Ved foten av Mount Te Aroha hadde Dawn og Doug King leigd sitt første hus saman. Fram til då hadde dei budd i eit militærtelt, men no venta dei sitt andre barn og hadde behov for meir plass. På grunn av fjellet, ein naturleg kondensator, var det stadig skiftande veret som preger New Zealand ekstra fuktig akkurat rundt King-familien sitt hus, og huset låg i eit gneistrande overflødigheitshorn av grønt. Doug, som var maorilærar, var rekna som ein av stammen trass i at han var pakeha, europear, og hadde tilnamnet takarangi, lærar. I 1951 vart Susan fødd, og foreldra hennar ga henne mellomnamnet te kahurangi, «den verdsette».[infobox]

Utan tittel, ca 1965. Blyant og fargeblyant på papir. 26 x 20.3 cm

Ho vart diagnostisert som sterkt autistisk, og i fireårsalderen slutta ho å snakke. Til gjengjeld teikna ho aktivt. Blyant, tusj, fargestifter, kva som helst, på alt papir som ho kom over. Brevpapir, offentlege skjema, konvoluttar. Susan var nummer to av det som etterkvart vart tolv born, så det var eit fullt hus. Ungane fauk stort sett rundt i naturen og på fjellet, men Dawn passa på å samle og datere det meste av Susan sin produksjon.

Utan tittel, ca 1965. Blyant og fargeblyant på papir, 27.9 x 22.9 cm.

Bråstopp

Susan produserte som ein foss fram til ho var 26. Då stoppa ho. Familien tok vare på alt, sørga for utstillingar, men ville ikkje selge noko av det, for det var ikkje mogleg for dei å finne ut om Susan ville dei skulle selge kunsten eller ikkje. Kunstnaren sjølv mangla både muntleg og skriftleg språk, så syskena følte ikkje dei kunne splitte opp hennar livsverk.

Dokumentaren

I 2006 byrja filmskaparen Dan Salmon på ein dokumentar om henne, og den førte til stor begeistring. Kuratorar og kunstkjennarar tok kontakt, og Susan si første utstilling vart arrangert, på Peter Fay gallery i Sydney. Susan, som elles ikkje alltid var så kommunikativ, hadde ein reaksjon på merksemda:

Etter tjue års pause, like brått som ho hadde slutta, byrja Susan å teikne igjen.

Yeah, ho er tilbake
Yeah, ho er tilbake.

Gjenoppstandelsen

Susan Te Kahurangi King teiknar framleis, og systrene, som driftar facebookprofilen til Susan, legg stadig ut nye og gamle teikningar der.

Ein youtube-snutt frå ei av utstillingane hennar er her.

Dokumentaren til Dan Salmon kan ein lese meir om her, og sjå for 7 dollar her.

Men er det teikneseriekunst?

Korleis passar ein kunstnar som Susan King inn her, på teikneserienettstaden Empirix? Eitt svar er at ho har teikneseriefigurar som motiv. Men i så fall kunne vi putta Erró og Roy Lichtenstein inn her også, og det gjer vi ikkje.

Er det fordi King er kvinne, og redaktøren var på jakt etter ein kvinneleg seriehelt frå meg? Kanhende. Men King er verken seriefigur eller serieteiknar.

Nei, det som puttar King i teikneseriebåsen for meg, er det kunsten som kjem ut av henne, er reint språk. Scott McCloud sin teikneseriedefinisjon insisterer på at teikneseriar er bilete i romleg sekvens. Slik sett er det meir logisk å seie at det meste av King sin kunst er «kunst». Men Susan King er ein underdog i kunstverda, ho blir rekna i kategorien «outsider artist».

Linken til andre gærningar

Gary Groth i Fantagraphics, eller nokon annan som eg har gløymt, skildra Lewis Trondheim sin energiske og uhemma kommunikative teiknestil som «comics as handwriting». Dette er endå meir relevant når ein snakkar om Kahurangi King, fordi i fråveret av handwriting generelt, og av verbalt språk, er dette å rekne som språket ho har. Autisme er jo nettopp, grovt forenkla, at ein ikkje klarer steget frå å sjå alle dei individuelle brøda ein ser i butikken til å kunne snakke om det generelle konseptet «brød». Det ho lagar er dermed så nær ho kan kome å formidle si verd til oss.

Altså: Når det som kjem ut av henne potensielt er meint som språk, ho leverer det i ein sekvens (i tid, men ofte også i rom, som over), det er teikna, og ho ikkje sjølv kan insistere på at det ho lagar skal lesast i ein kunst-kontekst, då føler eg eg står fritt til å knabbe Kahurangi King på vegne av teikneseriemediet. Det er nok til alle, så kunsten kan også få.

«Teikneseriar» eller «kunst»?

For dei som er lutfattige kunstnarar og ser Frode Øverli og Lise Myhre breie seg i avisene kvar einaste dag, er det noko litt komisk over teikneserieskaparane sitt syn på seg sjølve som underdogs. Men Noreg har ikkje noko teikneserieakademi – medan det finst kunstakademi ikkje berre i Oslo, Bergen og Trondheim, men også i Tromsø. Denne mangelen på institusjonar, og at teikneseriekunsten er fullstendig driven av snodige enkeltindivid, er med og definere kva teikneseriar er i Noreg. Men sjølv i land med sterke teikneserie-institusjonar (altså Japan), er teikneseriar djupast sett tufta på eit enkeltindivid som er så fikserte på teikneserieprodusering at det grensar mot autisme.

Det er difor det er lett for meg å identifisiere meg med Susan Te Kahurangi King.

Øystein Runde
Øystein Runde er tegneserieskaper kjent blant annet for superheltparodien Bjartmann, bøkene Olav Sleggja og Berserk, samt faktaboken Stamceller. Han har også skrevet tegneseriene Futen og De fire store.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.