Anmeldelse
Duften av furu
Bianca Schaalburg
Oversettelse: Ute Neumann
Spartacus/Minuskel, 2023
«Eit gjennombrot.» Slik er det Bianca Schaalburg skildrar funnet onkelen har gjort, og sendt henne i posten, av morfarens bortgøymde tenestebok, med hakekors på omslaget.
Eit ubehageleg syn, sjølvsagt, men når scenen utspelar seg, på side 78 i Duften av furu, den prisbelønte boka som denne hausten er ute i norsk omsetjing ved Ute Neumann, er både Schaalburg sjølv og lesaren godt førebudd på det som ligg i konvolutten frå Heinrich. Vi veit nok til å forstå at forfattaren, som er på oppdagingsferd i si eiga familiehistorie, først og framst tenkjer på det inkriminerande funnet som «ein skatt for arbeidet sitt.»
Fortidd familiehistorie
Duften av furu er ei bok med mange lag. På eit nivå vert ei familiehistorie fortalt, over eit heilt hundreår og med eit persongalleri som omfattar fleire generasjonar. På eit anna nivå er boka også ei skildring av arbeidet som gjer det mogleg å fortelje nett denne historia. Strukturen er kompleks – det vert gjort nedslag i ulike årstal, og boka hoppar fram og tilbake i tid og rom. Vi møter menneske – inkludert Schaalburg sjølv – på ulike stadier i sine liv, både før og etter livsendrande erkjenningar. For ikkje å forvirre lesaren, markerer ikkje berre Schaalburg årstal i underkapitla, men varierer også bruken av palett. Det er eit enkelt grep som har ein slåande effekt, og gjer det greitt å orientere seg – den fiolette fargen, som i ruta over, er til dømes brukt på sider som skildrar tidsrommet hennar eiga gransking føregår i. Når ulike tidsplan møtest eller kryssast, er dette også reflektert i fargebruken.
Forteljinga til Schaalburgs morfar vart ikkje fornekta av familien, men systematisk tauslagd. Dette gjorde det vanskeleg for mor hennar å finne ut stort om han. Duften av furu er dermed også eit prosjekt der neste generasjon prøver seg på eit erkjenningsarbeid den førre ikkje var i stand til å komme til botns i – boka er då også dedisert til mora Edda.
Møtet med Clara
Det å gradvis oppdage ei tabubelagt, fortidd familiehistorie mogleggjer ein heilt eigen sviande narrativ motor: Lesaren sympatiserer med forteljaren, som kvir seg for det ein anar ein vil finne. Samstundes gjer kjensla av at det å grave vidare vert uunngåeleg seg gjeldande for begge partar. Slike forteljingar utgjer ein aldri så liten tverrmediell sjanger i seg sjølv, her til lands nyleg representert ved Heming Gujords Skåla. Mitt landssvik. Ein sorgprosess (2022), der litteraturprofessoren som har forska på antisemittisme i litteraturen finn ut at hans eigen bestefar var landssvikdømt NS-medlem. Går ein nokre år tilbake i tid, og ser etter teikneseriebøker, vil elles Lene Asks Hitler, Jesus og farfar (2006) vere ein uomgåeleg referanse i norsk samanheng. I Schaalburgs heimland er elles Nora Krugs Heimat (i norsk omsetjing i 2019) ein tydeleg forløpar for Duften av furu.
På det tidspunktet Schaalburg går i gang med å prøve å finne ut meir om morfaren, har historia hans noko omtrentleg over seg. Ho kjenner til at han var stasjonert i Latvia, men kva for rolle han spelte der er uklar. Undersøkjingar gjort både i Berlin, og på reise til Latvia, skal vise seg ikkje å føre henne fram til noko meir definitivt enn kvalifiserte hypoteser.
Dette er i seg sjølv eit viktig aspekt ved Duften av furu, for utfallet av granskingane fører likevel Schaalburg til andre innsikter som er vel så vesentlege som det som dreier seg om morfarens skuld. Særleg sentralt i så måte er det når ho oppdagar at tre jødar viser seg å ha budd i same bygning som besteforeldra på morssida har halde til i, frå midten av 1930-talet og frametter.
Interessa for lagnaden til dei tre – Clara Hipp, Margrete Silbermann, og Carl Loewensohn – som alle vert drepne i konsentrasjonsleir, får ein viktig plass i boka. Forteljinga omfattar dermed etter kvart eit persongalleri som plasserer seg på motsette sider i krigen, men med same lokale forankring – dei har eksistert side om side, så å seie. I ein av dei mest slåande passasjane i Duften av furu ser vi skuggen til Clara Hipp på reise med trikk gjennom Berlin i ei rute (i brunt), og Schaalburg sjølv i same vogn, fleire tiår seinare (i lilla), i neste rute. Lesaren skjøner at forfattaren føresteller seg Hipp i eit ledig sete. I ruta som følgjer, møtest dei to tidsplana, i ein type kreativ rekonstruksjon som, gjort akkurat slik, må seiast å vere unik for teikneseriemediet.
Berlins anatomi
Den vesle trikketuren, som er over i løpet av nokre få ruter, reflekterer også at Duften av furu i aller høgste grad er ei bok om Berlin, og menneska som har levt der, i konflikt med kvarandre, og i lojalitet med kvarandre, i ein by som har vore åstad for store historiske drama.
«Dei døde er meir levande enn dei levande i Berlin», skriv Stephen Barber i anslaget i Berlin Bodies: Anatomizing the Streets of the City (2017), ein kulturhistorie om menneskekroppen i Berlin, og held fram: «Dei levande er er ikkje verkeleg djupast sett der endå, ikkje før dei har døydd.» For dei fleste byar vil ei slik utsegn verke som ein pretensiøs floskel, men let ein kunsthistorikaren, som har gått høgt og lågt i byens mange gater i eit kvart hundreår, få bruke boka på å forklare kva han meiner, gir orda til slutt meining. Barber skriv om bygningar, plassar og rom, og hendingar som på ulike måtar har sett sitt preg på livet der, slik at Berlin Bodies gir lesaren kjensla av kor intenst det historiske så å seie kviler rett under overflata på kvart gatehjørne.
For denne lesaren, som fleire gonger har gått gatelangs i byen, vert ikkje minst Duften av furu ei synleggjering av kor nært det fortidige kan verke i Berlin. I sine undersøkjingar i notid, beveger Schaalburg seg også rundt ei fortid ho leitar seg fram i. Ikkje berre i byrommet, men i ulike arkiv ho finn vegen til, lokale som rommar kjelder som kan hjelpe henne med fleire brikker til puslespelet ho prøver å leggje. Puslespelmetaforen vert forøvreg meir enn eit ordspel i Duften av furu – Schaalburg realiserer han nemleg visuelt, eit grep ho gjer bruk av fleire stader i boka, og fyller med ulike tydingar.
Nokre stader vert Duften av furu i overkant teksttung, men når boka likevel slett ikkje kollapsar under vekta av sine mange historiske og forteljetekniske lag, så er det ikkje minst fordi Schaalburgs uttrykk er så dynamisk – det skjer noko heile tida. Boka krev ein konsentrert lesar som helst også er interessert i å nærme seg ikkje berre enkeltmenneskets historie, men også kollektivets, i vid forstand. Persongalleriet omfattar etter kvart fem generasjonar, og Duften av furu er i høgste grad ei forteljing om Tyskland og om Europa. Ambisjonane er altså høge, og utfallet imponerande. Samstundes som Schaalburg skildrar ein levande minnekultur, medverkar ho også sjølv til å gi denne form – ein krevande kombinasjon som må seiast å vere noko av ein prestasjon.