Meisterleg Peer Gynt-adapsjon!

Geir Moen og David Mairowitz imponerar vår anmelder stort.

Hausten 2012 var nokre av teikningane Moen jobba med til Peer Gynt del av Grafill-utstillinga 12R21. På spørsmål om når boka ville vere klar, svarte han “Den blir ferdig når den er ferdig”.

Nært perfekt

To år seinare kjennes det vanskeleg å seie så mykje anna enn at deadlinen er nådd. Peer Gynt i Moen og Mairowitz si støyping har berre to svake punkt: Fordi det er ein teikneserieadapsjon av eit omfangsrikt stykke, går det eit par stader litt fort fram, og det finst andre delar av stykket som også ville vore ei glede å sjå teikna av Moen.

Eventyrleg sterk visualisering

Teksten er noko modernisert, men framleis på rim. Det tar vare på originalen på ein svært vellykka måte, og står godt til Moens stil. Det tradisjonelle bygger opp om det høgverdige, og passar godt til illustrasjonane.

Illustrasjon: Geir Moen
Illustrasjon: Geir Moen

Moen sitt uttrykk har aldri vore særleg sjenert. Men fordi det er ei eventyrleg sterk visualisering bygd på eit kraftfullt stykke, som i utgangspunktet var meint for lesing, ikkje scena, hender det at Moen og Ibsen kjempar om merksemda. Det er lite rom for nokon av dei til å gå utanom.

Vellykka kutt

Når det er sagt, har Mairowitz gjort svært godt arbeid med å omforme dramateksten til eit handterleg manus. Sjølv om store mengder av dramaturgisk oppbygging har måtte bli kutta frå Ibsens tekst, kjennes resultatet likevel ikkje som ein illustrert klassiker slik eg hugsar dei frå barndomen. Materien er ikkje forenkla, berre komprimert. Figurane er stadig like fulle av liv, og sjølv om Peers motivasjon er vanskeleg å feste hendene rundt, er han ikkje vanskelegare å møte enn hos Ibsen.

gynt3
Illustrasjon: Geir Moen

I ei halvhjerta tolking vil ein alltid ende med stader der ein spør seg om kva som eigentleg førte ei scene til den neste, og det er berre eit ytterst flyktig fenomen hos Mairowitz og Moen. Dei gjer ei strålande oppsetting, og utnyttar teikneseriens moglegheiter for samanstilling av hendingar på ulike stader og i ulike tider til å løfte teksten. “Slott over slott seg bygger!” seier Peer. Så også her.

Knapt sett maken

Moen er ikkje mest kjent for å leite fram finpenslane og dei nøyaktig spissa blyantane når han lagar teikneseriar. Frå Ghasp og Blodøks til De fire store har det heile tida vore meir Lobo enn Kittelsen hos han. Når han nå tar for seg Peer Gynt får han også utløp for ei anna side. Her er han like god i det delikate og vare som han er i det grovskorne, brutale og overdimensjonerte.

Illustrasjon: Geir Moen
Illustrasjon: Geir Moen

Han har valt å jobbe dels i diskret sepia og dels sterke, mørke primærfargar, og kontrasten er framifrå. Særleg i dei meir jordnære delane legg han fram blyantnyansar og skyggeleggingar norske teikneseriar knapt har sett maken til utanfor Knut André Solbergs teikningar i Futen.

Industrielle tendensar

Det er også ei fryd å sjå korleis han grip moglegheitene som ligg i stykket, og mellom Dovregubben med hoff og knappestøyparen er det rikeleg med spelerom for Moens ubehagelege og industrielle tendensar. Når han får moglegheita til å ta den heilt ut, er han vel så god som når han underspelar, og ikkje éin gong kjennes det ut som han gjer unødig vald på stykket. Det heile er riktig.

Illustrasjon: Geir Moen
Illustrasjon: Geir Moen

Ein kunne skrive sidevis om Moens teikningar i denne boka, om anatomien til figurane, om visualiseringa av Peers aldring, om stilblanding, stilisering og realisme, men det blir eigentleg fånyttes, ein må lese boka sjølv.

Overnaturleg flott tolkning

Mairowitz og Moen har med denne utgjevinga gjort ei overnaturleg flott tolking av Ibsens stykke. Dei har gitt Peer, denne merkverdige og forlokkande etterkomaren av Münchausen og Faust, eit monument som ikkje står tilbake for historiene hans. Takk for skyss.