I’m a girl, it’s fantastic samlar fire teikneseriar frå Ida Neverdahl, som ho har laga mellom 2014 og 2016. Både i form og forteljing viser ho i denne samlinga evne og vilje til utvikling, og samlinga forsvarar trygt den panegyrikken kollega Ola Olsen Lysgaard opnar med i forordet. Når ein har lest samlinga ferdig, byrjar ein raskt å glede seg til meir.

Seks år etter at Neverdahl plutseleg vart eit namn som gav gjenklang internasjonalt, er det grunn til å glede seg over at nivået berre blir høgare. Det er framleis absurde samanstillingar, nokre funderingar over kreativitet og adekvate mengder kroppsvæsker, men samanlikna med Moskva og Gelé er det påfallande færre einhjørningar og regnbogar.[infobox] 

Kreativitet

Opningsnovella Polarnatt er ein tyngre refleksjon over kreativitet enn Like an artist, serien som for alvor gjorde Neverdahl kjend, men den er på eit vis eit naturleg framhald. Der Like an artist leikar med kreativ utvikling, frykt for å satse og nervøsitet for å ikkje vere god nok eller å greie å kome vidare, gir Neverdahl hovudpersonen i Polarnatt akkurat det ho ønsker seg: ei evig kreativ natt. Som det ofte er, finst det ei hake ved å få det ein ønsker seg. Uendeleg kreativitet er som uendeleg liv – det høyres mest forlokkande ut før ein har det.

Polarnatt (Ida Neverdahl, Jippi Comics)
Alt ein kunne gjort om ikkje ein var så trøytt

Sosial intelligens

Dei tre andre novellene er laga mellom 2015 og 2016, og viser alle ei meir sosialt orientert side ved Neverdahls teikneseriar. Der Polarnatt, som Like an artist, mest er vendt mot seg sjølv og skaparen, verkar Sulten, Tormented ghost cum og tittelhistoria til saman som ei rørsle utover. Samstundes går teikninga mot ein grovare stil, med meir avmålte fargepalettar. Der opningsnovella skildrar ein kunstnar i kunsten, er resten av samlinga skildringar av jenter i verda. Og det er fantastisk. Novella med anoreksi framstilt som eit ytre monster som har blitt viktigare og nærare enn folka rundt, har ein Miyazaki-aktig tone. Som med Miyazaki, finst Ida Neverdahl sine historier ein stad mellom det fantastiske og det magiske.

Miyazaki, eat your heart out (Ida Neverdahl, Jippi Comics)
Miyazaki, eat your heart out

Rørsla utover er også ei rørsle mot inkludering: Forteljingane flyttar seg frå den individuelle funderinga over tyngande kreativitet og skapande einsemd, via utanforskap årsaka av sjukdom, til byrjing på ny kjærleik gjennom å gje slepp på det gamle. Det heile kulminerer i ein open og uttalt sjølvaksept, som er sterk nok til å omfamne det som truar, og inkludere det. Gjennom denne utviklinga blir teikningane råare og meir sjølvsikre. 

Ta en potet, ta gjerne fire, ta åtte, ta alle (Ida Neverdahl, Jippi Comics)
Ta en potet, ta gjerne fire, ta åtte, ta alle

Gåsehud

Teikneseriar er på sitt beste eit kraftfullt medium, med ei heilt eiga evne til å dra ein inn og skape empati og identifisering. Med I’m a girl, it’s fantastic viser Ida Neverdahl igjen at ho har full kontroll. Kvar side er eit eventyr eigna til å skape sitring og gåsehud. Fantastisk.

Mens vi ventar på at nokon skal kome (Ida Neverdahl, Jippi Comics)
Mens vi ventar på at nokon skal kome
Kyrre Matias Goksøyr
Litteraturvitar. I juryen for Kulturdepartementets priser for barne- og ungdomslitteratur 2018-2022. Har tidlegare vore redaktør for Norsk tegneserieforums Bobla og presseansvarleg for Oslo Comics Expo.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.