Rundebloggen var i fjor heilt utan mål og meining, eg hadde ikkje så mykje eg ville seie. 

I år skal den rett og slett berre vere ein månadleg blogg. Veldig få teikneserieskaparar fyller 40 utan enten ein solid hit eller ein stabil bijobb, men ta-da! Det har eg klart! Og sidan eg ikkje anar korleis eg får det til, skal eg no dele med dykk kva som skjer kvar månad i eitt år. 

Januar

Den nest dystraste månaden i året. Vanlegvis kompenserer snøen for at det er så mørkt, men dette året er det jo ingen snø, og dei enorme brannane i Australia, med ein milliard medfølgande døde dyr, har gjort sitt til at januar i år kanskje slår februar i grimhet. 

Ida Neverdahl har laga ein serie i Stavanger Aftenblad der ho mobbar byen for oljeavhengigheta si, og sprer vegansk propaganda som normalt. Eg grublar over om eg har blitt for politisk, og om det har hindra meg i å funke normalt som serietegnar. Eg er jo dessutan sint så masse. Ingen vits i å vere sint. 

Men klart: Det ER vits i å vere sint. Det har Greta Thunberg vist oss. Vi må vere sinte så mykje vi orkar, og så ta oss pausar og vere konstruktive når vi det må. Eg er manisk oppteken av framtida, til dels såpass at det er ubehageleg for meg sjølv. Alle som har prøvd å tenke hardt på framtida i fem minutt i 2020, og som ikkje er heilt dumme, forstår truleg at å konstant gå rundt og tenke på den, lese om den og prøve å romme den i sin kropp er ei oppskrift på krise, og det var litt det som fylte 2018 og 2019 for meg. (I tillegg hadde eg jo ein heartbreak, og TILFELDIGVIS brukar eg alltid klimakrisa som påskudd for å vere trist når eg egentlig berre er … trist.)

I fråvær av evna til å lage tegneserie, så snubla eg over Kristopher Schau på ein kafé. Eg byrja å bable om Aleksej Leonov, den første personen som vandra i rommet. Då Leonov gjekk ut av romskipet, oppdaga han at romdrakta blåste seg opp i vakuumet, og han vart for stor til å gå inn igjen. Verdas minst trivelege situasjon. Aleksej turte heller ikkje å seie frå til bakkemannskapet om problemet, for USA lytta jo på radiosendingene … og dette ville vere flaut.

Så Leonov opna sin eigen ventil ute i verdsrommet og slapp ut luft. Til slutt kom han seg inn igjen.

Eit eller anna må ha skjedd, kanskje eg fortalte historia med over middels energi, for litt seinare hadde eg joggu ein podcast med min pubertets desiderte favorittradioperson, Kristopher Schau. Han fann på namnet 80%, sidan han mistenkte at kun åtti prosent av alle greiene eg fortalte han var korrekt. Vi fekk også med, for forbedra fleksibilitet, vår felles, faktafetisjerande, frydefulle frende Frode.

No tenker du kanskje at det å starte podcast ikkje er teikneserierelatert – men det er det. For podcasten oppsto fordi eg fortalte til Kris at eg gjerne ville gjere noko med han igjen, men at teikneseriar hadde blitt heilt håplaust sidan sist vi samarbeida. I 2002 fekk eg 800 kr (som kris sin illustratør/medforfattar) for ei side av serien Margarin i bladet Smult. I 2019 var det ingen blad som tilbaud noko som helst for den typen serie – og 800 kroner ville uansett ikkje gi meining for det nivået av arbeid eg ville foretrekke å putte inn. 

Ikkje at det ga meining i 2002 heller, men då var eg for ung og gal til å bry meg, eg lagde teikneseriar som gåver til gudane og rekna med at dei ville velsigne meg med noko før eller sidan. Og det har dei for så vidt gjort – eg har fått lov å halde på, stort sett med nok mat heile tida.

