Vidaregåande er over. Ingenting har gått som planlagt. Ingenting har ordna seg, men noko skal ein gjere. Og der det er liv, er det håp. Eller?

Drabant vol. 1 var ein imponerande teikneserie frå to erfarne debutantar. Øyvind Holen, ein av landets mest produktive teikneserie- og hiphopskribentar, og dataspelutviklaren og illustratøren Mikael Noguchi hadde tidlegare laga HipHop og vunne Kulturdepartementets fagbokpris for barn og ungdom for den. I 2012 hadde dei saman laga noko ganske uventa – og veldig etterlengta. To år etter er andreboka her, og spørsmåla er då: Har dei greidd å følge opp? Har dei samla trådane dei let ligge i slutten av førre bok?

Vertigo

Debuten tok vennane Fredrik og Victor med gjennom ei barsk historie flakkande mellom drabantbyane og Oslo sentrum i 1994. Med større ambisjonar enn salgbare evner var ungdommane meir opptatt av grafitti, dop og hiphop enn av å kome seg gjennom vidaregåande. Det var ei solid bok, med meir slektskap til spenningsseriar frå amerikanske utgjevarar som Vertigo enn Christopher Nielsen sitt Oslo.

drabant2_male1
Illustrasjon: Mikael Noguchi

Oppfølgaren føregår sommaren etter handlinga i førsteboka. Hovudingrediensane er dei same, men konflikta med politiet er i ferd med å eskalere. Fredrik, som handlinga spann rundt i vol. 1, går mest under målarnamnet Deks, i alle fall når han ikkje jobbar på Kiwi. Kunstskule kom han ikkje inn på. Victor og Camilla, dei to andre delane av trekantdramaet, trår også vatnet. På grunn av hendingane dei i mellom har dei tre ikkje hatt vidare kontakt med kvarandre sidan sist.

Ambisjonar er rota til alt vondt

Boka er bygd opp med tre kapittel, der desse tre har hovudrolla i kvar sin del. Først ut er Victor, alias Senc. Han vil kome seg opp og fram, saman med crewet sitt. Det handlar om å måle størst og høgast, og i opninga av boka er dei på veg opp på eit høgt bygg med bratt tak. Konsekvensane som følgjer gir denne boka det nødvendige drivet framover, der politiet si jakt på ungdommar med sprayboksar får ei stadig meir sentral rolle.

drabant2_barnehagen
Illustrasjon: Mikael Noguchi

Camilla prøvar å kombinere klubbliv og assistentjobb i barnehage, og slepp etterkvart å velje. Under gravølet over jobben møter ho ein talentjeger med ambisjonar og overtydingsevne. Han viser seg å ha kontakter med gamle kjenningar, om ikkje gamle vener, av Victor. Med tanke på bakgrunnen deira, verkar det klart at Holen og Noguchi har planar om å fullføre den historia ein gong, berre ikkje i denne boka.

Fredrik si historie tar størstedelen av boka, og i løpet av denne møtes dei tre igjen. Oppbygginga fungerer godt. Den sørger for å utvikle særleg Victor og Camilla som figurar, og gir dei stemmer på eigne vilkår. I vol. 1 var Fredrik ein tydeleg hovudperson. I denne boka er det Fredrik som bind historiene deira saman, men det er ikkje gitt at han står like sentralt i neste bok.

Bakgrunnshistorie

Noguchi og Holen gjer byen og tida levande. 90-talet er truverdig, og entusiasmen til serieskaparane smittar over. Dei gjer miljøet som heilskap meir forlokkande enn dei enkelte delane av det kan forsvare. Byen er fylt med folk, og både folka og bygga er fylt av liv. Miljøet er det som ber Drabant, og historiene til Fredrik, Camilla og Victor er på mange måtar representative for miljøet. Dei er interessante nok, men det er ikkje utan vidare noko spesielt ved dei. Dei verkar meir som nokre stemmer av fleire, og så langt kunne Drabant fint hatt andre hovudpersonar.

drabant2_tbanen
T-banen i 1995. Illustrasjon: Mikael Noguchi

Langt på veg er det grunnen til at bøkene er så gode. Noguchi og Holen fortel om tida og staden, meir enn om nokre ganske vanlege ungdommar sine opplevingar. Noguchi har teikna ut eit Oslo der kvar enkelt person, i butikken, på T-bana og i klubbkøa let til å ha eit heilt liv. Dei meir eller mindre perifere figurane, sett frå triangelet sitt synspunkt, har alle fått fullverdige ansikt. Med det følgjer ei stemme, og ei historie.

