Anmeldelse
Du har ingen makt i denne situasjonen
Herman Breda Enkerud
Foot Books, 2023
Ifølge forlagspresentasjonen er boka ein teikneserie utan andre faste karakterar enn lesaren sjølv, ei fargesterk og mosaikkprega sjølvhjelpsbok full av nykommunistiske vignettar som vender seg til deg, lesaren, og fortel både kven du er og kva du skal gjere. Lever bokdebuten opp til løfta?
Illustratøren og bildekunstnaren Herman Breda Enkerud debuterte i 2018 på Haustutstillinga med verket Tre enker myrder sine menn etter hjemkomst, og var før det i performancekollektivet Narves1biblioteket. DU HAR INGEN MAKT I DENNE SITUASJONEN er ein tittel som formeleg ropar at den er del av den retninga som finn ganske stor glede i å tvinge fram spørsmålet “er det ein teikneserie?”. Det er også ein tittel som trekker tankane mot titlar som er utbroderte nok til at dei nærast konkurrerer med kunstverket om merksemd.
Den kraftig raude forsida med tittelen prega inn i svart, saman med den vaksne sidestorleiken, og relativt mjuke fargepaletten plasserer den ein stad mellom fanzine og fancy. Inntrykket av at det er utgitt som kunst, like mykje som teikneserie, blir forsterka av innlegget bakerst. Der er sidene gjengitt i svart-kvite miniatyrar på glatt papir med engelsk omsetting av teksten. Det kjennes litt ut som utstilling i bokform, med brosjyre for internasjonale publikum.
Kva har du å fortelje
Kvar enkelt side framstår for det meste som sjølvstendig og utan særleg sterke band til den neste. Det er ikkje mykje som minner om forteljing, ein kan kanskje spore ein slags konvensjonell kronologi i sidene som spør “Hvem skal du flørte med?” og “Hvem skal du ligge med?” Trass påstanden om at boka passar like godt for næringslivstoppar som for småbarnsforeldre i tidsklemma, kan det vere like treffande å seie at det er plakatkunst for alle som er meir online enn det som er godt for oss.
Leik med reklame- og influensarspråk finst det etter kvart ein del døme på i norske teikneseriar, og Enkerud leikar godt. Nokre sider er heilt på “Live, laugh, love”-nivå, som “You on you terms”. Andre nærmar seg meir sjølvhjelpssjangeren, som no har funne like god grobotn i sosiale medium som i glansa magasin. Eitt døme er sida “Hvordan kan du finne en løsning på dine problemer?”, der alternativa er “lysforhold”, “kjærlighetsforhold”, “foreldrene dine” og “yaoi” (Store norske leksikon definerer sistnemnde til å vere “om gutar som forelskar seg i gutar”).
Apropos sjangrar som fokuserer på skeive forhold, er det verdt å nemne fargepaletten Enkerud brukar. Mange stader er heile regnbogen representert, andre stader er det ei av dei meir spesifikke underdelingane av prideflagget som slår an tonen. Dei ofte subtile referansane blomstrar innimellom meir, som på sida med “reklameplakaten” for “Den NYE pratelinjen for homser” og ei side som blandar pornotitlar, blomster, eit par hestar og teksten “Foreldrene dine er stolte av deg // om de visste hva du gjorde nå”. Samtidig som skeiv identitet tydeleg er ein viktig del av boka, kjennes det ikkje ut som at boka har ein tydeleg bodskap å få fram. Det skeive perspektivet er der, og det er nok.
Kva meiner du
Ein av måtane boka spelar på influensartropane, ligg i spelet mellom presentasjonen av kva boka er og kva som faktisk er i den. Det er eit påfallande brot mellom den sjølvsikre påstanden om at boka både skal fortelje kven ein er og kva ein skal gjere, og dei stort sett heilt vage påstandane ein møter som lesar: “Du er midt i livet”; “Aksepter nederlaget”; “Det er fortsatt lov å være pasifist”. Min favoritt er “DET ER LETT Å BLI RADIKALISERT OM S☀️MMEREN”. Kva som er din favoritt, anar eg ikkje, men eg er ganske sikker på at eg korkje har blitt meir eller mindre radikalisert av den sida.
Ein påstand om meining, lagt over noko som ikkje greier å leve opp til påstanden, utgjer ein vesentleg del av det som blir publisert på profilar rundtom. DU HAR INGEN MAKT I DENNE SITUASJONEN let til å spele på desse løfta som ikkje blir innfridd. Fargevala og teiknestilen som vekslar mellom forenkla kroppar og sirlige detaljar, i Enkerud sitt tilfelle snirklete, blomstrande grafiske element, trekker tankane mine mot ein del av Brecht Vandenbroucke sine arbeid. No Comprendo siterer Vandenbroucke om utgjevinga White Cube at den er eit forsøk på å gå imot opplevinga av at alle, særleg innan kunstfeltet, skal meine noko om alt, og å vise meiningane fram. Enkerud og Foot Books ser ut til å gripe an den same tematikken frå eit anna utgangspunkt. Dei insisterer på meining, men lar det bli mest med påstanden.
To av sidene brukar same tekst ulikt. Orda “Fattige, selvopptatte fantasier” blir først vist fram med silhuetten av ein kropp som ser ut til posere forførande. Seinare i boka kjem dei same orda tilbake som parole på eit raudt banner. Banneret ber ein smilande person i skjørt, med sjukeleg grønt ansikt og armar, og raude føter. På neste sida får vi sjå forbi silhuetten som var synleg tidlegare. Ansiktet til personen viser seg med eit skyggelagt, tynga uttrykk. Kroppen er naken, men uroa skyv potensialet for erotikk bort. Poseringa blir framleis att.
Kva bidrar du med
Uttrykket i boka motset seg ein forteljande struktur. På eit vis skaper det hinder for å artikulere meining om den. Denne samlinga av tablå seier at den skal oppklare, men lar løftet om nykommunisme vise seg berre i nokre raude flagg, utan vidare filosofering. Den proklamerer at du er utan makt, men tar ikkje styring. Forlagsteksten lyg ikkje når den seier at lesaren er den einaste faste karakteren. Då er spørsmålet til slutt: Kva bidrar du med? Eg flirte.