Den svære festivalen Copenhagen Comics kan rutte med både Steffen Kverneland, Art Spiegelman, Rutu Modan og Natasha Allegri som lagar Bee and PuppyCat. Steffen og Art veit du det meste om frå før, så eg skal konse på Rutu no, og – håper eg – få med meg Allegri i morgon.[infobox]

020
Forsiden til «Exit Wounds» gjennombruddsboka til Modan.

Frå scenen

Rutu bur i Tel Aviv, og i skrivande stund har eg ikkje lese seriane hennar. Men ein ekstremt entusiastisk Frøydis Sollid Simonsen var nok til at eg forsto at dette var viktig. Her er nokon fragmenterte sitat er frå sceneintervjuet ho gjorde, for dei som vil ha litt konsentrert Rutu-refleksjon:
– Eg har byrja med ein ny ting – før brukte eg og vennane mine og meg sjølv som modellar, fotograferte ut frå storyboardet. Det var meir og meir viktig for meg at kvar einaste karakter hadde sitt eige kroppsspråk. Eg ville at kvar einaste karakter skulle ha ein sterk personlegdom. Så eg fann ut at skodespelarar er verkeleg gode på det. For dei løftar ikkje berre handa, dei gjer det i karakter.

Eg likar at du ser kva som skjer, sjølv om karakteren SEIER noko heilt anna, så ser du på kroppen hans kva som skjer.

Eg likar ironi – i alt – i think Irony is a … a very good flavour, for life …

Du har utvikla deg mykje som teiknar?

Vel, etter du har teikna 1500 ruter … blir du betre.

Og du ville blitt endå meir overraska over tinga eg gjorde for 20 år sidan. Eg var veldig påvirka av RAW magazine (art spiegelman sitt undergrunnsblad). Det var veldig mørkt, ofte svartkvitt … eg har framleis den mørke humoren, men eg er meir subtil. Men også fordi … eg ser livet. Eg lærte – ved å leve – at livet sjølv er ekstremt nok, og morsomt nok, og trakgisk nok … spesielt om du lever i Israel … og no føler eg at … eg vil ikkje patronize my characters. I don’t want to laugh about them …

004
En scene fra The Property.

Du teiknar litt som realistversjonen av Tintin …

For meg er det rart, for bakgrunnen min er så annaleis. Men eg var interessert i Hergé, utforska han … men ikkje teikningane – men fordi han er ein veldig god forteljar. Det kan skje 20 ting på ei side, og likefullt er det veldig lett å lese. Og sidan eg ikkje er minimalist, og likar å lage mykje detaljar og bruke dei … prøvde eg å forstå korleis han arrangerte sida. Og han har triks … som gjer at han kan vere veldig klar og veldig detaljert samstundes.

Konkrete triks frå Herge som eg spurde henne ut om etterpå:

050

– Gi figurane spesifikke fargar eller visuelle avvik som gjer dei lette å følgje i biletet, jfr Tintin sitt faste antrekk.

– Ei av rutene på sida (gjerne den første, men ikkje naudsynt) etablerer bakgrunnen – dei andre rutene kan då ha minimalt med bakgrunn og likevel høyre til same scene, lesaren får det med seg.

– Kvar scene har ein ny fargepalett, slik ser ein med ein gong at ein har skifta setting, og treng ikkje ei tekstrute som seier «på sykehuset», «senere» osv.)

014

«Et paradis for forfattarar»

Du (som bur i Israel) har mykje naturleg gode stories … har du eit luksusproblem med for mange ting å skrive?
Der er ein veldig god forfattar, David Goldsman som sa … Israel er helvete, men det er paradis for forfattarar. Men ein må velge … den rette historia for seg.

Av og til følest det som å vere skulptør … du har ein gigantisk stein, og så prøver du å finne kva som er gøymt i steinen. Og så brått ser du noko som minner om ein hest … og så prøver du å leite opp hesten … og så er det kanskje eit tre i staden.

Vi har sett filmar som vals med Bashir – men du ser ut til å velge ting som er meir kvardagsleg.

