Så har eg oppdaga MangaRock-appen, då. Umåtelege mengder manga, som berre kan legge seg i iPaden min utan kostnad. 

På grunn av den, har eg oppdaga sørkoreanaren Boichi, som per i dag er busett i Japan og gjer det latterleg skarpt der. Ikkje så rart: Origin og Dr. Stone, som eg har lest der, er innmari bra. Origin er hans “Blade Runner”, om ei androide som lurer på kva det er å vere menneske, og stadig oppgraderer seg sjølv (og slåst mykje). Dr. Stone er ei blanding av pedagogikk, scifi og samfunnsdrama, der eit par vennar vaknar til live i ei fjern framtid og må bygge opp sivilisasjonen på nytt ved hjelp av steinalderteknologi, rå styrke og enormt mykje (pedagogisk levert) kunnskap om fysikk, kjemi og natur.

Dr. Stone vart ein så stor suksess at Boichi valgte å avslutte Origin litt vel kjapt, sidan han gjorde dei to parallellt (noko som i seg sjølv er heilt vilt). Origin har difor ein litt forhasta finale. Serien er like fullt så vanvittig bra teikna at den nesten kunne vore om kva som helst, og at den har eit måteleg kurant scifiplott med sånne klassiske “kva er eg”-greier, er noko ein berre må vere takksam for. 

Men kva med meg, som agiterer for at serieskaparar må få meir løn, men les gratis manga på iPaden? Kva er EG?

Det å sørge for at mangakas får betalt for arbeidet sitt er vrient. MangaRock er ein aggregator, dvs appen knabbar scanlations frå websider som i sin tur har knabba dei andre stader, og leverer dei i ei praktisk form. Det er altså ikkje berre mangateiknarane som vert scamma, men også websidene som hostar mangaen. Dei som veit at dei jobbar gratis er vel scanlatorane sjølve: Ivrige fans som har scanna, omsett til engelsk, og nennsomt teksta seriane på nytt. Tidvis er scanlations betre enn ting som har kome ut profesjonelt.

Ein bør sjølvsagt tenke på dette, og ein kan sjå for seg at manga taper noko på denne enorme flyten på internett … men i praksis er det vrient å gå i ei mangaavdeling på Outland og synast veldig synd på bransjen. Manga har overlevd internett. Så langt. Situasjonen er litt annaleis i Japan, der internett faktisk ER eit problem. Men i vesten er appar og scanlations i praksis den einaste måten å få lest ein del ting. Og eg vil lese dei tinga! Etisk drøfting over. 

Så kjem vi til trinn to i denne etiske drøftinga:

Bør ikkje norske seriar som berre eksisterer online, også ha kulturstøtte? Er ikkje Øyvind Lauvdahl sine instagram-greier av verdi før dei når papir? Eller Hanne Monge Sigbjørnsen sine? Eller kva med Karl Nygård / Karl Kent / Will Smith (genialt barn har mange navn) sitt nydelege, snurrige meisterverk Siri Sashimi? Må han trykkast på silkepapir og dekorerast med gullfolie, eller er det mogleg å støtte han utan at han kysser det heilage papiret med sitt magiske blekk? 

EN KOMMENTAR

  1. Interessant innlegg, tror det er mange som kjenner seg igjen. Slik jeg forstår det så kan man søke på støtte til nettserier i søknaden for litteraturproduksjon hos kulturrådet. Men det er for å ferdigstille produktet.

    «For søknader om produksjonsstøtte til løpende tegneseriepublikasjoner gjelder særskilte regler, se «Krav til søknaden» under.» https://www.kulturradet.no/stotteordning/-/vis/litteraturproduksjon

    Siden jeg jobber med digitale tegneserier gjennom mitt eget arbeid og InkyPen, en digital tegneserieplattform, så er ønsket om bedre støtte rundt digital publisering en viktig sak. Og hvor enn glad jeg er i fysiske publikasjoner, så er det umulig å ikke se fordelene med det i forbindelse med utnyttelse av naturressurser.

    Hva det første punktet angår, så er det mange serier jeg aldri ville ha blitt eksponert til uten sider som mangarock. Dr. Stone er en av dem. Det har ofte ressultert i bokkjøp i ettertid. Det er også en stor industri i Japan rundt «merch». Nå husker jeg ikke helt kilden min til dette, men en manga-tegners lønn er ikke noe å skryte av, med mindre den blir plukket opp og blir animert serie. For dette betyr også merch, og royalty inntektene kan bety ganske mye for forfatteren. Hvis jeg husker kilden min riktig.

    Uansett, dette ble en lang kommentar. Interessant lesing!

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.