Anmeldelse

Arkin – Lysets vokter: Hemmeligheten
H.L. Phoenix
Egmont, 2021

Det er tydeleg ein marknad for fantasyseriar om dagen, og kunst som tar opp tema knytt til korleis vi tar vare på verda vi lever i har også fått eit forståeleg oppsving. 

Her vel også den ferske teikneserieskaparen H. L. Phoenix å plassere sin Arkin – Lysets vokter: Hemmeligheten. At grunnen slik er rydda for å satse på denne typen uttrykk er heldig, for denne forteljinga har godt av å vere presentert i flott bokformat med gjennomarbeida design. 

Samstundes kunne nok forteljaren fått noko meir motstand og støtte i utforminga av handling og verbaltekst, men dette er uansett ein underhaldande start. 

Karakterdesign

Det er lett å sjå at serieskaparen har lang erfaring som designer og illustratør, for boka ser veldig flott ut. Fargepalettane skiftar gjennom boka, og Phoenix legg mykje tanke i lysspel. Kraftige, sjølvsikre konturar og kreative utsnitt gir det heile eit profesjonelt preg. 

Figurane i Arkin kunne befolka ein Dreamworks-film, og “kameraarbeidet” gir eit animert uttrykk, der bakgrunnen ofte er ekstremt uklar for å framheve ansiktsuttrykk og andre detaljar. Sidebakgrunnen er gjennomgåande svart, og rennene omfangsrike nok til å gi ei viss kjensle av tregleik. Det passar godt, for det skjer ikkje veldig mykje i denne første boka, trass at den er over 200 sider lang. 

Eit grep som bidrar til den trege og innelåste stemninga, særleg i første halvdel, er at svært mange av utsnitta er nærbilder, oftast av Arkin som ser rett fram. Av og til kan det bli litt for mykje av det gode, så det er veldig flott når andre halvdel av boka byr på meir variasjon og utsnitt der Phoenix sitt blikk for kroppspråk kan utfalde seg meir.

Åleine og unik

Vi møter hovudpersonen i ein prolog der vi får sjå han miste mora, ikkje lenge etter at han har mista faren. Herifrå går det knappast oppover på ei stund. 

Han får bu heime hos farmora, som ikkje har vidare interesse for barnebarnet sitt, og på skulen har han vanskeleg for å finne seg til rette. Han held seg for seg sjølv med musikken og teikningane sine, til ein mystisk vaktmester med snirklete tatoveringar og ein fantastisk hårkrans dukkar opp og fortel han at det er ein bra ting å vere rar, unik og annleis. Så får Arkin ei gåte, og boka sin magi kan breie seg.

Det er iallfall gjort klart for at magien skal breie seg, for det blir ikkje nok plass i denne boka til å vise det. Med tanke på kor solid illustrasjonane er, er det eigentleg synd at Phoenix ikkje stolar meir på kva bilda og dialogen kan fortelje, og heller brukar tid til å forklare. 

Mange stader fungerer det godt, som i samtalen mellom Arkin og vaktmester’n, men andre stader blir denne ofte tekstlette boka lessa ned i utlegningar som blir noko stive og oppstylta. Det går litt utover dramaet Phoenix legg opp til, men det er ikkje verdas undergang, og blir stort sett balansert av dramatikken figurane peikar mot.

Metta design

Det er freistande å kalle kapittelinndelinga litt overivrig – her er det prolog, sideskiljer for kvart kapittel og i fleire kapittel er det også to delar, der ei side går med for kvar på å fortelje at neste del startar. I ei bok som går såpass sakte fram, verkar det meir oppbrytande enn forklarande. Då kunne eg nok mykje heller tenkt meg at fleire sider kunne gitt miljøet rundt figurane plass til å skine, for der Phoenix lar bakgrunnen kome til syne og ramme inn figurane, bidrar det mykje til livet i boka. 

Når Arkin i neste bok trer inn i verda Hevádriel saman med den godslege klassekameraten Gerbil, som eigentleg er voktaren Melion Layt, er det lov å håpe på at detaljfokuset blir via til å teikne ut ein overtydande anna stad. Det blir også spennande å sjå kva slags figurar som finst i denne verda og kva slags mytologi Phoenix har bygd opp rundt desse voktarane, om Arkin får vite kva Gerbil meiner når han seier at “Du skulle bare visst hva det såkalte “universet” deres er inni …”

Den fantastiske dørstokkmila

Det er ikkje uvanleg at nokon som fortel historier som denne, der ein person skal oppdage at ein har ei spesiell rolle som vil utspele seg i løpet av meir enn eitt bind, tar seg veldig god tid til å sette opp brikkane for så å la handlinga ta skikkeleg fatt først i andre bok. 

Ofte kan det ende med at første del har litt lite å fange lesaren med, og det er lett å ende i mønster som er kjente nok til at dei vanskeleg kan gjere sterkt inntrykk. Arkin kjem borti nokre slike utfordringar, men om dei neste bøkene held det Phoenix ser ut til å love, kan dette bli ei veldig interessant historie å følgje når den kjem skikkeleg i gang.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.