Den svenske sosialrealistiske teikneserien er så velutvikla at det lett kan kallast ein eigen sjanger. Antologibladet Galago er nok grunnfjellet som gjer at så mange svartsynte svartkvite svenske seriar har klart seg gjennom åra. Teiknarane fekk så vidt eg veit ei lav, men eksisterande, løn per side, og det var nok til å motivere mange fine, rare serieskaparar til å halde koken i årevis.
Eg har alltid tenkt at den spesielle tonen i Galago har ei kobling til sjefredaktør Rolf “Roffe” Classon sin personlege smak, eller til kva type ting som er “lov” å synast er kult i den tidvis klart definerte svenske serie-sfæra.
Det som IKKJE er kult i ei slik sfære er sjølvsagt superheltar, litt som i Noreg. Ein kan sjølvsagt gjere det, men gjerne med eit snev av ironi. I dette miljøet er Daniel Ahlgren sin superheltserie SH3 ein liten avvikar, og har fått uproporsjonalt lite merksemd målt opp mot kor gjennomtenkt, finurlig og BRA den er. Det skal vi så klart fikse på her i Empirix.
Ahlgren starta med svært gode sosialrealistiske seriar, men i motsetning til sjølvbiografar som Åsa Grenvall og Mats Jonsson som alltid nådelaust utleverer seg sjølv, har Ahlgren også ei sterk dragning mot å finne på. Historia The girl who never fick nån post er ei sår og fin historie frå tenåringsjente-på-bygda-perspektiv, og Ahlgren har generelt laga mange og tiltalande realistiske minidrama, alle teikna i ein nesten aggressivt udramatisk strek, som skriker at dette er VANLIG, dette er EKTE. Det er som om Ahlgren har tilgang på foto frå universet sitt, og berre har traca over dei med pennen. Så tørr og blotta for “estetisering” er nesten streken hans. (Ok, ikkje heilt så ille, heldigvis, men det er den kjensla han VIL den skal gi, og for meg funkar det slik, tørrheta og det relative fråveret av “delikathet” i linjeføring har ein narrativ verdi som seier “det går an å leve i kvardagen og”.)
Når eg oppdaga at han hadde laga ein serie frå miljøet “superheltlinja på ein svensk vidaregåande”, vart eg difor ekstra entusiastisk. Og ganske rett, dei medmenneskelige observasjonane og empatien Ahlgren har for alle som dett utanfor og er litt pussige, er no flytta over i superheltsjangeren. Dette burde definitivt vore ein svær svensk tv-serie. HÖR NI, NETFLIX? Men det får vi vel ikkje, og eg trur det einaste som hindrar dette er at SH3 rett og slett ikkje er schwær nok som serie.
Men kor ofte har du ikkje ønska deg at Alan Moore skulle skrive ein serie frå svensk gymnas-setting? Her får du det! Ahlgren har nemlig den Moore’ske (eller Kirkmanske) begeistringa for å legge ut plott-hint som først får si forklaring mange år seinare. Og motsett av den tørre streken er manusa til Ahlgren på idénivå definitivt boblande, og ikkje redd for å vere uhemma elegant. Om noko kan SH3 mest minne om Moore sin strålande Top 10, om politikvardagen i ein by der alle er superheltar.
Du kan få gleda av å møte Ahlgren sine super-tenåringar Alfapojken, Girl Power, Electrica og Radiohead for berre 130 svenske kroner boka. Per i dag er det 120 norske. Muligens med litt importkostnad, men då får du mykje deilig tenåringsdrama for pengane. Eit av dei mest unike prosjekta i svensk seriekultur, og vel verd å støtte opp om. Sjekk også dei andre fine tinga frå miniforlaget Bakhåll.