Anmeldelse

Bøllefrø: Den store eplekonkurransen
S.G. Bjørdal
Aschehoug, 2023

S. G. Bjørdal sin teikneseriedebut er ei 200 siders barne-teikneseriebok, og resultatet er på ein gong både imponerande og tamt. 

Katte-jenta Sidsel blir sendt for å bu hos onkel Pål medan mora er på jobbreise. Sidsel (kalt Sid) er skeptisk, fordi Pål er besett av oppfinningane sine (og av å vinne konkurranser). Sid nektar å hjelpe Pål med å jukse, så Pål finn opp nokre levande frø som er fulle av konkurranseinstinkt. Bøllefrøa er fødde!

Omslaget har eit design og ein logo som straks sender tankane til Dav Pilkey sin ultrapopulære Hundemannen. Aschehoug sin omtale av boka er også kjapt ute med å nevne denne i marknadsføringa av Bøllefrø.

Og Bøllefrø bok 1 er ein solid laga barneteikneserieroman. Manuset er godt skrudd saman, med høgt tempo, få dødpunkt og stødig karakterdesign. Men det er likevel som om noko manglar.

Bøllefrø, debuten til teikneserieskapar S.G. Bjørdal, veit kva den vil, men endar opp som nesten for proff.

Held litt tilbake

Eg er ikkje up to date på bestselgande barneteikneseriar, og det er det Bøllefrø har lyst til å vere (og kan kome til å bli). Eg gjekk difor ut og kjøpte serien Bøllefrø tilsynelatande ønsker å leve opp til: Hundemannen. Dette er sjølvsagt hårreisande dårleg gjort: Eg køyrer ein global suksessforfattar midt i karrieren sin opp mot ein norsk debutant, men sånt må S. G. altså leve med, spesielt fordi eg ikkje trur likheta i omslagsdesign er tilfeldig.

Og forskjellen er kanskje at der begge prosjekta har enormt tempo, tullar Hundemannen-serien med lesaren på eit breiare spekter av måtar. Fortellingene har alltid tid til å avbryte det høge tempoet med ein lang slikke-politimesteren-i-fjeset-sekvens, eller til å tulle med teikneseriemediet ved å lokke lesaren til å flippe sider fram og tilbake eller lignande. Bøllefrø-serien er også tøysete, men tør til samanligning ikkje heilt å ta i. Det slår meg også at Hundemannen er meir effektiv med å få unna hovudpersonen si bakgrunnshistorie, og at den med fire separate kapittel i grunnen serverer fire fortellingar i same bok.

Bøllefrø, debuten til teikneserieskapar S.G. Bjørdal, veit kva den vil, men endar opp som nesten for proff.

Kyllingfett

No er det dårlig gjort å først anklage Bøllefrø for å vere for lik Hundemannen og DERETTER kritisere den for å IKKJE kopiere Hundemannen til punkt og prikke. Men … kunne ikkje eplekonkurransen i Bøllefrø også tjent på å verte krympa til ei historie av fleire?. Då hadde fått sjå Bøllefrøa i andre settingar. Akkurat no er det uklart om det er Bøllefrøa eller Sid som skal vere hovudfokus i neste bok, og eg vil sjå Bøllefrøa i fri dressur.

Bøllefrøa er foreløpig berre ein gjeng (med nummer, til og med). Om Bjørdal lagar fleire bøker, håper eg nokon av Bøllefrøa med tida får stikke ut meir frå «flokken». Det er gøy med gruppe-figurar, men også gøy når nokon stikk seg ut frå gruppa, litt som smurfane både er ei stor masse av smurfar og samstundes enkeltsmurfar som Sangsmurfen og Sinnasmurfen. Eller som Minions.

For å få denne effekten treng nok Bøllefrø meir av det Will Elder kalte «chicken fat», det unødvendige krimskramset som gir ting karakter utan å drive historia framover. Trass at historiene til folk som Carl Barks og Dav Pilkey rasar framover, har dei også alltid rom for unødige smådetaljar Eit døme på chicken fat i nyare norske seriar er telefonane i Helen Kaldheim sin Mørkalven som «ringer» ved hjelp av lukt. Dette blir verken blir forklart eller har nokon  funksjon i plottet, men det gir tekstur!

Stort potensial

Men å få til sånt utan å distrahere eller forvirre lesaren er ein kunst. På teknikk er det klart at Bjørdal har ei solid verktøykasse. Og at eg samanliknar Bøllefrø med Minions, Smurfane og Hundemannen er jo eit hint om kva slags potensiale denne serien KAN ha.

Det som kanskje funkar best av alt i boka, er å følge dei emosjonelle bølgedalane til karakterane. Kjenslene til Sid og Pål og frøa svingar fleire gongar per side og kan følgast rute for rute på ein måte som er heilt eksemplarisk bruk av teikneseriemediet, spesielt for denne målgruppa. Figurane er glade, sure, utålmodige, sjølvrettferdige, furtne, misunnelege, triumferande. På ein måte er det dette som er hovudverdien i boka: Den er eit arsenal av kjensler og uttrykk for kjensler.

Øystein Runde er tegneserieskaper kjent blant annet for superheltparodien Bjartmann, bøkene Olav Sleggja og Berserk, samt faktaboken Stamceller. Han har også skrevet tegneseriene Futen og De fire store.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.