
Anmeldelse
Frida i Aquador
Frode Øverli
Bonnier/TNT, 2025
Det er leggetid for Frida, og starten på ei reise rik på hendingar, nye hjelparar og djupvatnsfiskar som anten er meir eller mindre metaforiske enn dei ein finn i Frode Øverli sin stripeserie Pondus. Som i førre bok, Frida og jakten på nesehårene, føregår det meste av handlinga i draumeland. I motsetnad til førre, er Frida i Aquador heilt ut teikneserie og ikkje delvis bildebok.

Levande strek
Forteljinga er skore av om lag same emne som sist. Frida er helt i eiga historie, og kjem til ein framand stad der det finst ei krise som berre ho kan løyse. Miljøet er eit gammalmodig samfunn ved havet, der dei hårete innbyggarane let til å livnære seg mest av enkelt fiske. Dei er iallfall ikkje redde for det ukjende, for då to av dei finn Frida drivande skipbroten på havet, plukkar dei henne raskt ut av vraket og tar henne med heim for å pleie henne. Det kan tenkast dei hadde reagert annleis om det var Jokke dei kom over, og ikkje ei lita menneskejente.
Det seier noko om styrken til Øverli som teiknar at miljø og figurar er så langt borte frå det urbane livet i Pondus, samtidig som det er heilt umogleg å ikkje sjå at det er Øverli sin strek. Den er deilig rufsete, og sekvensane under vatn gir han mykje rom til å velte seg i groteske uttrykk og sjarmerande tannstillingar. Evna hans til å formidle alder og personlegdom gjennom karakterdesign er velutvikla, og eit trekk ved Øverli sitt blikk som blir veldig synleg i Frida. Det kan ikkje vere noko tvil om at dei to første ho møter er i tenåra, på same måte som Frida sine proporsjonar plasserer alderen hennar minst like klart som innreiinga på soverommet hennar. Øverli fangar også rørsle på fabelaktig vis, det er ei fryd dei gongane Frida verkeleg får fart på seg.

Trygg dramaturgi
Øverli forsyner seg godt av barneboktropane. Farar kjem sjeldan åleine, men gjerne i grupper på tre. Gode gjerningar blir gjengjeldt og det lønner seg både å ta sjansar og å vere oppmerksam. Det ligg mange frampeik i rutene og dei fleste momenta som først let til å vere berre artige påfunn eller distraksjonar, viser seg å ha ein funksjon i forteljinga på eit seinare tidspunkt. Han viser ikkje fram eit brannskjell i første akt utan å ha ein plan for det.
Når brannskjellet har brent ut og gammal kunnskap er nytta til det fulle, er det på tide for hovudpersonen å ta steget ut av draumen og tilbake i røynda. Der ser nattas heltemot ut til å ha flyte over breidda av søvnen og gjort meir enn Frida får vite. Vi forlet henne ved middagsbordet, der ho får ein siste siger: Det blir spagetti i staden for levergryte. Overgangen er brå frå Frida si glede over å sleppe mateksperimentet, til ei hjarteskjerande scene på neste side. Overgangen er såpass brå at effekten kjennes noko meir kalkulert enn det som godt er. Det er likevel lett å tru på Øverli sitt prosjekt, og på at han må ha hatt det moro med å lage denne. Frida i Aquador er endeframt barnsleg, og tar lesaren på alvor.
Liker du det du leser?
Meld deg på nyhetsbrevet vårt og få nye artikler rett i innboksen.
Ingen spam. Meld deg av når som helst.