Teikneserieforskinga er eit felt i vekst. I denne serien får du møte viktige stemmer i nordisk og internasjonal samanheng. I dag: Hillary Chute, Northeastern University, USA.


Korleis kan nokon rekne penn og papir som viktige verktøy for vitnesbyrdet, i ei tid så dominert av fotografiet?

Det er forskaren Hillary Chute som stiller spørsmålet, tidleg i Disaster Drawn: Visual Witness, Comics, and Documentary Form (2016). Chute er mellom dei mest lesne teikneserieforskarane i verda. Ikkje berre melder ho jamnleg nye bøker for The New York Times, ho når også ut breitt med bøker som rettar seg mot eit nysgjerrig, allmennt publikum. 

Boka Disaster Drawn er ei av dei viktigaste utgivelsene det siste tiåret når det kjem til teikneseriemediets potensiale som ikkje-fiksjon. Chute løftar fram Art Spiegelmans Maus, som ifølgje henne ein gong for alle slo fast at teikneserien var eit seriøst medium for den som ville engasjere seg i det historiske. 

Forskaren er særleg god til å vise korleis Maus etablerer ein forteljesituasjon som gjer vitnesbyrdet som hending levande. Spiegelmans forteljing om farens fangenskap i Auschwitz er også ei forteljing om hans eige strev med å fatte kva Vladek Spiegelman opplevte. 

For Chute er det viktig at det vi ser i rutene, er den lyttande sonen si eiga førestelling om det som har hendt, i form av ei teikna visualisering av nett dette. I framstillinga må Spiegelman kjempe mot dei kollektive førestellingane om Holocaust, slik dei er sementerte i fotografiske uttrykk, og frigjere seg frå desse.

Maus, Art Spiegelman, anmeldelse
Fra Maus. Illustrasjon: © Art Spiegelman. Gjengitt med tillatelse fra Minuskel forlag.

Slik vart jødane i Maus teikna som mus, og tyske soldatar som kattar. Chute trekkjer ei line frå Kafkas Forvandlinga til Maus, sidan begge gjer nyskapande bruk av dyrefabelen for å fortelje om menneske. Som Spiegelman sjølv har påpeikt fleire gonger, samanlikna Hitler sjølv jødane med skadedyr.

Maus, som kom i ei framifrå ny norsk omsetjing i 2017, spelar ei særleg sentral rolle i forskinga til Chute. I 2011 var ho med på å redigere MetaMaus saman med Spiegelman, ei definitiv utgåve som romma eit overveldande ekstramateriale frå Spiegelmans arkiv, og eit intervju ved Chute så omfattande at teikneserieskaparen håpa at han aldri nokon gong trong å snakke om hovudverket sitt igjen. Maus er også via eit av dei fem kapitla i Disaster Drawn, og har ein viktig plass i Chutes nyaste bok, Why Comics? From Underground to Everywhere (Harper Collins, 2018).

Forfattaren av Maus vekslar mellom ulike tidsnivå på ein måte som er unik for teikneserien, og plasserer oss på 1930- og 1940-talet i delar av boka, og 1970- og 1980-talet i andre delar. Nokre gonger skifter vi mellom tiåra på ei og same side, noko som for Chute uløyseleg knyter Maus til eit sitat frå William Faulkners Requiem for a Nun: «The past is never dead. It’s not even past.» For Chute sine lesarar er det vanskeleg å førestelle seg Maus utan hennar førebiletlege formidling, og vanskeleg å førestelle seg hennar forsking utan Spiegelmans klassikar.

Som skribent er Chute spørjande og undrande på ein medrivande måte, noko som ikkje minst er tydeleg i Why Comics? Boka er rikt illustrert og formidla i klar og tydeleg prosa, med mål om å vere ein guide for dei som ikkje allereie har eit nært forhold til teikneserien. Why Comics? viser ein forfattar med både vedvarande oppdagartrong, analytisk teft, djupnekunnskap, og formidlingsevne.

Hillary Chute (Foto: Northeastern University)

Korleis kom du til teikneserien, Hillary Chute?

– Som forskar er eg interessert i spørsmål om historien, minnet, og forteljinga. Teikneserien gav meg så mykje om dette, og dermed vart det til at eg tok til å skrive om dette mediet. 

Det var med andre ord ikkje slik at Chute byrja med teikneserien som forskingsobjekt, for så å gå i gang med å finne ut kva for sentrale spørsmål mediet reiste. Men sjølv om teikneserien ikkje var utgangspunktet, vart ho så inspirert at dei fire første bøkene hennar handla om mediet.

Somme teikneserieforskarar ser det som viktig å etablere eigne fagmiljø for å styrke forskinga på teikneserier. Kva er ditt syn på det? 

– Eg er ikkje så oppteken av at ein skal få eigne institutt via til teikneserieforsking. Det er mykje meir produktivt å plassere teikneserien inn i ei breiare teoretisk ramme, der ein studerer teikneseriar saman med andre medium, som skjønnlitteratur, film, måleri, og så vidare.

– Sjølv er eg knytta både til eit engelsk institutt, og til eit institutt for kunst og design. På den eine sida utfordrar og utvider teikneserien synet på kva litteraturen og det litterære eigentleg består av. På den andre sida kan ein stille spørsmål rundt kva kunst er, og korleis kunsthistorien har vorte konstruert og har utfylt bestemte roller.

