Anmeldelse

Byens bønder
Fragment og Esben S. Titland
Fagbokforlaget, 2023

I møtet mellom arkitekten og teikneserieskaparen er det interessant å sjå korleis delane av prosjektet Byens bønder lukkast ulikt som prosjektplanmal, debattinnlegg og teikneserie.

Esben S. Titland støytte eg først på i Båter mot bølgene som kom i 2008. Så hugsar eg han dukka opp med nokre fanzineseriar i 2011 og 2012. For moro skuld leita eg dei opp igjen etter å ha lest Byens bønder, og vart mint på at det ikkje var første gongen eg las ein Titland-serie der by eller landbruk vart tematisert.

I heftedebuten Båter mot bølgene reiser hovudpersonen til Brasil og møter broren som arbeidde for rørsla “Dei jordlause” i kampen for retten til eit jordstykke å dyrke på. Dei to hefta God natt, Oslo følgjer ein heimlaus sine forsøk på å greie seg i byen. Første heftet sluttar med ei fundering over det som ikkje er mogleg i dag, men som ein må halde fast ved er mogleg i morgon. Blikket på endring og det vandrande blikket som dveler ved ulike sider av omgjevnadane finst også i Byens bønder.

Årets utgjeving er samtidig ganske annleis enn desse. Her blir det heilt frå omslaget av gjort tydeleg at drivkrafta kjem meir frå arkitektkontoret Fragment, med Arild Eriksen i ei viktig rolle. På dei første sidene etablerer Titland rammeforteljinga, der arktitekten med stort engasjement drar teikneserieskaparen inn i prosjektet det er å lage denne boka. Allereie her vert nokre av hovudpoenga deira synlege: Byen må bli funksjonsblanda igjen, med sjølvforsyning, berekraft og moglegheit for at fleire delar av livet skal vere innanfor gåavstand.

Kunstnarisk innramma informasjonsmateriale

Så skiftar perspektivet, og dei går frå å vise til å fortelje – eller kanskje meir presist: frå å vise teikneserien bli forma til å vise det dei har laga. Med det blir koplinga mellom rutene lausare, dei er lenger frå kvarandre i tid og handling. Det er også ei dreiing frå forteljing til forelesing. Det er ikkje så overraskande, prosjektet har tydeleg som formål å overtale og dyrke fram handling, vel så mykje som å vere teikneserie.

Grepet gir eit tydeleg temposkifte, der oppslaga rute for rute stoppar opp i ulike tider, med store sprang mellom dei. På eine sida gir det rom for å dvele ved ulike poeng dei ønsker å få fram, på andre sida hjelper det dei å trekke linjer mellom dei ulike tidene. Ein annan effekt av det er ein behageleg tregleik, av den typen ein kanskje bør ha sans for om ein vurderer å starte urbant landbruk. Alt er gjort i ein stil som på detaljnivå er litt rufsete og prega av tynne pennestrøk, og som på makronivå kjennes planmessig, med stramt perspektiv. Det er eit fint møte mellom det som kan seiast å vere ein kjend norsk fanzinestil og arkitekten sine prospekt. Rolege, duse fargar støttar opp under det bedagelege uttrykket.

Entusiasme for moglegheitene

I denne tregleiken blir det heile tida formidla ein tydeleg, men ikkje påtrengande entusiasme. Det kjem til dømes fram i overgangen mellom oppslaget der anlegget på Losæter blir presentert, som glir over i neste oppslag som viser ei rekke utsnitt av bylandskap. Det er eit skifte frå å vise eit landskap der vekstar har fått ta over mellom det urbane, til å vise urbane landskap der berre potensialet for grønt er synleg. Summen er ein tydeleg invitasjon til å fantasere om kva som kan bli.

Sjølv om boka ikkje er preikande, har den ein bodskap som skal fram. Det fører til ei rekke brot i den fjerde veggen, forteljarane har ikkje noko mot å vende seg direkte til lesaren. Nokre gongar er det for å stille spørsmål, andre for å førebu på kva som kjem på dei neste sidene. Desse grepa kjennes ikkje alltid like naudsynte, og dei trekker merksemda tydeleg mot at boka vil overtale oss om noko. Samtidig er jo ønsket om å mane til handling ei ærleg sak.

Kjelder til meining

Delar av boka bygger på samtalar arkitektane frå Fragment har hatt med brukarar av parsellhagar, på publiserte analysar og på informasjonsvideoar. Når teikneserien framstiller samtalar der konteksten er informasjonsinnhenting for analyseformål, får det tidvis eit litt artig og einsidig uttrykk. Det er talande at ei av kjeldene boka bygger på er “Bybonden i Oslo vil helst ikke snakke om urbant landbruk” frå plantidsskrift.no. Eg vil rekne med at dei personane som får tale i denne boka er brennande engasjert for arbeidet dei gjer med å bruke byen til dyrking. I teikningane ser dei nokre gongar ut til å vere fanga i ein situasjon som er uvant for dei, prega av den litt oppstylta samhandlinga det er å bli intervjua for å dokumentere noko.

Dette er ein konsekvens av formålet boka har. Den er meint å informere, teikne opp historia og å gi rettleiing. Desse formåla vil eg meine den fyller godt, sjølv om det nokre stader skin litt vel tydeleg gjennom at arkitektur-, plan- og byggesakssjargong er trygt innanfor forteljarstemma si komfortsone. Språket burde likevel formidle godt nok, om det av og til gir litt motstand. For oss som startar nærast på bar bakke i landbrukssamanheng kunne det likevel vere ein fordel om termar som “prikle” fekk ei forklaring.

Teikneserie på nokre nivå

Til slutt kjem boka tilbake til oppdragsgjevaren og teikneserieteiknaren. Dei har gått ut frå kontoret, men arkitekten har framleis meir å fortelje. Det er fornøyeleg korleis han held fram, stadig like engasjert, medan teiknarblikket trekk seg tilbake til eit oversyn på ein park med byen sine byggverk i bakgrunnen. Langt på veg er det den entusiasmen som ber prosjektet. Det er ein sterk vilje her til å hjelpe folk over hindra som finst, og til å endre byen til noko anna. Det er godt teikna, med eit blikk som skiftar fint mellom dei jordnære detaljane og overblikket som viser kontrastane mellom vekstar og bygg i byen.

Som startmotor for å kome i gang med urbant landbruk verkar utgjevinga vellukka. Som teikneserie lukkast den ulikt alt etter kva synspunkt ein legg an. Lest som teikneserie om å dyrke i byen, kjennest den litt distansert, noko statisk og fragmentert. Lest som teikneserie om å lage teikneserie om urbant landbruk, fangar den prosessen og møtet mellom kunstnar og oppdragsgjevar særs godt. Særleg fint blir det uttrykt i eit møte med ein representant for kommuna. Titland gir byråkratiet eit fantasifullt uttrykk, der rettleiingsplikta og dokumentasjonskrava blir rydda opp i med løvblåsar.

I alle tilfelle er boka eit engasjert og velgrunna innlegg i ein samtale om bruk av byen, om felles og individuelt ansvar, om samfunn og om potensial for omvelting.

Kyrre Matias Goksøyr
Litteraturvitar. I juryen for Kulturdepartementets priser for barne- og ungdomslitteratur 2018-2022. Har tidlegare vore redaktør for Norsk tegneserieforums Bobla og presseansvarleg for Oslo Comics Expo.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.