Teikneserieforskinga er eit felt i vekst. I denne serien får du møte viktige stemmer i nordisk og internasjonal samanheng. Først ut: Rebecca Scherr, professor ved Institutt for litteratur, områdestudier og europeiske språk på Universitetet i Oslo.
– Joe Sacco er ein av samtidas mest interessante teikneserieskaparar når det kjem til å framstille bygningar og landskap, seier Rebecca Scherr, og peikar på nokre av oppslaga i Fotnoter i Gaza.
Teikneserien kom på norsk i 2010 på Cappelen Damm.
– Om du ser på detaljnivået er det ekstraordinært. At heile sider og dobbelsider viser oss palestinske leirar og byar, med lite eller ingen tekst i boksar, gjer bileta slåande og viktige for lesaren.
– Desse fortetta og innhaldsrike teikningane inviterer lesaren til å ta seg godt med tid til å studere dei, og dermed også å dvele ved det intrikate landskapet som er det palestinske. Etter mitt syn er denne framstillinga så viktig i forteljinga at vi må vurdere det på nivå med karakterframstillinga – det er nesten slik at landskapet figurerer som ein eigen karakter i forteljinga. Sacco får oss ikkje berre til å bry oss om menneska han fortel om, men også plassen deira. Han viser kor knytta menneska er til dette rommet, at palestinske byar og leirar ikkje berre er plassar å bu, men også åstaden der smerte og politikk utspelar seg.
Når du les Rebecca Scherrs forskingsartiklar om dokumentariske teikneserier, får du auge på evnen og kapasiteteten slike forteljingar har til å gå inn i nokre av dei største samfunnsspørsmåla i vår tid. UiO-forskaren rettar gjerne blikket mot bøker som ber i seg eit stort alvor og store erkjenningar, enten desse no knyter seg til politisk konflikt, strid, eller identitetsspørsmål. Refleksjonane rundt det palestinske landskapet i Saccos bøker kan sporast tilbake til publikasjonar frå dei siste par åra.
– I ein palestinsk samanheng kan ein gå så langt som å hevde at denne smerten og politikken bokstavleg talt skaper det bygde landskapet og menneska som bur der, seier Scherr. Denne måten å vise det fram på, i desse oppslaga til Sacco, illustrerer at når vi skal fokusere på rettar og rettferd, må vi rette blikket ikkje berre mot menneska, men også landskapet dei finn seg sjølve i, og måten dette også har vorte utsett for vald på. Det dreier seg om to sider ved ei sak som er uløyseleg knytte til kvarandre.
Scherr høyrer til ei lita gruppe forskarar i Norge som dei siste åra har publisert internasjonale vitskaplege artiklar om teikneserier. Saman med underteikna var ho ein av forskarane som i 2011 vart med i det nordiske forskingsnettverket Nordic Network for Comics Research (NNCORE), og hennar populære kurs ved UiO har opna mange studentauge for teikneserien som estetisk uttrykk.
Korleis kom du til å forske på teikneserier?
– Teikneserier var ikkje på radaren då eg tok til med akademisk arbeid i English Studies. Eg tenkte eigentleg ikkje på teikneserieforsking tidleg i karrieren, sidan kompetanse på eit slikt felt ikkje ville gjere meg attraktiv nok på arbeidsmarknaden. Eg fekk jobb ved Universitetet i Oslo på grunnlag av arbeid eg hadde gjort i litterære studier, på amerikansk litteratur og modernisme.
– Då eg fekk fast stilling kjende eg meg fri til å utvide forskinga mi, og gå i nye retningar. Instituttet bad meg lage ei kursrekkje for masterstudentar innretta mot eit emne eg sjølv fekk velje. Eg gjekk for sjølvbiografiske teikneserier, sidan mediet var i ferd med å ta av som ein viktig arena for å fordjupe seg i viktige tema som sjølvframstilling, historie, traumer, kva det inneber å sjå på noko å lese noko. Kurset fekk namnet «The Auto-graphic novel». Eg oppdaga eit nettverk av teikneserieforskarar i dei nordiske landa, frå ei rekkje ulike disiplinar og fagtradisjonar, og dermed også ei brei og variert teikneserieforsking. Det fanst konferansar og publikasjonskanalar, og eg tok til å presentere på konferansane, og publisere eigne arbeid.
Kva er det ved teikneserien som gjer han til eit tiltrekkjande forskingsobjekt?
– Teikneserien tiltrekkjer meg av reint personlege grunnar. Eg har alltid elska litteratur og bildekunst, så kombinasjonen og kontrastane i teikneserien interesserer meg djupt. Vi er inne i ei tid der teikneserieskaparar transformerer mediet og løfter fram så mange viktige idear og spørsmål: rundt sjølvutvikling, rundt sjølvet i relasjon til historie og traumer, rundt makt og representasjon, og rundt måtar å fortelje gamle historier på nytt på.
– På eit meir praktisk plan så er teikneseriestudier eit relativt nytt forskingsfelt, og det finst bra med spelerom, for den som ønskjer å vere original og skrive om ting ingen har skrive om før. Som litteraturforskar synest eg det er forfriskande. Eg likar også at forskarfellesskapet som arbeider med teikneserier er så fleirdisiplinært: her finst det forskarar som har fordjupa seg i litteratur, kunsthistorie, språk og lingvistikk, medievitskap, og historie. Det gjer forskingsmiljøet variert og interessant.
Vi ser no eigne institutt via til teikneserieforsking vekse fram. Kan ei slik institusjonalisering true den faglege breidda ein er sikra når forskarane er spreidd rundt om på ulike institutt og fakultet?
– Så langt kan eg ikkje seie at ei institusjonalisering av teikneserieforskinga er noko trussel mot det tverrfaglege. Sidan feltet har henta forskarar frå vidt forskjellige fag har det danna seg nokre gode nettverk som styrker samband mellom ulike forskartyper. Ved eit gitt universitet er det gjerne knapt ein handfull forskarar som arbeider med dette. Ein teikneserieforskar kan vere åleine ved sitt institutt, slik tilfellet er for min del. Så knyter vi kontakt med kvarandre på tvers fordi det ligg ein styrke i å vere fleire. Mange kom vel til denne forskingsinteressa som teikneseriefans, og ein slik underliggjande fan-identitet koplar også fleire forskarar saman på tvers av disiplinar. Det er ein open kultur som rår, med omsyn til ulike metodar og disiplinære orienteringar, og det forhindrar at feltet stivnar for mykje. Det at teikneserieforskinga blir meir og meir akseptert i ulike fagmiljø bidreg til å styrke feltets sanne tverrfaglegheit.
Kvar er du på veg i di eiga forsking framover?
– I arbeidet mitt med framstillingar av landskap i Sacco og i Marjane Satrapis Persepolis gjer eg bruk av det teoretiske rammeverket forskaren Eyal Weizman har utvikla rundt det han kallar «forensic architecture». Som nemnt ser eg på framstillinga av landskap i grafisk litteratur, både av menneskeskapt landskap og naturlandskap, og ulike etiske spørsmål denne framstillinga reiser: Kva kan slike bilder fortelje oss om rettferd, om historien, og om samtida, i ei tid prega av politisk og miljømessig krise? Eg er også i gang med å forske fram eit nytt prosjekt på ulike typar futurisme – særleg afro-futurisme og urfolks-futurisme – i amerikanske teikneserier og litteratur.
Finn vegen til Scherrs forsking her.
Neste samtale i serien: Hillary Chute, College of Arts, Media and Design, Northeastern University