Chutes karriere er prega av at ho ber fleire hattar, ikkje berre når det kjem til institusjonelt tilhøyre. Kanskje er det dobbeltrolla som kulturkritikar og akademikar som har gitt henne ein særeigen posisjon som teikneserieforskar. 

Omgangskrinsen tel nokre av dei viktigaste amerikanske teikneserieskaparane i etterkrigstida, og ho har arbeidd tett med både Spiegelman og Alison Bechdel. Samarbeidet med Bechdel har resultert i kurset «Lines of Transmission: Comics and Autobiography», som dei to har undervist saman ved University of Chicago. 

I mai 2012 var Chute ein av hovudarrangørane av «Comics: Philosophy & Practice», ein stor konferanse ved same universitet som samla ein heil generasjon toneangivande teikneserieskaparar i ein slik kontekst for første gong. Blant deltakarane var nemnde Spiegelman, Aline Kominsky-Crumb, Justin Green, Phoebe Gloeckner, Joe Sacco, Charles Burnes, Dan Clowes, Seth, Chris Ware, Francoise Mouly, Carol Tyler, Ben Katchor, Ivan Brunetti, Lynda Barry, Gary Panter, og Robert Crumb. 

Chute blir entusiastisk når ho snakkar om korleis impulsar frå ulike stader formar både henne som lesar og teikneseriestudiene som forskingsfelt.

– Den produktive sammenstillinga av  eit engelskfagleg og eit kunstfagleg miljø er berre eitt eksempel. Medievitskap er eit anna fagfelt med spennande forsking på teikneseriemediet. Til dømes arbeider forskarar som W.J.T. Mitchell med stor breidde. 

– Det mediespesifikke ved teikneserien er ikkje egentleg så interessant på eit institusjonelt nivå. Eg er meir interessert i kva teikneserien kan gjere annleis i ei meir konkret forstand. Som til dømes når mediet viser nye, kreative måtar å konseptualisere det traumatiske på, eller å finne ut kva som er grensene for det historiske, eller å skildre vår erfaring av tid – ei utforsking vi også kjenner frå litteraturen og filmen. 

På konferansen «Comics: Philosophy & Practice» deltok W.J.T. Mitchell i lange scenesamtalar med både Spiegelman og Sacco. (Mitchell gjesta for øvrig Universitetet i Bergen saman med Sacco året før, etter invitasjon frå underteikna – dei to møttest første gong i Bergen).

Kan teikneserieforskinga bli for spreidd, slik at blikket mot det som er særmerkt for teikneserien – det mediespesifikke – ikkje blir skarpt nok?

– Det mediespesifikke er viktig for mine analyser av teikneseriane. Eg er ingen stor tilhengar av det kunstteoretikaren Rosalind Krauss ein gong diagnostiserte som ein «post-medial» inngang til forskinga. Snarare synest eg det mediespesifikke kan gi oss viktige innsikter og kaste lys på medieteori og medieestetikk, kreativitet og uttrykksform. Å samanlikne ulike medieuttrykk, slik som i den mediestetisk orienterte forskinga, er alltid interessant etter mitt syn.

– Frå eit slikt perspektiv gir det likevel ikkje så stor meining å lage eigne institutt via til teikneserieforsking for å dyrke fram slik forsking på institusjonelt nivå. Sjå til dømes på korleis fleire filmforskarar er tilsette ved medievitskaplege institutt med stort mangfald. Teikneserien er eit uregjerleg medium med fleire heimar, og det innbyr til ein forstørra, heller enn ein innsnevra, hermeneutikk.

Chute er ein entusiast, og blir særleg glad for å svare på spørsmål om kva for bøker som har tydd særleg mykje for henne som forskar. Mellom namn som raskt kjem opp, er Scott Bukatman og hans forsking på Winsor McCay – teiknaren som er kjend for avisserien Little Nemo in Slumberland. Litteraturforskaren Marianne Hirsch har og vore viktig, og då ikkje minst det ho har skrive om Maus

Chute trekk også fram fleire tekstar av W.J.T. Mitchell, og for ein forskar som har vore særleg oppteken av teikneseriens tilnærming til traumet, har også ei bok som Testimony av Shoshana Felman and Dori Laub vore sentral. Til sist nemner ho også ein tekst av nett Rosalind Krauss, nemleg “The Im/pulse to See”, som finst i antologien Vision and Visuality.

Chute har formidla breitt om teikneseriar i ei årrekkje, med intervju i publikasjonar som Village Voice og The Believer. Hennar første akademiske publikasjon, Graphic Women: Life Narrative and Contemporary Comics(2010), kom ut på Columbia University Press, og for Disaster Drawn: Visual Witness, Comics and Documentary Form (2016) stod Havard University Press som utgivar. Finn vegen til Chutes forsking her.


Neste samtale i serien: Nina Mickwitz, London College of Communication. 

Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og professor ved Universitetet i Bergen, og har dei siste åra publisert forskingsartiklar bl.a. i Studies in Comics og Journal of Graphic Novels and Comics, samt boka Den dokumentariske teikneserien (Universitetsforlaget, 2014).

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.