
Anmeldelse
Enemy Invasion – Bare et spill
Steffen Sørum, Håvard S. Johansen og Mikael Noguchi
Vigmostad & Bjørke, 2026
Stakkars, stakkars gutane. Dei fiksar ikkje skulen, dei fiksar ikkje forhold, dei heng igjen i fortida. I samfunnsdebatten er gutane ofte framstilte som enten tragiske offer for ei feminisering av samfunnet eller hypermaskuline og anakronistiske incels. Dei er på same tid synlege og usynlege. Når var det eigentleg det butta? Kvar har det blitt av alle gutta?
Nokre av gutane finn ein i alle fall i Steffen R. Sørum, Håvard S. Johansen og Mikael Noguchis teikneserie, Enemy invasion: Bare et spill. Boka, som er den første i ein planlagt serie, er dels kjøkkenbenkrealisme, dels sci-fi-konspirasjonsthriller og dels eit openlyst frieri til gutar som vanlegvis ikkje les så mykje; til usynlege gutar.

Usynlege gutar
Mitcho lever eit temmeleg miserabelt ungdomsliv i ein storby som er meir Mean Streets enn Oslove. Mora er halvt til stades, faren er forsvunnen på mystisk vis, og på anna kvart hjørne lurer gangsterar. Ikkje rart han rømmer inn i gamingverda, nærmare bestemt sci-fi-spelet Enemy Invasion.
Draumen om å vinne og flytte inn i eit gaminghus flyttar seg nokre knepp nærmare då han og kompisen Ricco, etter det som verkar som eit mislykka raid, plutseleg blir inviterte til Malmö for å delta på Gamers Guild. Det viser seg snart at amerikanske styresmakter nyttar spelet til å rekruttere gamerar til heilt andre, verkelege oppdrag. Samtidig har Mitcho rota seg inn i ein farleg konflikt med gangsteren Barish. Den usynlege Mitcho har med eitt blitt veldig synleg.

(U)verkelegheit
Forlaget marknadsfører teikneserien som ein «unik gamingtegneserie!», noko som er delvis sant. Boka er skriven av Sørum og teikna av Johansen (Trolljegeren) og Noguchi (Drabant), begge med svært ulik og karakteristisk teiknestil. Det er eit forfriskande grep på fleire måtar. Johansens realistiske og organiske teiknestil passar godt til den traurige verkelegheita, medan Noguchi illustrerer gamingverda på ein forenkla og fargesterk måte. Kontrasten mellom dei to teiknestilane bidreg til å forsterke verkelegheitsflukten. Johansens bakgrunn frå storyboarding og Noguchis frå spelutvikling bidreg også til at boka balanserer mellom spel og røyndom på ein truverdig og levande måte. Det estetiske, men litt vel enkle speluniverset gjer det likevel litt vanskeleg å tru på at Space Invaders Enemy Invasion er eit av dei mest populære spela i teikneserieverda.
Sørum har eit særleg engasjement for gutar og lesing, noko som også er tydeleg i Enemy Invasion. «Hvis litteraturen ikke oppleves relevant, forsvinner gutter som lesere», skreiv han i Aftenposten i 2019. Akkurat kva som er relevant for unge gutar er ikkje alltid lett å bli klok på, men her er i alle fall nok dramatiske element (konspirasjon! dårlege foreldre med hjarte av gull! gangsterar!) til at ein kanskje får med seg dei 12-16-år gamle gutane boka er retta mot. Relevansen kjem også til uttrykk i at karakterane snakkar slik ungdom snakkar. Blandinga av engelsk, gamingspråk, multietnolekt og banning verkar i alle fall ekte.
Mitcho er framstilt som ein oppfarande klump av testosteron som ikkje kjenner seg heime i kvardagen. Det er forfriskande med ein hovudperson det er litt vanskeleg å like, og han gir ei stemme til gutar som ikkje er så vanlege å finne i teikneseriar for ungdom. Ricco er den meir kjenslevare sidekicken som forsøksvis balanserer den stereotypiske framstillinga av pubertale gutar.

Urealistisk realisme
Forteljingar om plaga og farlause, men utvalde gamerar er eit vanleg motiv ein finn både i filmar som The last starfighter (1984) og bøker som Ernest Clines Armada (2015). Det er nesten å rekne som ein våt gamerdraum. Sørum, Johansen og Noguchi tilfører likevel eit tydeleg samtidsblikk ved å fokusere så kraftig på å forstå kva unge gutar i dag balar med. Dessverre er det også litt av problemet med teikneserien.
Enemy Invasion insisterer på å forstå unge gutar sine behov ved å dynke karakterane i realistisk tristesse, samtidig som han set fleire overdrivne handlingselement oppå kvarandre. Boka prøver å vere to forskjellige ting på ein gong, både ein samtidskommentar og eit actionfylt sci-fi eventyr, noko som gjer at begge delene står i fare for å bli vanskelege å tru på. Handlingstråden knytt til Mitchos farlege dobbeltspel med Barish er til dømes noko som kolliderer med forteljinga om den inneslutta og plaga gameren.
Boka fungerer betre som eit underhaldande actioneventyr enn som ein diagnose av unge gutar. I dei neste banda kan teikneserieskaparane med fordel stole meir på forteljinga og fokusere mindre på behovet for å tydeleggjere kven dei skriv og teiknar for.















