Anja Dahle Øverbye er kunstneren bak den grafiske romanen Hundedagar (2015) og fanzinen Kreft (2015). For den nye utgivelsen har hun brukt enda lengre tid enn før ved tegnebordet.

Bergen har vært et tre år langt arbeid. I den nye boka tar Øverby for seg et år i Bergen, fylt av depresjon og kjærlighetsdrama. Fra fotografiene hun har sendt oss kan det se ut som at figurene fra den forrige boka har blitt mørkere, modnere, skitnere i sminken. Perfekt til den nesten kull-aktige, dype atmosfæren i tegningene hennes.

Dahle Øverby (f.81) er tegneserieskaper, illustratør og redaktør i forlaget Blokk. I 2016 vant hun Årets tegneserie for Hundedagar, og siden har hun vært et kjent ansikt i tegneserie-Norge. Forfatterskapet hennes er preget av selvbiografiske elementer som oppleves universelle, nære. Tegningene hennes leker med en aura av ensomhet.

Anja Dahle Øverbye

Vil du fortelle litt om hvem hovedpersonen i den nye boka di er?

Hovudpersonen, Maria, er student i Bergen. Me følg ho gjennom eit år prega av depresjon og kjærleiksdrama, og me ser korleis ho gradvis blir dårligare og dårligare i en sjølvdestruktiv spiral. Mørkt sosialdrama, min favoritt!

Hva fikk deg til å begynne på prosjektet?

Ideen modna i bakhovduet medan eg skraverte Hundedagar, og det er ein slags fortsettelse av historia. I utgangspunktet skulle det være samme hovudperson som i Hundedagar, men det gjekk eg vekk frå då det ikkje kjendes riktig. Så sånn sett er det vel ikkje ein oppfølgar lenger. Det var uansett ein naturlig stad å gå tematisk frå Hundedagar, og eg visste ganske tidlig at eg skulle lage denne historia.

Kva som skjer på teikneseriefronten etter Bergen veit eg ikkje enno. Det einaste eg veit er at eg ikkje skal skravere 120 sider igjen med det første.

Hvordan har prosessen med Bergen vært i forhold til prosessen bak Hundedagar? Er det sånn at arbeidet med andreboken er vanskeligere enn med den første?

Prosessen har vore både verre og bedre. Bedre i det at eg hadde ein klarare visjon for historia heilt frå starten, men verre i det at det er eit mykje større prosjekt. Med Hundedagar berre byrja eg med ei scene og bygde ut frå det, uten å heilt vite kor historia skulle i starten. Eg hadde ideen til andreboken klar, så då Hundedagar gjekk i trykken starta eg med manuset til Bergen med ein gong.

Denne gongen hadde eg manus og storyboard meir eller mindre klart før eg byrja å teikne, men det var ein seig prosess å få det fram. Bergen er på 120 sider, så det er eit omfattande og krevjande prosjekt som vil ha tatt tre år frå byrjing til slutt, no når eg snart er ferdig. Så prosessen har vore hard for at det er ei lang historie, ikkje for at det er den berømmelige «andreboka».

Bergen Anja Dahle Øverbye
Paletten i svart-hvitt og blyantstrukturen, som noen steder er svart som kull, noen steder florlett, er svært gjenkjennelig i Øverbys arbeid. Den sarte men delikate tegnestilen gir rom for de uttrykksfulle og ettertenksomme ansiktene i karakterene hennes, og hun tar arbeidet til et høyt nivå når hun tegner landskap med drøy teknikk.

Jeg synes blyanttegningene dine har en dybde som får deg til å skille deg ut i det  norske tegneseriemiljøet. Kan du si litt om det å tegne med blyant?

Eg har jo teikna i alle år, og mest med blyant. Då eg byrja med teikneserier berre fortsatte eg med blyanten, uten å ta noko som helst «standpunkt» til det som teknikk. Det er óg ein teknikk som underbygger den stemninga eg ofte går for i historiene mine. Men det å teikne med blyant er ikkje eit aktivt valg eg har tatt, det er rett og slett det som funker best for meg og streken min. Og skal ein teikne 120 sider er det greit at sjølve teknikken er plankekøyring.

Når det er sagt, så teikner eg med alle slags andre teknikkar ellers. Eg elskar å skisse med blekk eller trykke linotrykk eller leike meg med oljepastell. Eg har vore innom det meste oppgjennom åra. No har eg byrja å jobbe meir digitalt, så kanskje det kjem noko anna enn blyant frå meg etterkvart?

Angående blyant… Har du et triks for å unngå at blyet «blør» utover tegningen når håndflaten er nær det?

Eg legg eit papir mellom hånda og arket. Men no som eg er ute etter ein meir «kladdete» strek, lar eg nesten alt som er smitta over berre bli. Eg skraverer berre med 5B no, så det blir litt grums dratt utover, men ellers bruker eg knetgummi for å fjerne det som eg ikkje vil ha med.

Bergen Anja Dahle Øverbye

Men hva gjør du når du blir lei under skraveringen av 120 sider?

Eg teikner opp ruter, skisser og skraverer ca fem sider av gangen, så da blir det meir variasjon. Men ellers er det berre å køyre på likevel, sjølv om ein blir lei.

Har du noe på tegnebordet som inspirerer deg?