Meir enn eit ansikt i mengda

Noguchi sine teikningar er meir utførlege enn sist. Sjølv om dei framleis er rå, er dei ikkje like grove. Ansikta Noguchi teiknar er også ei historie for seg sjølv. Dei har blitt endå meir animerte sidan første bok. Dei får også meir plass, og store delar av boka er nærbilete av ansikt. Overdrivingane er fabelaktige, og dei vridde, asymmetriske fjesa fangar tenåringane sin manglande sjølvkontroll perfekt.

drabant2_klatrer_pa_tak
Illustrasjon: Mikael Noguchi

Desse tinga gjer at det er svært lett å sjå forbi nokre småting som skapar undring: Kvar kom det balltreet frå? Og kvifor greier ikkje nokon som har folk til å selje narkotika for seg å finne nokre ungdommane som stal frå dei? Oslo er ikkje så stort, og innskrenkar ein det til submiljø kan det ikkje vere så vanskeleg å finne nokon?

Store forventingar

Drabant vol. 2 har altså fleire subplott, om ein vel å telje Fredrik si historie som hovedplottet. Den tek størstedelen av boka, og det er hans historie som fekk mest plass i første bok også. I tillegg kjem dei trådane som ikkje vart samla opp i første bok. Samstundes er det noko misvisande å kalle det plott. Også teikneseriar som blir gitt ut i delar, der kvar del går inn i ei større historie, brukar å ha ein meir tradisjonell indre struktur i kvar enkelt samling. Endå meir enn vol. 1 gjorde, bryt denne boka med forventinga om ei slik oppbygging. Det er mykje som hender, og det er mykje spenning, men Drabant vol 2. er ikkje ei bok med ei forteljing som byrjar, utviklar seg og får ein ende.

drabant2_headon
Den legendariske køen til Head On som visse i redaksjonen fortsatt er bitre for at de aldri slapp forbi. Illustrasjon: Mikael Noguchi

Førsteboka hadde heller ikkje nokon klart definert slutt. Den gjekk rett frå cliffhanger til fjern epilog, men i andreboka trekker Holen og Noguchi dette endå litt lengre. Dei splittar opp historiene, tvinnar dei saman ei kort stund før figurane held fram i si eiga bane. Så slepp dei trådane på siste side, før noko eigentleg er avslutta. Det er ikkje openbert kvar dei har tenkt seg med Drabant, men den brå avslutninga verkar i større grad planlagt enn i førsteboka.

Fleirstemd

Desse to bøkene verkar ikkje som delar av ei større historie slik til dømes Vertigo-seriar gjerne er lagt opp, det er her meir snakk om utsnitt enn avsnitt. Drabant står i eit interessant forhold til slike. Særleg i meir “jordnære” seriar, som DMZ og 100 bullets, finst det slektskap i stil, stemmer og figurar. Desse har likevel ein mykje strammare og fastare dramaturgi enn det Drabant vol. 2 viser fram. Dei felles trekka i format og stil skaper ei forventing Holen og Noguchi ikkje ser ut til å ha planar om å oppfylle. Vol. 1 gav inntrykk av å vere ei sterk, tradisjonell spenningshistorie som serieskaparane ikkje heilt fekk avslutta. Vol. 2 skaper eit inntrykk av to serieskaparar som har blitt tryggare på kva dei vil. Dei let ikkje stemma til Fredrik ligge oppå og styre, i eit eige diegetisk lag, slik det var i første boka. Drabant vol. 2 er fleirstemd. Det gjer at den er den er meir som ein roman enn dei fleste teikneseriane som får det ordet hekta på seg.

 

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.