Da pønken kom til Lefsevika er Christopher Nielsen sitt andre teikneseriealbum med Hold Brillan som midtpunkt. Tidlegare har han dukka opp i animasjonsfilmen Slipp Jimmy fri, og utøvd grov vald i ein og annan teikneserie. I 2008 kom det første albumet om denne ukontrollerbare naturkrafta, reality-TV-satiren Bygdegutar, der Hold Brillan gjorde alvorleg skade på TV-crew, C-kjendisar og andre rekvisittar. Som satire var førstealbumet heilt greitt, men valden var himmelsk.

Ikke slå
Salige Gustav Lorentzen hadde i si tid ein hit med låta «Ikke slå». Den fann aldri vegen heilt inn i Nord-Trøndelag.
Illustrasjon: Christopher Nielsen

Listetopp og punk

I 2015 er det på nytt tid for teikneserie, etter at Nielsen har vore innom roman, teater og kunstutstilling som uttrykksform, og Hold Brillan tegneseriealbum #2 har alt vore på toppen av Tronsmos ti på topp-liste. Det er ei varierande affære han har laga denne gongen, som spenner frå det overflødige til det sublime. Teikningane er umiskjenneleg Nielsen, og heldigvis noko grovare enn i Bygdegutar. Fargeleggarane har også valt ein mindre fargesprakande palett enn sist, og gått for meir gustne tonar. Begge desse vala fungerer godt med punken, og valden, som denne boka bygger på.

Ikkje min detektiv.
Ikkje min detektiv. Halvor Hals er så sjølvkommenterande at ytterlegare introduksjon neppe er naudsynt.
Illustrasjon: Christopher Nielsen

Den gode, den vonde og den grenselaust irriterande

Da pønken kom til Lefsevika blir presentert som ein “helstøpt tegneseriekrim, med alle de riktige ingrediensene, inkludert en detektiv med et rimelig søkt nom de guerre”. Vaskeseddelen på Nielsens nyaste teikneserie gir eit ærleg inntrykk av ein ganske stor del av boka. Om du ikkje tykkjer omtalen på baksida er morosam, vil du truleg slite med det første dusinet sider, der rammeforteljinga sin hasjrøykande og pratesalige Halvor Hals dominerer. Hals oppdaterer status på sosiale medium – «Hals er på saken». Hals fyrer opp ein mornings – «Et lønnelig håp om at en THC brainwave kan gi meg en ny vinkel på de to jubelsakene som liksom skal betale husleia». Hals er inkoherent – «Interessant sak? Sjølmord eller drap i bøgdepunkmiljø? Eks av ultrasjelden singel eneste ledetråd? Ikke akkurat hverdagskost?». Det er litt vanskeleg å få auge på kva det er Nielsen vil med denne fyren. Som parodi over krim blir det for tamt, og som ein oppriktig meint krim blir det for fjernt.[infobox]

Korrelasjon mellom hasj og låg motivasjon

Problemet med ramma Nielsen har sett opp er likevel ikkje mest at Hals er så enerverande, eller at kriminaltilnærminga er så påtatt overdramatisert. Problemet er at ramma ikkje verkar motivert av noko anna enn moglegheita til å slå nokre enkle vitsar om hasj, rimelege detektivar, og kristne damer med store, men utilgjengelege puppar. Det verkar nokre stader som Nielsen har lagt mindre innsats i å teikne Hals også, ikkje minst om ein samanliknar med energien boka utstrålar i skildringa av Hold Brillan sitt bygdepunkband Kaillkjeft. Særleg i byrjinga blir det mykje snakkande hovud og lite av den kinetikken Nielsen er så bra på. Kvifor er det sett opp slik ein vaklevoren skigard rundt norske teikneseriar sin mest grensesprengande figur?

Livet med ei tikkande bombe

“Æ føle likavæl, ein gnagandes uro ferr ei framtid, der æ må vårrå kompis med Hold Brillan!.. Livet ut”, seier ein av dei sentrale figurane i dette andre Hold Brillan-albumet. Det er eit livssyn det er lett å ha sympati med. Julius, som han eigentleg heiter, har fått kallenamnet Hold Brillan etter det han seier før han skal slåst. Det skjer ganske ofte. Dei som har vunne lotteriet om å vere kompis med han prøvar fånyttes å avverge offentlege kvestingar av personar med dårleg utvikla fluktinstinkt. Dei finst det ein del av.

Atter ei fanzine
Redigering og reinskriving er ikkje pønk.
Illustrasjon: Christopher Nielsen

Hold Brillan er ein slik figur som kan bere ei kvar forteljing. Eller kanskje rettare, han er ein slik figur som knapt nok treng ei forteljing rundt seg. Det blir heilt soleklart når settingen vekslar frå Hals sitt kontor, til bygdepunkbandet Kaillkjeft sin opptreden på Hard Rock Kafé, akkompagnert av teksten frå konsertomtalen i punkfanzina Nye oppstøt. Denne teksten gir også eit godt innblikk i korleis nokon kan bli som Hals.

Ustoppeleg kraft, møt urokkeleg objekt

Herifrå og ut er det Hold Brillan sitt show, i samspel med den tilflytta punkaren Stian. Dama som gir Hals oppdraget sitt, ønskjer at han skal bevise at Stian ikkje tok livet sitt, men vart drepen. Stian er den einaste som ikkje er villig til å kompromisse med Hold Brillan for å bevare helsa. Den største delen av boka er eit tilbakeblikk på tida desse spelte i band saman. For Hold Brillan sin del sluttar forteljinga lenge etter sin lovande ungdom som punkar i Lefsevika, og det er ein heftig finale Nielsen gir han, før Hals får bable litt om musikalsk usemje. Det er for så vidt ein artig parodi på den evna kunstinteresserte kan ha til å snakke kunsten, og livet den spring ut av, i hel. Det hadde likevel vore mykje meir kraftfullt om Hold Brillan fekk kveste detektiven i staden.

Vital til det siste
Hold Brillan får meg til å tenke på dette sitatet: «Most people think Marv is crazy. He just had the rotten luck of being born in the wrong century. He’d be right at home on some ancient battlefield swinging an axe into somebody’s face. Or in a Roman arena, taking his sword to other gladiators like him.»
Nord-Trøndelags svar på Frank Millers Marv er vital til det siste.
Illustrasjon: Christopher Nielsen

Ble du nysgjerrig på Christopher Nielsen, lurer du på hvordan det ser ut der han jobber? Sjekk denne saken.

Og her er et bildedryss fra utstillingsåpningen hans på Henie Onstad i høst.

Litteraturvitar. I juryen for Kulturdepartementets priser for barne- og ungdomslitteratur 2018-2020. Har tidlegare vore redaktør for Norsk tegneserieforums Bobla og presseansvarleg for Oslo Comics Expo.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.