Anmeldelse

Astrup
Ragnar Hovland og Steffen Kverneland
Samlaget, 2026

Nikolai Astrup (1880-1928) blir ofte omtala som Noregs fremste heimstadkunstnar. Om ikkje det seier deg så mykje har du kanskje sett målarstykka Jonsokbål, Kollen eller Vårnatt og seljekall. Motiva henta Astrup hovudsakeleg frå Jølster, men dei er like universelle som dei er lokale. Eg vaks sjølv opp med ein reproduksjon av sistnemnde som skremte vatnet av meg samtidig som eg blei sugd inn i biletet. Blandinga av ein naturalistisk natur og eit tre som tar menneskelege dimensjonar blanda røyndom og draum på ein særeigen måte.

Eg er ikkje åleine om å ha kjend på Astrups tiltrekningskraft. Nikolai Astrups kunst er «… tilbedelse, undelig som guttens den første elskovsstund; hans kunst er ekstase, og ikke filosofi, og ikke galleri», skreiv forfattaren Hans E. Kinck i 1911.

Ragnar Hovland og Steffen Kvernelands kunstnarportrett, Astrup, byr kanskje ikkje på ei like Kincksk tilbeding av Jølsters store son, men dei deler tilsynelatande ei oppleving av han som ein kunstnar som ikkje er så lett å forstå på ein tradisjonell måte. Dei freistar likevel å ramme han inn, utanfor galleriet, utanfor det institusjonelle. Og kva betre måte kan ein gjere det på enn i ei lettare alkoholisert og eksaltert pilegrimsferd til Jølster? Saman har dei laga ein gonzobiografi der biografane sjølve blir ein sentral del av framstillinga.

Dei røynde menn i syningom

Sjølv om boka er innsausa i Underberg og akevitt er ho ikkje berre det fyllerøret Hovland mot slutten av boka fryktar surmaga kritikarar, som meg, vil sable henne ned for. Kverneland har tidlegare vist at han kan formidle stor teikneseriekunst om kunst, både i Olaf G (2004, med Lars Fiske) og Munch (2013). I Astrup samarbeider han med Hovland som først og fremst er ein skjønnlitterær forfattar, men som til gjengjeld kan skilte med eit havarert biografiprosjekt om Nikolai Astrup og ei hytte i Jølster.

Hovland og Kvernelands ulike uttrykksformer gjer at boka kan vere vanskeleg å sjangerdefinere. Ho er si eiga greie. Sidene vekslar mellom teikneserieruter, prosa, dikt, illustrasjonar, reproduksjonar og mykje meir, men dei får det til å henge saman, trass den noko kaotiske og tilfeldige strukturen.

Tidleg i boka lovar Kverneland å bidra med «endelaust monge digresjonar». Astrup sjølv blir likevel ikkje redusert til ein digresjon. Mellom det biografiske materialet finn ein mellom anna forteljingar om Hovlands morfar, ein fråverande Oddvar Torsheim og den mannevonde Gassen. Det er likevel mykje solid og unik Astrup-formidling i boka. Sjølv om Hovland hevdar han la frå seg arbeidet med astrupbiografien fordi han var for lat, formidlar han ei forteljing om Astrup som, trass digresjonar, er innsiktsfull. Det lokale perspektivet hans bidreg også til å måle eit tydelegare bilete av kven Astrup var.

Pilegrimsferda tar dei over fjellet til Hovlands hytte, til Førde for å fikse ei brillestong (og ein tur innom polet) og til Astruptunet. Som i Munch blir utforskinga underbygd av sitat frå Astrups samtid.  Det er likevel samtalen mellom dei to biografane som er kjerna i boka. Denne er nokre stader presentert i prosa (på haugesundsdialekt og nynorsk), og andre stader som teikneserie. Skiftet mellom dei ulike litterære formene flyt betre enn ein kunne forvente.

Skurkar! Droltar!

Dei to biografane fungerer som eit klassisk komikarpar: Den tørrvittige streitingen Hovland balanserer den kaotiske og uføreseielege Kverneland, til liks med Abbott og Costello, Helan og Halvan eller Vergil og Dante (som dei også opptrer visuelt som). Boka inneheld mykje leik med slike referansar.  Eit høgdepunkt er ein tjue sider lang hommage til Raymond Queneaus Stiløvingar (1947, sett om av Hovland i 1996) der den same forteljinga blir gjentatt i ulike sjangrar.

Forteljinga handlar elles om korleis Ludvig Karsten tysta på Astrups sløsing med kunstnarstipendet slik at resten av stipendet blei hans. Karsten blir såleis (saman med den mytiske Gassen) ein slags nemesis i biografien. Her har andre biografar noko å lære! Alle likar ein god skurk.

Flunkande fint

Astrup er ei svært vakker bok. Sjølv om ho er gitt ut av Samlaget, er ho estetisk sett lik dei fleste andre bøkene Kverneland har gitt ut på No Comprendo Press, med stort format og lekker tekstilrygg. Ho står seg godt i bokhylla saman med dei andre bøkene hans. Kverneland vekslar mellom å illustrere tekst skriven av Hovland og teikneseriar som ofte består av to store ruter per side. Ofte er også fotografi frå hytteturen organisert som teikneserieruter.

Fleire av teikneseriesekvensane er statiske gjentakingar av det same bildet, særleg dei som føregår i bilen eller ved bordet på Hovlands hytte. Sidan både Hovland og Kverneland fleire stader i boka kommenterer sin eigen latskap, kan ein bli frista til å tru at det er eit resultat av teiknaren sin ambisjon om å «… rable ner nåken tegningar, og vips, så har me ein flunkande fine og illustrerte Astrup-biografi». Då er det kanskje meir fruktbart å lese desse sekvensane som uttrykk for monotonien i det å vere fanga i ein elendig leigebil eller ein drammeinfisert tilstand der tid og rom blir løyst opp. Målarstykka til Astrup er også fulle av liv, men dei er samtidig fanga i augneblinken. Slik oppstår det ei slags spegling.

Vestlandsk ekstase

Boka er på same tid eit solid biografisk prosjekt og ein kaotisk og anekdotisk fylletur til vestlandet. Det gjer henne, i mangel på betre ord, frisk. Sidan boka er ein gonzobiografi (det er presisert i undertittelen), handlar ho like mykje om biografane som den biograferte. Noko av poenget i tekstane til Hunter S. Thomson, gonzo-journalistikkens far, var at ein ved å fjerne seg frå den objektive «sanninga» kunne avsløre ein meir ufiltrert og kaotisk røyndom. Det er nettopp denne subjektive sanninga Hovland og Kverneland utforskar.

Dei to biografane er ofte meir interesserte i kva Astrup betyr for dei enn kva han betyr i kunstverda elles. Her kunne ein slengt ut omgrep som hermeneutikk og fenomenologi, men ein kan også la dei liggje. Det er likevel ein fare for at Astrup kan forsvinne litt i blikket som skal bringe oss nærmare han, nettopp slik Hovland fryktar slike som meg vil kritisere han for.

Sidan eg er ein namnlaus og humørlaus kritikarsurpomp frå vestlandet, for å parafrasere Hovland, set eg pris på korleis Astrup blir framstilt som ein som viste fingeren til hovudstaden og dyrka bygda. Astrup viser også fingeren til ideen om kva ein biografi skal vere.

Kincks panegyriske essay frå 1911 blir avslutta med ei von: «Gives der kunst som har pant paa langt liv, maatte det vel være en slik ekstatisk, hvori øieblikket blev evighet». Det same kan ein seie om Hovland og Kvernelands utmerkte biografi.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.