Anmeldelse

Floke 2: Inn i Skrømtskogen
Ida Eva Neverdahl
Samlaget, 2021

Med Inn i Skrømtskogen held Ida Eva Neverdahl fram reisa med vikingguten Floke akkurat der den førre delen stoppa for eit år sidan. Det er umiskjenneleg Neverdahl, og for den som hugsar så langt tilbake som eit år sidan, er det umiskjenneleg Floke.

Saman med han er framleis vikingspøkelset, kua Kringla og det mytiske sverdet friðr. Dei er framleis på veg mot å løyse det store oppdraget sitt – å stoppe Ragnarok. På reisa i andre bok skal dei møte både underjordiske, Nøkken, troll og trolljegar, folk og dyr frå den norrøne mytologien og nokre karakterar med sterkare slektskap til Adventure Time og Zelda.

Dempa palett

Også i denne boka er fargevala relativt dempa. Sjølv den flammande Sutr som held på å gjere hæren sin klar til krig mot gudane, er teikna i ein roleg, haustraud tone. Paletten bidrar til ei triveleg atmosfære. Rett nok er det alltid ein fare for å bli eten av monster eller drept av krigarar – dette er jo ei mytisk vikingtid – men risikoen er aldri veldig påtrengande.

Dette er også ei verd der dei fleste konflikter kan løysast ved å vere snill og grei. Og om det ikkje fungerer, eller konflikta har oppstått fordi ein har vore snill og grei med “feil” folk, kan ein alltids rømme i ein flugesoppsportsbil (med sidevogn til kua).

Plastiske karakterar

Floke er utstyrt med magisk hår som har plass til mykje. Det er unekteleg praktisk for nokon som er på eventyr og difor både får og finn ting ein treng å bere med seg. Dei fleste kroppane i denne verda er ganske tøyelege. Det bidrar også til at verda Floke rører seg i kjennest litt som eit hoppeslott. Fargerikt og spennande, men også mjukt og trygt.

Heilt utan ubehag er det ikkje, Ragnarok driv og trugar ein stad rundt hjørnet, men forteljinga passar på å vise at det ordnar seg. Kvart av dei fire kapitla rotar Floke og venane opp i trøbbel. Før neste kapittel startar, løyser det seg, på meir eller mindre tilfeldig vis. Med til neste kapittel får Floke med eit godt råd, eller ein ny ven og hjelpar.

Ullent terreng

Følgjet er på ein humpete veg, og det har ein parallell i nokre val Neverdahl gjer i teikningane. Konsistent uttrykk i karakterane er ikkje sterkt i fokus. Tradisjonell anatomi er heller ikkje høgt opp på lista av prioriteringar. Slik er det jo oftast i Neverdahl sine seriar. Teikningane vekslar også mellom heilt naive, flate og barnlege uttrykk og modnare komposisjonar. Bakgrunnane skiftar mellom det einsfarga og det meir detaljerte, men stort sett er utsnitta så tett på figurane at verda dei er i, ikkje blir like viktig som figurane i den.

Til saman utgjer dette eit leikande og uhøgtideleg uttrykk som kan passe fint for ei yngre aldersgruppe. Språket er passande tøysete og ville vore komplett upassande om det låg ein slags ambisjon bak om å vere korrekt. Likevel er det vanskeleg å argumentere mot at “Øy! Eg er berre 15 % sopp!!” og “Slutt! Det er mitt private hår! Urk!” er to av mange døme på dialog som ville sklidd rett inn Den yngre Edda, om ikkje den eldre.

Laus og ledig

Den sprettande eventyroppbygginga trekker merksemda meir mot innfalla og dei fikse ideane enn ei overordna forteljing, sidan boka som heilskap ikkje har mykje til byrjing og ende. Det fungerer på mange vis fint. Innfalla er engasjerande og lattervekkande, energien i forteljinga er høg. Fjasinga med norrøn mytologi bør vere underhaldande både for dei som kjenner mytene og dei som knapt har høyrt om Marvel-variantane.

Andre bok er også prega av ei lysare stemning enn første boka. Det kler den godt. Likevel kunne Neverdahl ofra litt meir tanke til å hjelpe gamle og nye lesarar inn i og ut av forteljinga. Det går ein trygg tredel av boka før gamle lesarar blir mint på kven den lyseblå flytande, hundeaktige figuren er. Om den påminninga gir meining for nokon som ikkje har lest første bok, er kanskje uklart. Sånt kan gjere den vanskelegare tilgjengeleg enn den hadde trengt å vere. Sjølv om Floke 2 er best lest saman med den første, er den ei fornøyeleg bok som fint bygger ut Neverdahl si historie om Floke Skrufson.

Litteraturvitar. I juryen for Kulturdepartementets priser for barne- og ungdomslitteratur 2018-2020. Har tidlegare vore redaktør for Norsk tegneserieforums Bobla og presseansvarleg for Oslo Comics Expo.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.