Apefjes er samarbeidsprosjektet til Tor Erling «Ærlig» Naas og Sigbjørn Lilleeng. Naas skriv, Lilleeng teiknar. Ein av dei har vakse meir enn den andre.

Apefjes er forteljinga om ein ganske spesiell tenåring. Martin, eller Miroslav, er ein uforskamma truverdig figur til å vere eit russiskætta barnebarn av ein mystisk, styrtrik mann som driv med ukjente greier i USA. Martin er ikkje heilt framand for lyssky aktivitetar sjølv, og brukar kveldane sine på å klatre opp på dei mest utilgjengelege stader i byen for å male store kvite apefjes. Noko av grunnen til at dette fungerer så bra er kor alvorleg Lilleeng tar portretteringa av Oslo.

Martin er litt som Spider-man, han tar gjerne kollektivtransport mellom slaga.
Martin er litt som Spider-man, han tar gjerne kollektivtransport mellom slaga.

Byen og folka

Det er ikkje gått så lang tid i Martin sitt liv sidan første boka, men både folk og by har utvikla seg mykje. Martin og venene var i 2011 litt stutte og kubbete, ikkje ulikt små barn. Men dei har strekt seg saman med Lilleeng, og over tid blitt mykje meir dynamiske og rørlege. I denne boka har Lilleeng funne ein herlig balanse mellom ein stadig meir teknisk utteikna by, med detaljerte trikketak og bygningar, der Martin på ikkje-menneskeleg vis kastar seg gjennom lufta. Han er markant lengre og tynnare. Perspektiva er innimellom vridde og bua på ein måte som forsterkar opplevinga av det ekstreme i Martins fysiske evner og endring. Lilleeng har truffe blink i arbeidet med å gjere han til ein skikkeleg tenåring, og til noko meir.

Som i Lilleengs dystopi Generator, føregår mykje av handlinga på tak.
Som i Lilleengs dystopi Generator, føregår mykje av handlinga på tak.

Lilleeng har lagt seg på ei mindre reinsleg linje denne gongen. Bakgrunnane er ofte lett tilsmussa, konturane rufsete når dei treng å vere det. Byen har han fylt med folk som ser ut slik folk i Oslo gjer. Det gjennomarbeida jordnære i detaljane og omgjevnadene er mykje av grunnen til at dei luftige sidene av historia fungerer.

Og så, ut av det blå, dukkar det i eit laboratorium opp ein robot med Mikke Mus-hanskar. Det er eit artig peik til mediet, men det er også akkurat nok til å skape ein nervøsitet for at Lilleeng og Naas skal prøve å ro seg i land ved hjelp av ein «alt var oppspinnet til ein rotlaus tenåring med livlig fantasi».

Ruter har auka mengda kontrollar igjen.
Ruter har auka mengda kontrollar igjen.

Me Tarzan, you Lilli

Martin er ein sta og sterk ungdom som helst prøvar å greie seg sjølv, det har han vore nøydd å lære seg medan mora hans har flytta rundt på dei for å gøyme seg for Martins morfar. Han er ikkje den einaste eigenrådige figuren, og får god motstand frå dei to jentene Oda og Lilli. Desse to har sin eigen agenda, og har tydeleg eigne liv å halde styr på, sjølv om Martin tar ein del merksemd. Særleg Lilli gir Martin mykje motstand, og ho teiknar til å bli ein endå viktigare figur i neste bok.

Monkey love, ikkje heilt som puppy love.
Monkey love, ikkje heilt som puppy love.

Teikneserieromanserie

Første del vart møtt med jamt over gode kritikkar då den først dukka opp i 2011. Vekslinga mellom dei reine tekstdelane og dei teikna delane fungerte godt. Dette formatet fungerer framleis i tredje boka. Dei meir dagbokliknande tekstsidene er sentrale i å bygge Martin som hovudperson, og det er hovudsakleg der Naas utfaldar historia i tid og rom langt utover Oslo sentrum. Dei to serieskaparane har sidan første bok hatt ein god driv, og i dei to siste har dei stramma opp dramaturgien. Flammetenner framstår meir som ei sjølvstendig eining enn den første boka gjorde. Bøkene er likevel ikkje frittståande nok til at dei fungerer godt utan kvarandre. Apefjes – Flammetenner er ei bok som fortener å bli lest. Så har ein ikkje lest dei to første, er det berre å starte frå byrjinga.[infobox]

Berre eit ansikt i mengda.
Berre eit ansikt i mengda.
Litteraturvitar. I juryen for Kulturdepartementets priser for barne- og ungdomslitteratur 2018-2020. Har tidlegare vore redaktør for Norsk tegneserieforums Bobla og presseansvarleg for Oslo Comics Expo.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.