I tillegg har eg i dei 18 åra frå eg forlot filmskulen i Kabelvåg også gjort følgande: 

  1. Lite ølkjøping ute på byen, bortsett frå akkurat den mengda som trengst for å vise at ein kan dei sosiale normene (når nokon kjem med tre øl og dermed tvinger fram ein situasjon der eg må kjøpe tre øl neste gong, er eg framleis litt stressa)
  2. Ikkje fått barn. For nokon er det å få barn heilt kompatibelt med serieteiknarlivet. Flu Hartberg, til dømes, sa i min gamle podcast “Sinnssyk i Gærningsøyeblikket” at det å vere teikneserieskapar er den einaste jobben som passar saman med å ha barn. Likevel har eg tradisjonelt vore ganske forsiktig med sånt. 
  3. Vore god til å halde foredrag. Kan ikkje få sagt dette klart nok. Show, scenekunst og presentasjonar har tariffar, og tariffane er utvikla av folk som faktisk har ordentlige ting på gang elles i livet. Dette er nøkkelen til økonomisk framtid. Altså reint konkret er nøkkelen å kunne halde foredrag, men på eit djupare nivå er nøkkelen å alliere seg med folk som tek det for gitt at førti minutt prating må belønnast med tusenvis av kroner. 

Trass i mange ulike og fine foredragsjobbar følte eg likevel at 2019 var ufokusert. Det var til dels sjølvforskyldt: Eg klarte ikkje å bestemme meg. Ein teikneserieroman kan fort ta fem år å utvikle i mål, spesielt når du som meg likar research. Futen tok åtte år. 

Eg hadde starta på ulike ting, men klarte ikkje å finne ut kva som var vits i å gjere. I staden skreiv eg synopsis til nye ting. Å skrive synopsis hjalp veldig, det var som å føle at eg hadde gjort noko, men i staden for å bite meg fast, lot eg synopsisa ligge og fann på nye. 

I denne loopen av uferdige ting, vart podcasten 80% på mange vis redninga. Rett nok skaffar heller ikkje den pengar så langt, men det får vere grenser for kva ein krever av livet. 

Men med fornya futt og entusiasme lagde eg ein søknad med sju synopsis i. Eg sa «eg lovar å få til to av dei greiene her innan X år». Den slo til og, og brått var eg på tegneseriekjøret igjen. Meir om det framover … 

Sidan ting brått hadde litt flyt, fulgte eg rådet til Morten F. Thomsen – arrangør av KanonCon, ein fin festival for tegneseriar, spel og tegneserierelaterte ting – om at eg måtte opprette meg ein Patreon.

Brått fekk eg ei kjensle av å ha eit publikum som brydde seg, og ein stad å putte ting. Det forløste eit nytt behov som eg hadde hatt: Behovet for å forplikte meg til ein deadline.  

Den nest beste julekalenderen i desember var min. TELEBOY, ei fortelling i 25 kapittel som eg la ut på patreon.com/runde i håp om å gå viral og lokke masse folk til å støtte patreonen min. Det funka litt, og ikkje minst, det var ekstremt stas å skrive på forteljinga om Sigve, den teleporterande tolvåringen, kvar dag. Historia var allereie skriven til nevøen min, men til kalenderbruk gjekk eg gjennom den og fresha den opp ein del. 

Den BESTE julekalenderen var nok @stalbjornen på instagram. Stefan Johansson, ein svensk Bamse-teiknar som på fritida lagar ein mashupserie av svensk og internasjonal teikneseriemytologi. Kanskje mest givande for store teikneserienerdar, men eg tek no i alle fall dei fleste av referansene, og jule-plottet skildrar den kanskje største trusselen mot Stålbjørnen sitt hyllest-univers: Copyrightlovene, i form av det lovecraftianske monsteret ©htulhu. 

View this post on Instagram

En #tillbakablick till #stålbjörnen #1

A post shared by Stefan Johansson (@stalbjornen) on

Her er stripene er samla på ein litt meir ordna måte. Svensk intervju med Stefan her.

Første mars er fristen til å sende inn kulturrådssøknad, for å få meir støtte til det eg håper vert ei bok. Eg har meir enn nok GREIER liggande, men vil det koagulere til ei bok som eg er happy med? Eg må jo sette ihop nokre greier i Affinity Publisher, og få roa meg ned nok til å ta kontakt med ein redaktør. 

Følg med i februarkapittelet av … RUNDEBLOGGEN!


[Foto frå podcastinnspeling av Frode Hanssen.]

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.