Eigentlig alt teikneutstyret mitt. Eg blir inspirert av å sjå på godt brukte blyanter og gamle skissebøker. Synes i grunn kroken min er ganske hyggelig, og det er ein stad eg har lyst å bruke tid. Eg blir óg inspirert av alle bilda eg har hengt over skrivebordet, samt notater med ting eg ikkje skal gløyme.

Hvor står tegnebordet ditt?

Det står i ein krok på kjøkkenet mitt! Eg har valgt å ha heimekontor, og eg synes det funker veldig fint. Det blir mindre logistikk i kvardagen når alt er på ein stad, pluss at sonen min på seks år er ein ivrig teiknar og benytter seg av alt utstyret mitt på ettermiddagene.

Hvor mange timer sitter du ved det hver dag?

Kanskje sju-åtte? Iallfall på ein bra dag.

Bergen Anja Dahle Øverbye

Hva er det med tegneserieformatet som tiltrekker deg?

Kort fortalt; tid og tempo. Eg synes det er veldig spanande å sjå korleis ein kan forandre på tid og stemning med virkemidla i teikneserieformatet, og kor mykje ein kan få fortalt med berre nokre enkle teikningar og eit par replikkar.

Eg synes óg det er gøy å jobbe med dei individuelle rutene, som både må fungere på eiga hand og saman med dei andre rutene på sida. Det er som ein kabal som må gå opp, spesielt i dialogtunge avsnitt. Korleis få dei sidene til å bli visuelt interessante, og samtidig ikkje repetere dei samme motiva? Det er veldig gøy når ein får flyten, men veldig frustrerande når ein står fast.

Bergen Anja Dahle Øverbye
Anja har ikke bare egne tegneserier på tegnebordet. Hun er en av initiativtakerne som skal ha ære for at tegneseriemiljøet i Norge gror godt om dagen. Sammen med Ingrid Flognfeldt Brubaker (t.v.) startet hun forlaget Blokk i 2016, og i 2017 gav de ut sin første antologi, Byrjing. (Foto: Charlotte Wiig)

Jeg må si at jeg ble veldig entusiastisk da jeg fikk nyheten om at det skulle komme en ny tegneserieantologi her til lands. Med Blokk syns jeg dere henter frem nye navn og gir nytt liv til et tegneserie-Norge som har mange gode kunstnere, men som er tjent med et bredere felt. Hva er målet med forlaget?

Målet vårt er å ha det gøy og gi ut fine ting! Me jobbar jo mykje med teikneserier, men for å ikkje gjere noko som allereie er gjort før, har me jobba aktivt for å finne nye namn og mikse teikneserier med andre sjangre. Byrjing var først ute, der me hadde med eit skjønnlitterært bidrag i tillegg til teikneseriebidraga.

I vår neste antologi, Fragment, har me med enda fleire bidrag frå andre sjangre. Foto, tekst og teikning utgjer ein ganske god del av prosjektet. Me har ikkje ein avgrensa profil for forlaget, men velger prosjekt etter kva me synes er spanande å jobbe med, og kva me blir inspirert av.

Å idémyldre eller reise på festival med medredaktør Ingrid Brubaker er noko av det kjekkaste eg veit, og skal ein drive eit lite forlag over lengre tid må ein sørge for at det er gøy. Det er ein bransje uten dei store lønningane uansett, så då kan ein like gjerne satse på dei prosjekta som får hjertet til å hoppe eit ekstra slag, og som vil bli skattar i folk si bokhylle. Det er iallfall det som er målet!

[Ingrid Brubaker er også tidligere redaktør for Empirix. Red. anm.]

Hvordan er det å balansere arbeidslivet som tegneserieskaper og redaktør i et forlag?

Eg synes det er veldig gøy å ha noko anna å jobbe med i tillegg til mi eiga teikneseriekarriere, sjølv om det gjer at eg har mindre tid til eigne bøker. Det er veldig inspirerande å kunne være med på å løfte fram andre og samarbeide om kule prosjekt, og ikkje minst er det kjekt å jobbe saman med nokon, når ein ellers sitt mykje åleine. Då me fekk «Byrjing» frå trykken var eg så sjukt stolt. Den blei så fin, og å ha vore pådriver frå idé, til å starte forlag, til å ha tromla saman ei så flott bok, var verdens beste følelse. Det var vilt mykje jobb, men så utruleg gøy!

Bergen Anja Dahle Øverbye
Det kan virke som at Øverby henter energi og inspirasjon til eget arbeid ved å løfte frem andre. Over tegnebordet henger fotografier, plakater og egne linotrykk. På hylla ligger et bein, hvitt og avlangt, nedslipt, helt tegneserie-aktig.

Hva bruker du beinet til?

Beinet er eit minne frå favorittplassen min. Veøya i Romsdalsfjorden var eit knutepunkt i vikingtida og middelalderen, men no er den heilt ubebodd. Det står att ei kirke frå 1200-talet og ein gammal prestegård, men ellers er det berre natur og vage ruiner der. Romsdalsmuseet sett ut sauer der kvar sommer for å halde ved like kulturlandskapet, og beinet stammer nok frå ein av dei. Eg fant det ved kirkegården, så eg håper det er frå ein sau…

LOL! Og plakaten, «I’ve been to hell and back… And let me tell you it was wonderful» broderert på noe som ser ut som en oppvaskhåndkle, hvor er den fra?

Den er frå ei utstilling med Louise Bourgeois som eg såg i 2015 på Moderna Museet i Stockholm. Ho var ein fantastisk kunstnar, og eg blir veldig inspirert av ho og plakaten.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.