Anmeldelse

Lysning
Antonia Kühn
Blokk forlag, 2020

Med nokre heiderlege unnatak har vi ikkje vore veldig bortskjemte med norske omsettingar av teikneseriar frå språk som ikkje er engelsk. 

Minuskel har vore særleg gode på å gi ut slike, og nokre perler har dei andre forlaga også stått for, men for mange av oss er nok store delar av europeiske teikneseriar heller lite tilgjengelege. 

Då er det jo godt at når Blokk forlag no har vendt blikket sørover, har dei funne ein teikneserie som eignar seg svært godt for omsetting. Lysning er nemleg ein teikneserie der tyske Antonia Kühn har utnytta sidene veldig godt, og der forteljinga ofte kjem vel så mykje fram gjennom det som ikkje blir sagt og det som ikkje er teikna.

Manglande bitar

Når ein opnar boka vert ein først møtt av eit tittelblad med eit nærbildeutsnitt av ei uro. På neste side står den unge hovudpersonen Paul framfor nokre tre. Han er plassert i ein skog, og som på førre side er margane store og utan farge. Paul er vendt bort frå lesaren, og om det er ei lysning der, er den bak han. Slike tomrom vert svært viktige, og gir raskt meining i konteksten av det minnearbeidet Paul gjer. 

Avstanden som pregar boka blir løfta fram i orda Lysning startar med: “Kanskje finnes det noe sånt som et aller første minne”. Setninga får stå for seg sjølv på venstre side av oppslaget, medan høgre side er ein litt utvaska illustrasjon av eit kystlandskap, tomt for folk og med ei ambivalent lettheit. Berre nokre spreidde, lette skyer og skyggar som gir hint av ei varm sol, men likevel med noko som manglar. 

Så introduserer Kühn uroa som blir leiemotivet gjennom heile boka, med ein fuglefigur i sentrum. Fuglefiguren som hang der så fast dei første sju åra kjem aldri på plass etter at uroa vart pakka ned og montert igjen. Tanta, som i minna har så stor plass i liva deira, løsnar også og blir fjern. Storesystra Laura distanserer seg, faren greier ikkje halde dei saman, og Paul har på same måte som fuglen mista haldepunktet sitt. Tomrommet etter mora har vore umogleg å fylle.

Sporadisk forteljing

Teikneserien flyttar seg mellom minna, notid og draumsekvensar. Notidsforteljinga er ei ganske likefram forteljing om den lille familia, med sider inndelt i klart definerte ruter. Her viser Kühn eit godt blikk for rørsle. Med delikate grep får ho fram ei kjensle av haust, der Paul leikar åleine på ein elles tom leikeplass utanfor blokka han bur i. Små strøk fortel om vind, og energien i den unge kroppen vert fysisk og levande. 

Andleta er stiliserte, med enkle trekk. Det bidrar til at dei er formelege og endrar uttrykk ofte, i takt med dei mange sterke kjenslene som er i spel. Dei sterkaste kjenslene, som gjerne kjem fram i samband med minner om mora, har kraft nok til å endre både det blikket deira ser og sjølve forteljinga. 

Slik er det til dømes når faren og Paul et kake på bursdagen til mora. Samtidig som minna om mora vekker vemod, kjem saknet av systra Laura til overflata, og den regelmessige strukturen i snittet av kaka vert brote opp i eit taggete og skarpt mønster før rutene tar slutt og berre snakkebobla med “på grunn av mammas bursdag” blir ståande att.

I draumesekvensane tar Paul nokre gongar form av den lausrivne fuglen. I andre vert han identifisert med ei plante han fekk når han var mindre, ein levande stein, som han på veg heim nysgjerrig løftar ut av jorda. I begge bilda finst spenninga mellom å vere avhengig av eit fast punkt – rota eller snorfestet – og å verte rive laus og miste samanheng og meining. 

Laura og faren har på sine eigne vis mista meining. Laura driv mållaust rundt med ein småkriminell ungdomsgjeng og faren er til tider for resignert og kraftlaus til å halde familia samla.

Planmessig klimaks

Boka vert runda av med ein samlande spenningstopp. Nokre hint om at ting kan ordne seg, men ikkje noko løfte. Sånn blir det, på overflata, ikkje den mest overraskande handlinga, men den er habil og flyt godt. Den er samstundes visuelt fortalt med ei djupne som gjer den svært lesverdig og godt eigna for gjenlesing. 

Den stramme visuelle utforminga syner seg også i snakkeboblene, som alle er eit ekko av det sirkelforma hovudet til fuglen. Dette gir nokre utfordringar i å få plass til den gode flyten i Gina Tandberg si omsetting utan å måtte ty til bindestrekar, men alternativet hadde jo vore å bryte med den visuelle flyten. 

Og Lysning er først og fremst ein teikneserie som fungerer fordi den vekslar mellom å vise fram og å leie blikket mot det som ikkje blir sagt.

Kyrre Matias Goksøyr
Litteraturvitar. I juryen for Kulturdepartementets priser for barne- og ungdomslitteratur 2018-2022. Har tidlegare vore redaktør for Norsk tegneserieforums Bobla og presseansvarleg for Oslo Comics Expo.

EN KOMMENTAR

  1. «Med nokre heiderlege unnatak har vi ikkje vore veldig bortskjemte med norske omsettingar av teikneseriar frå språk som ikkje er engelsk».

    Dette kan du vel ikke mene? Vi har jo hele den fransk/belgiske skolen hvor mye har vært utgitt på norsk i blad- og albumform i en mannsalder! I tillegg til bl.a. svenske og italienske utgivelser.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.