Anmeldelse

Kittelsens skog
Fleire bidragsytarar
Überpress 2019

Det er risikabelt å skape høge forventingar, og når ein påropar Theodor Kittelsen i ein teikneserieantologi bør ein helst ha mykje å følgje opp med. Dessverre er dette ein antologi som kunne hatt godt av nokre ekstra runder på teiknebrettet og noko meir bistand frå redaktøren for å utløyse potensialet som ligg her.

Store vyar

Det er prisverdig å legge ut med store ambisjonar, og der har Überpress lenge vore i front. Det har likevel vore varierande kor godt utgjevingane har greidd å følgje opp ambisjonane. Når det no er Kittelsen tittelen alluderer til, er fallhøgda noko større enn når det er ulike meir eller mindre velrenommerte sjangrar som blir utgangspunktet.

Det vert ikkje lettare for desse ferske serieskaparane når tussar, troll og andre eventyrskapningar har vorte behandla i nyare norske teikneseriar av vesentleg meir erfarne fjellfolk som Geir Moen, Øystein Runde og Knut Andre Solberg.

Kittelsens skog anmeldelse
Fra Jegeren av Regine Toften Holst.

Grøss og fantasi

Mange ulike motiv og miljø har fått plass i antologien, og her spenner det frå virtuell røyndom til verdenar med orkar og dragar, og i mellom er det plass til nokre turar i skog og mark både i moderne tid og seinmellomalder.

Fleire ulike sjangrar er i spel, hovudsakleg er det fantasy og grøssarar som dominerer, men det er også gitt rom til meir dvelande romantikk og anslag til meir humoristiske bidrag.

Trolljegarar møter ein motstandar som viser seg å vere mykje meir dødeleg enn noko monster dei har møtt, ein utru mann vel heilt feil dame å snike seg unna med, haugkjerringa utarmar den nyinnflytta, to turgåarar kjem inn i eit landskap der korkje kart eller GPS kan hjelpe dei. Det er mange gode idear her, men det er ikkje nok i seg sjølv.

Teknisk sett

Noko av styrken ved Überpress er viljen til å publisere og heie fram nye teikneserieskaparar. Det blir av og til også ein akilleshæl, fordi nye teikneserieskaparar gjerne har svært ulikt grep på det å skulle gjere klart ein teikneserie for trykk.

Det gjer at seriane får eit varierande uttrykk der avstanden mellom det mest og minst profesjonelle gjer svakheiter veldig synlege. Dette viser seg blant anna når enkelte seriar har teksting som vert kornete og uklar utan at det kan forklarast som eit medvite val. Det er også stor variasjon i kor god trening dei ulike har i uttrykke anatomi, bruke utsnitt, og å fortelje historier i det korte formatet som kjenneteiknar desse antologiane.

I dette formatet blir det også lett å sjå kva dei ulike har god kontroll på og ikkje, og det kan verte frustrerande for den som les.

Kittelsens skog anmeldelse
Fra Trollkringla av Lars Erik Helgemo.

Talent med behov for modning

Alle seriane i antologien har tydelege styrkar. Nokre byggjer på spesielt gode konsept, nokre har dialog som flyt ekstra godt, nokre har karakterdesign som skil seg ut, nokre nyttar flater og utsnitt veldig bra.

Det er likevel få, om nokon, av bidraga som peikar seg ut med høgt nivå på alle områda. Dei ulike historiene er godt nok bygd opp innanfor rammene dei set opp, men mange burde jobba meir med dialogane. Alle bidraga har nokre utsnitt og sekvensar som fungerer veldig godt, men det blir støtt noko som hindrar dei frå å verke heilt ferdige.

Det er også gjennomgåande at eg etter å ha lest dei undrar litt på kvifor dei ulike har hatt lyst til å fortelje akkurat desse historiene. Det er ikkje lagt nok vekt på karakterbygging til å gi meg grunn til å engasjere meg i kva som hender med desse figurane. Dette er ting som kunne blitt fanga opp og retta på om serieskaparane hadde fått gode spørsmål og passande motstand undervegs. 

Kvar vart det av Kittelsen?

Der nokre ganske tydeleg kan seiast å ha trekt vekslar på Kittelsen, er det i fleire av historiene heller uklart korleis dei kan seiast å vere i Kittelsens skog.

Det gjer også prosjektet noko uklart. Var det meint å vere ein slags hyllest? Skulle det vere moderniseringar? Var det for freistande å nemne Kittelsen når det skulle vere eventyrtema?

Alt i alt er dette nok ei utgjeving frå Überpress som viser at det finst ein underskog av talentfulle teikneserieskaparar som kan ventast å lage ganske fantastiske ting. Dei vil berre kome dit mykje raskare med litt velretta motstand.


[Hovedbilde: Fra Tjernet av Emily Sørensen.]

Litteraturvitar. I juryen for Kulturdepartementets priser for barne- og ungdomslitteratur 2018-2020. Har tidlegare vore redaktør for Norsk tegneserieforums Bobla og presseansvarleg for Oslo Comics Expo.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.