Robert Kirkman sin INVINCIBLE er verdas dyraste tv-serie som ikkje har vorte filma enno. Har du ikkje høyrt om INVINCIBLE, din ubehøvla grobian? Vel, jaggu bra du har meg, utan meg ville du vorte nøydd til å lese nobelprisvinnande litteratur som faktisk krevde noko av deg, i staden kan du no utsetje di intellektuelle modning eit par år til, medan du meskar deg med åndeleg junkfood av ypperste sort.

Kirkman og hans skapningar! Tech Jacket (i robotdrakt), Battle Pope (gjett kven), Invincible (i front), Wolf-man (Kirkman er ikkje redd for å vere obvious …), Brit (grøn t-skjorte), Atom Eve (rosa), ein eller annan som slåst mot ei zombie, kanskje Rick, og ein bitteliten afroamerikansk figur som eg ikkje veit kven er, vi får kalle han «Token».

Kirkman er 36 og har ein CV bak seg som får dei fleste teikneserieskaparar med ambisjonar om produktivitet til å grine søte tårer av begeistring og sorg. Først sjølvpubliserte han serien Battle Pope, og fekk slik namnet sitt ut. Deretter kom seks serieprosjekt til, alle gjekk i minus. Kirkman hadde til slutt 40 000 $ i gjeld – «eg hadde på eit tidspunkt 12 kredittkort, og berre minsteavdraga var på 3500 $ per månad.»

I dag har Kirkman god kreditt. Foto: Matt Hoyle / www.geekbomb.net

Listig fyr

Først ville Kirkman både teikne og skrive, men han forsto raskt (raskare enn meg) at å konse på skriving var meir effektivt. Etter sju floppa seriekonsept klarte han å selge inn to prosjekt til Image: Invincible, om ein tenåring som er son til verdas sterkaste superhelt, og Walking Dead. Zombieinvasjon-plottet til Walking Dead er så enkelt og banalt at Image eigentleg ikkje var interesserte, så Kirkman laug på serien ein twist: Zombiene skulle eigentleg vere ein metode romvesen brukte for å svekke menneska si motstandsevne før rominvasjonen. Etter at serien hadde starta, innrømte Kirkman at det aldri kom til å dukke opp nokon romvesen.

Han har også, klok som han er, forsikra fansen om at forklaringa på zombieinvasjonen aldri kjem til å kome. Dei er der, ein må handtere dei, det er alt. Det kjem heller ikkje til å dukke opp nye, raskare zombier eller laserzombier. På det noverande tidspunkt i serien (eg er 2000 sider uti) er dei som framleis lever så rutinerte på zombie-handteringa at det eigentleg er andre overlevande som er problemet. Og det, å lage zombiefilmen som aldri tek slutt, er Kirkman sitt poeng med prosjektet. Han har planlagt ei finale, men den ligg langt framme i tid. Heldigvis, for Walking Dead-teikneserien er digg nettopp fordi den held ut og held ut, og, klokt nok, følgjer sitt stramme, konsistente sett reglar.

Logistikk og støyping av kuler: Walking Dead gløymer aldri at kvardagsproblema må løysast. Gulrøter og bøker er hard valuta.

Seriemareritt

Walking Dead har fått ein spinoff-tv-serie, Fear the Walking Dead. Eg les at Walking Dead-tv-showet er ein formidabel økonomisk suksess, men eg ser den ikkje, eg har nok med bøkene. Walking Dead er noko så uvanleg som ein genuint skremmande teikneserie. Eg har aldri hatt mareritt på grunn av ein film eller ei bok, men dei ganske enkle svartkvite zombieteikningane i Walking Dead klarte å passere filteret på magisk vis. Kirkman valgte å halde Walking Dead-serien i svartkvitt og gråtonar, i ei tid då skilnaden i trykkerikostnader er så liten at ingen treng å velge svartkvitt lenger. Likevel har det altså meir emosjonell tyngde – og Walking Dead har gått rett så bra.

Meir kvardagsliv etter zombieapokalypsen.

Alt er ikkje sorthvitt

Scott McCloud skriv jo om dette, at svart-kvitt teikningar manglar kjensla av å vere «avbilda objekt» og berre blir rein «handling» eller «språk». Det hadde vore uhyre spennande å måle hjerneaktivitet hos folk som les «Bone» og «Walking Dead» for første gong – begge desse meisterverka finst no i nye opplag i farge, og min teori er at dei eventuelle nye fans som går inn i det på grunn av dei fjonge fargane opplever historia mindre intenst i det lange løp.

Men det kan også vere at fargevalget berre har med steming å gjere og ikkje med avansert persepsjonsteori. For Kirkman sin andre langliva serie, INVINCIBLE, er eit pastellfarga superheltunivers som OGSÅ kan kjøpast i telefonkatalogtjukke kompendiebøker (anbefaler kanskje trade paperbacks i staden, dei er litt meir fysisk handterbare, og skissesidene i slutten er digg), og som OGSÅ har passert 2000 sider.

Eit raust univers, uhøgtideleg men samtidig med fabelaktig fingerspitzgefühl på kva ting ein bør ta BLODseriøst og kva ting ein bør drite i.

Grenselaus fantasi

Invincible har eit fellestrekk med Game of Thrones: Den omfamnar tydeleg dei mest barnslege markørane ved sin sjanger, for slik å kunne overraske maksimalt når den brått slaktar ned ein figur du har brydd deg om. Invincible boblar også over av sjangertroper som snur seg i siste sekund, figurar som er tufta på ordspel, men viser seg å ha djupare personlegdom etterkvart, og plottlinjer som varer tusen sider eller meir. Teiknaren Ryan Ottley tok over då supertalentet Cory Walker innsåg at han ikkje ville klare deadlinekjøret, og Ottley har gått gjennom ei fantastisk utvikling. Dei enorme mengdene framande raser, nye univers, nye superheltar og superskurkar som Ottley i dag har designa utfrå eit par stikkord frå Kirkman viser at Ottley sin fantasi er grenselaus, og når Ottley står fast brukar Walker å steppe inn med draktdesign eller monsterdesign – og eit par avlastande kapittel i blant. Begge teiknarane har stilar som i utgangspunktet ser urovekkande rein og kommersiell ut, men ikkje la den estetikken lure deg, eller, la den lure deg, men ikkje la den lure deg til å ikkje lese serien. For Invincible er ein av dei beste superheltseriane som finst.

 

Øystein Runde er tegneserieskaper kjent blant annet for superheltparodien Bjartmann, bøkene Olav Sleggja og Berserk, samt faktaboken Stamceller. Han har også skrevet tegneseriene Futen og De fire store.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.