På tegnebordet: Øystein Runde

Teikneseriar redda Øystein Runde då han skulle være statist i filmen "Snømannen".

På fotoet øverst ser vi eit mykje brukt kontor: Senga mi.

Jada, eg har proffare løysingar. Eg har til og med designa og bygd mitt eige teiknebrett, med justerbar pleksiglas-plate, som både kan funke som lysbord og justerbart teiknebord.

Øystein Runde

Teikneserie Teiknarens Intelligente Patent-bord (TTIP) kan foldast ihop til ein gjennomsiktig portfoliokoffert som blygt viser fram originalane dine til alle du går forbi.

Det kan også kjapt forvandlast til eit tøft, bærbart politiskjold (rundstokken som held bordet i vinkel kan eg dra ut og bruke som batong).

Øystein Runde

Men det heimekonstruerte teiknebord-transformers-monsteret mitt viste seg å vere ti cm for stort til å vere praktisk, så i realiteten brukar eg det same som før, eit finérbord frå www.tegne.no

Øystein Rundes sengekontor.

Før hadde eg eit fancy, justerbart arkitektbord, på eit kontor saman med Bendik og Flu og Kristoffer, det fantastiske Krampoteket i Torggata. Men det var sopp eller asbest eller noko i veggane som gjorde at eg hosta innmari mykje. Og så tok det veldig mykje av mitt fokus å følge med på alle dei spennande greiene som dei andre lagde. Så eg flytta ut, og då hadde eg ei tåkete periode med mange rare kontor. Ryktet du henviste til, om at eg har teikna ståande inne i eit kott, er kanskje frå denne tida. Eg hugsar ikkje om det er sant, men eg hadde noko på Hausmania som eg har fortrengt . Det einaste eg hugsar var at eg ein gong gjekk tom for dopapir og måtte tørke meg med ein original Flu. Han tok det fint.

Men eg har ikkje såååå ofte bruk for kontor lenger. Eg teiknar på kafé, i park, under talene på Gyldendals høstfest, på toget, på flyet, på stranda, og så scannar eg det i ein bærbar rullescanner, Canon P-215ii. Eg saknar samhaldet og fokuset i eit kontor, men tydelegvis ikkje nok.

På fotoet øverst ser vi eit par sider som eg droppa frå mammutboka “Hvem drepte Ibsen”, då impro-reglane eg fulgte gjorde at historia av og til gjekk ENDÅ meir av sporet. Eg gjorde alt i Moleskine.

Knut André Solberg teikna Futen-boka i gigantiske Moleskine-bøker, og då han gjekk tom for pengar måtte han teikne på noko tilfeldig papir han hadde liggande. Kvaliteten på streken droppa så akutt at eg måtte springe ut og kjøpe han ein ny gigantisk Moleskine. Det er ingenting som er like absurd og imponerande som Knut sine svære bøker fullasta med perfekte futen-originalar. Etter det byrja eg å teikne seriane mine i Moleskine-bøker.

Papirkvaliteten i Moleskine sketch var faktisk på nivå med Schoellershammer og Fabriano Tecnico. Den tilsynelatande høge prisen var ikkje så høg likevel. Men Moleskine kom brått med noko dei kalte “nytt og betre papir”, og det får streken til å blø. Då mista dei forspranget sitt. No for tida testar eg ut nokre 30-kroners tilsynelatande drittbøker frå Flying Tiger, dei blør ikkje. Her, nokre blodceller frå neste bok, i den billige skitboka:

Øystein Runde

Eg har teikna mykje på Bjølsen Bakeri. Eg har ikkje lydbøker lenger, eg har Spotify Discover Weekly-lista, eller berre lyttar til alt som skjer rundt meg. På eit tidspunkt sat Karpe Diem ved sidan av meg og lo. Dei hadde lurt Mohammed Fadlabi til å tru at nordmenn feira pinse til minne om då Jesus gjenoppliva eit pinnsvin.

Og så fekk eg teikna mykje då eg var statist i Snømannen-filmen. Dei trengte så mykje folk at alle fekk noko. Eg fekk vere politimann. Første dagen prøvde eg veldig hardt å utstråle at eg var politi. Då vart eg flytta ut av biletet og opp på eit tak. Neste gong eg var på sett, ga eg blaffen og berre sette meg i ein sofa, i polituniform og med pistol, for å teikne.

Eg håpte jo Fassbender skulle kome bort og seie “åh kult”, men det gjorde han ikkje. Rebecca Ferguson gjorde det då, men eg hadde på det tidspunkt ikkje sett Mission Impossible: Rogue Nation, så eg tenkte berre at det var ei heilt vanleg ufatteleg pen kvinne som komplimenterte meg. Kvardagskost.

Sidan eg var den einaste politien som såg ut som eg var oppslukt av jobben min, vart eg plassert midt i politikontoret då dei starta opptak med Fassbender, under ordre om å fortsette med “whatever you’re doing”. Så når Harry Hole og Katrine Bratt møtast i filmen, sit eg bak dei og teiknar Olav Sleggja.