002

Eg var ikkje eingong 100% medviten om at eg valgte historier der dramaet er i bakgrunnen. Det ER jo eit stort drama der … Holocaust … men dei fleste menneske er jo ikkje midt i dramaet. Det er kanskje naturleg for meg – at eg kan ha – eller bruke – av og til tenker eg at eg kanskje er redd. Det er ikkje at eg ikkje tek eit standpunkt, men … i fiksjon kan eg vere meir ambivalent. Og eg er ute etter ambivalenten. Men det kan vere fordi eg er redd for å deale med det. Men dette er ikkje ein god grunn – redsel.

Kan det vere fordi du lever i Tel Aviv, som er litt i utkanten av sjølve Israel-Palestina-konflikten?

Vel, kva er IKKJE in hot spot i Israel?

Da redaktøren av denne digitale blekka intervjuet Modan i Tel Aviv for noen år siden kunne hun avsløre at hun hadde brukt bilder av Norge som modell for denne tegningen som skal forestille "Sverige".
Da redaktøren av denne digitale blekka intervjuet Modan i Tel Aviv for noen år siden kunne hun avsløre at hun hadde brukt bilder av Norge som modell for denne tegningen som skal forestille «Sverige».

Trur du det kan kome ein tredje intifada?

Eg er bekymra for ei aukande … aukande religiøsitet, mindre pressefridom … men eg trur ikkje Israel kan bli eit diktatur. For … det er eit ordtak … om du har to jødar i eit rom, er det tre ulike meiningar. Men etter valget blei eg meir pessimistisk.

I Danmark har vi oppdaga at teikningar kan vere veldig eksplosive. Kva tenker du om dette forholdet mellom kva ein kan seie, og …

For meg er det svært klart. Vi kan seie alt. Teikningar kan ikkje drepe. Det er ikkje nødvendigvis slik at eg diggar alle teikningar av Muhammed, eller at eg alltid synest Charlie Hebdo er så bra. Og eg ser jo ting som eg – som rammar meg. Men det er ein stor forskjell på å synast noko er fornærmande, og å gå og … eg forstår ikkje korleis nokon kan gå og brenne ei synagoge i Danmark når det ikkje eingong var dei som lagde teikninga. Då ser dei berre etter ei unnskyldning for å vere voldelige.

Du veit … cartoons are insulting! Det er det dei er, dei handlar jo om å teikne folk med stor nase! Men det er ikkje slik eg ser folk, at dei har stor nase og små auge og puppar.

Praktiske realitetar

Etter sceneshowet fekk eg fritta henne ut om dei konkrete triksa ho stjal frå Hergé -og ein del anna teknisk: Alt er gjort på wacombrett, ikkje cintiq, noko som virka grusomt slitsomt, men som ho sa berre var ei vanesak. Og ho lagar svært nøyaktige storyboards før ho fotograferer referansefotos til alt – storyboards er viktige for å hindre at ho skal bli fanga av fotografiet sine grenser når ho tek bileta. Slik unngår ho «fotoroman-estetikken» som elles kunne gjort seriane hennar stive i uttrykket. Og ho teiknar ut serien med eit engelskspråkleg publikum i tankane.

– Sidan dei fleste landa les venstre til høgre, (i motsetnad til hebraisk) måtte eg teikne om Exit Wounds for den hebraiske versjonen – eg teiknar for engelsk publikum og flippar sidene for den hebraiske utgåva, men sidan hovudpersonen i Exit Wounds er taxisjåfør, enda han på feil side av vegen i hebraisk utgåve. Eg måtte teikne om fleire sider.

Så i The Property køyrer hovudpersonen motorsykkel, for det er det ikkje så mange som forstår seg på.

Øystein Runde
Øystein Runde er tegneserieskaper kjent blant annet for superheltparodien Bjartmann, bøkene Olav Sleggja og Berserk, samt faktaboken Stamceller. Han har også skrevet tegneseriene Futen og De fire store.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.