som er “doble” til eit av versa – denne systematiske måten å skrive på går igjen i nyfiken brun og bronsfeber. Det å skrive rim så konstruert er ein kontrast til realismen i sangens tema. Så her er den igjen, akkurat som i seriane: Miksen av ekstrem formalisme med kvardagens små detaljar. Det er nok til at vi kan kalle Simon G rappens Seinfeld.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.