Anmeldelse

Bjørnar
Malin Falch og Regine Toften Holst
Egmont Kids Media, 2019

Bjørnar er ei historie som eksisterer ved sidan av hovudserien til Malin Falch, den prisbelønte og opplagsrike Nordlys. Denne boka tar oss med til tredve år før Sonja finn vegen til det magiske landet, og handlar om dei snakkande dyra og magiske vesena si konflikt med vikingane i Jotundalen.

Ikkje på noko tidspunkt kjennes det ut som historia er forhasta, for tettpakka eller for lett.

Det er ei effektiv og brutal forteljing, som raskt etablerer faren dyra er i, med vesle Bjørnar som går i ei snare ettar å ha rota seg bort frå bjørnemor og bjørnefar. I løpet av dei neste 40 sidene greier Falch og Holst å både bygge opp og avslutte konflikta, og ikkje på noko tidspunkt kjennes det ut som historia er forhasta, for tettpakka eller for lett. Sjølv om det er veldig klart kvar sympatien skal plasserast, er det heller ikkje slik at karakterane er utan nyansar. Det er i det heile ingen tvil om at Falch veit kva ho driv med, og bidraga frå Holst på tusjing og figurfargelegging komplimenterer dette på nydeleg vis. Det ser ut som dei har lagt like mykje glede som arbeid i dette. 

Bjørnar anmeldelse

Smått og stort

Mykje ligg i detaljane, som når dei skal vise korleis vikingane etablerer seg i stadig nye delar av dalen. Frå ei høgde ser foreldra til Bjørnar korleis røyk stig opp frå leirar ulike stader. Dei to serieskaparane greier å rom både til små humoristiske detaljar og opprivande scener som på kvar sin måte bidreg til å gjere figurane avrunda og heile. Bjørnar får både vere barnsleg og komisk full av tyttebær, gråtande og livredd for tap av foreldra, og ein ung vaksen på veg mot eit anna liv i løpet av desse komprimerte sidene.

For dei som framleis er litt traumatisert av Bambi, er det altså grunn til å advare litt.

I det boka grundig har introdusert figurane og miljøet, og dei talande dyra har bestemt seg for å heller flykte enn å slåst, tar historia ei brå og dramaturgisk heilt logisk vending. Det er svært verknadsfullt når historia i denne vendinga brått sluttar å vere verbal. Korkje menneske eller dyr seier noko meir, og berre skyggar og auge fortel. 

Gamle traumer blir som nye 

Denne strengt tatt ganske røffe historia er pakka inn i eit svært pent omslag med folierte detaljar. Det einaste som er litt kjedeleg med det, er at omslaget nok skaper eit litt anna inntrykk enn det resten av boka stiller opp med. Der bildet av Bjørnar på forsida meir legg opp til ei bok for nokre av dei mindre lesarane, er historia på eit litt anna alderstrinn, iallfall ikkje for dei mest lettskremte. For dei som framleis er litt traumatisert av Bambi, er det altså grunn til å advare litt. Ikkje at den ikkje kan fungere også for ganske små barn, men om ein bygger forventingane på omslaget, kan det hende at ein må forklare noko når ein kjem nokre sider ut i boka.

Dette alvoret på liv og død er i alle tilfelle godt fortalt og naudsynt for historia, og balanserer kjærleik og tap med stø hand.

Bjørnar anmeldelse

Konstrastar og proporsjonar

Der eg nok kjente litt på at Nordlys hadde hatt godt av eit større format, kjennes Bjørnar velproporsjonert. Teksten er stor og god, og den får nok luft. Figurane i seg sjølv har også gode proporsjonar. Det er lett å sjå at Bjørnar er ein bjørnunge, ikkje berre ein liten bjørn, og det same kan ein også sjå i forskjellar mellom korleis dei unge gutane og dei vaksne mennene er teikna. Kort sagt er det mykje godt handverk.

Serieskaparane har også gjort nokre gode stilval i kontrastane mellom omgjevnader og figurar. Der figurane har klare og delikate omriss, er naturen framstilt med mjukare teknikkar og breiare penselstrøk. Denne kontrasten bidreg til å på eine sida framheve figurane og gjere dei sterke og nære, medan det på andre sida gir naturen eit trolsk preg som gjer det lett å tru på magien i skogen.

Kort sagt er det mykje godt handverk.

Levande og profesjonelt

Det er så mange ting som skal klaffe for ei som vil ta norsk eventyrmateriale og lage teikneseriar i ei form Disney kunne vore stolt av. Det nyttar ikkje å kunne gjere berre ein ting i ei liste som inneheld å kunne lage kule karakterdesign, forteljande andletsuttrykk, å feste rørsle på papiret, å få dyr, menneske og fantasivesen til å passe inn på same side, å legge ut ruter og oppslag for å understøtte forteljinga, både med nære og fjerne utsnitt, og gi det lekre fargar. Ein må kunne gi alle desse krevjande delane ei heil historie å fungere i. 

Det gjer Falch og Holst, og dei viser det i Bjørnar. Så er det lett å ønske seg endå meir, og at lesinga skulle vare lenger, men det er ikkje noko grunn til å ønske meir av denne historia. Den er akkurat så lang som den treng å vere, og fortel akkurat det som er naudsynt. Det er også ei bok det fint går an å gå tilbake til og lese fleire gongar.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.