
Anmeldelse
Bare si ja
Nora Dåsnes
Aschehoug, 2025
Ordet korps er lånt frå fransk og betyr opphaveleg «kropp». For mange samanfell deltakinga i denne kollektive kroppen med ein periode prega av eit gryande medvit om sine eigne kroppar og alt det fører med seg.
Samtidig som ein freistar å finne ut av sin eigen identitet må ein finne den staden – for instrumentet er også ein definert stad i korpset – som kjennest mest ut som ein sjølv. Denne komplekse prosessen kolliderer også med presset om konformitet som korpset (og puberteten) er gjennomsyra av: Korleis skal ein stakkars tolvåring finne sin eigen veg når ho bokstaveleg tala må gå i takt og bere ein uniform som klør litt for mykje?
Den umogelege balansen mellom kva som er best for deg og kva som er forventa av deg er utgangspunktet for Nora Dåsnes’ Bare si ja. Teikneserien er ein frittståande oppfølgar til bøkene om Tuva, Ti kniver i hjertet (2021) og La skogen leve (2022). For trufaste lesarar, og dei er det mange av, krinsar forteljinga rundt Tuvas og Mariams håplause will they/won’t they-forhold.

Humpete kjærleiksekspress
Som eit slags overgangsrite mellom barne- og ungdomsskulen skal Tuva og venene på korpstur utan foreldre. Blandinga av den forlokkande fridommen og dei små tinga som forstørra blir eit «gigakorps» av ting ho gruar seg til, ligg som eit bakteppe for konfliktane i boka.
Den største av småtinga er Mariam. For det held tydelegvis ikkje å berre vere forelska og pusle på, ein må vere «ordentlige kjærester», i følgje venninna Linnéa som opererer som ein tolv år gammal krysning mellom Neil Strauss (forfattaren av The Game), og Jane Austens Emma. Råda hennar sender Tuva lukt ut på ein emosjonelt humpete kjærleiksekspress ho ikkje har kontroll over.

Teikneseriemusikalitet
Bare si ja hentar fram att dagboksformatet frå Ti kniver i hjertet. Det er eit vellukka forteljargrep som gir lesaren endå større innsikt i Tuvas opp- og nedturar. Undervegs i boka blir den tradisjonelle teikneseriestrukturen broten opp av dagboksnotat som utdjupar og handlinga og set henne i samanheng. Desse er prega av stor variasjon, både i innhald og utforming. Dei kan dukke opp mellom ruter, fylle kvite bakgrunnar med tekst, eller ein kombinasjon av tekst og Tuvas ofte morosamme drodlingar eller rabling.
For at korpsmusikk skal høyrast bra ut er ein avhengig av samspel, rytme og eit dynamisk uttrykk. Dåsnes nyttar desse musikalske elementa i teikneserieformat for å få fram eit heilskapleg bilde av Tuvas indre og ytre kampar. Rytmen i rutene og dagboksutdraga driv handlinga framover på ein effektiv måte, og samspelet mellom teksten og det visuelle skapar ein dynamikk som vekslar mellom det lette og det tunge. Musikaliteten som strøymer ut av teikneserien er gjenspegla i korleis Tuva, når ho får det til, speler solo: Ut av klarinetten strøymer ein regnboge og lukkelege, frie fuglar.
Teikningane har eit mjukt og reinskore uttrykk som er svært tilgjengeleg. Dåsnes får det til å sjå enkelt ut, men bak uttrykket ligg mange detaljar som formidlar dei stormande følelsane, særleg i korleis karakterane sine blikk er teikna. Det er imponerande korleis Tuvas enkle auge kan uttrykkje så mykje berre basert på fargen og storleiken på pupillane, og vinklane på augebryna.

Den indre tolvåringen
Grepet Nora Dåsnes har om lesaren gjer henne til ein av dei absolutt beste teikneserieskaparane me har. Musikaliteten i tekstane hennar gir eit harmonisk uttrykk (sjølv om det også finst mykje kjenslemessig dissonans), og karakterportretta hennar er framstilt med stor og varm empati.
Om du ikkje er i forlaget si definerte målgruppe på 9-12 år har du likevel vore der ein gong, og eg seier deg, mann, det kjennest som å kome heim. For å seie det med Taylor Swift: «It’s a love story, baby, just say yes».
Liker du det du leser?
Meld deg på nyhetsbrevet vårt og få nye artikler rett i innboksen.
Ingen spam. Meld deg av når som helst.