Eg noterer meg at mange teikneserieskaparar held på som normalt under pandemien. Sigbjørn Lilleeng postar fine Akira-aktige sider frå sin Bing & Bringsværd-adaptasjon “Inntrenger”, Anders Kvammen lanserer ny bok, “Jobb” (perfekt tima når det er 1. mai og halve Noreg er på NAV) og Therese Eide lagar koronavitsar. Dette imponerer meg! Heile teikneseriebransjen er jo driven av gambling, idealisme og ønsket om å bidra med eitt eller anna bra til den store, felles pikniken som er “menneskeheta sin kultur”.
Men medan film-Norge tør å skrike opp og seie frå om korleis dei alle går til grunne, held vi i tegneserienoreg relativt lav profil. Filmprodusentar som Frederick Howard og Kjetil Omberg har gått knallhardt ut mot Norsk Filminstitutt og mot kulturminister Abid Raja. Utfallet mot filminstituttet bar frukter – budsjettet for framtidige produksjonar og produksjonsutvikling vart flytta til umiddelbar brannsløkking for å hindre at prosjekt som var midt i prosessen skulle gå fullstendig til grunne.
Men dette var sjølvsagt uheldig for norsk film på lang sikt, så no skrik filmprodusentane opp på nytt fordi film-Noreg endar opp utan utviklingspengar til nye prosjekt.
Teikneserieskaparane sin fatalistiske måte å avfinne oss med situasjonen på er så klart digg for oss på individnivå, men på gruppenivå er det neppe bra. Reint teknisk er vi så klart heldige: Å lage teikneseriar krever ikkje dei same greiene som film, og sjølv ei heilt grunnleggande borgarlønn ville vore nok til å gi teikneserieskaparane det vi treng: Fridom til å pusle med vårt.
Eg var ledar i Grafill Tegneserie fram til i januar. Det er nok det næraste vi kjem til ei “fagforening” for tegneserieskaparar. Behovet for ei fungerande fagforening for teikneserieskaparar er enoooooormt. Vi er ein gjeng individualistar som stort sett synest at vi sjølve veit best, dvs når vi ikkje bryt saman og vert til skjelvande ballar av tårer og dårlig sjølvtillit på golvet.
Sidan eg også reknast som “forfattar” er eg med i Norsk Forfattersentrum, og får nyte godt av tariffane dei har pressa gjennom. Grafill Tegneserie er mykje mindre, og har ikkje fått til like mykje som Forfattersentrum. MEN det betyr ikkje at vi ikkje må samle oss.
Eg er glad Are Edvardsen, Therese Eide, Trond Stavaas og Maya Øvrebø har teke over Grafill Tegneserie. Tegneseriegruppa treng folk som veit kvar skoen trykker, og som har lyst og energi til å utvide skoen. Å stirre hardt på korleis dei økonomiske vilkåra faktisk er for teikneserieskaparar, samanlikna med alle andre grupper, er veldig viktig for at vi skal kunne snakke med politikarane.
Eg har stor forståing for alle serieskaparar som velger å ignorere excel-arket og konse på tegnepapiret. Men vi må pine oss til å titte LITT på tala innimellom, stikke hovudet opp frå tegnebordet, skrike HJÆLP! og få kulturministerane og dei andre til å sjå at vi også er med og bidreg med noko bra.
Men det er ikkje lett å motivere seg for å vere ein bråkmakar som kunstnar, når det på kort sikt både er økonomisk, emosjonelt og imagemessig mest digg å vere blid, fokusert på kunsten, og produktiv. NAV-systemet si støtteordning er i følge Erle Marie Sørheim, som har prøvd seg på den, heilt håplaus for dei av oss som har frilansa ein del. For meg kjem det nok dårlig ut, for eg tjente lite i fjor og ordninga er akkurat omdefinert frå “80 % av snittet av dei siste tre åra” til “80 % av kva du tjente i fjor”. Kjempestas at dei valgte å gjere det sånn, perfekt for oss som har ustabile årsinntekter.
Eg har ikkje sjekka med NAV enno. For, disclaimer, eg er som alle andre teikneserieskaparar som har funka ein del år, kalibrert for eit lavt inntektsnivå, har lite faste utgifter, har askese bakt inn i livsførselen. Vatn, havre og peanøttsmør er ein utmerket middag. Og det at NAV verkar så ukoseleg og kjipt har for så vidt funka etter intensjonen: Eg vil ikkje inn i den kverna der om det er noko som helst eg kan gjere med det.
Så eg har tenkt: Kva er det folk treng? Ungar over heile verda er redde. Dei føler seg hjelpelause, for dei ER hjelpelause. Foreldra er hjelpelause. Presidentar er hjelpelause, og som ein militært tilknytta kompis av meg påpeikte: Når til og med Putin mistar kontroll, då har vi eit problem. Eg kan sjølvsagt ikkje selje tryggleik, men eg kan selje noko som i praksis, i det opplevde livet, er like viktig: Fortellinga om tryggleik.
Tryggleik er jo aldri reell uansett. Tryggleik er eit narrativ som gjer kvart sekund av dagen til å halde ut. Så eg har gjort folk sine ungar om til tøffe virusjegerar som vandrar rundt inne i kroppen i mikronautdrakt. Det er ikkje teikneseriar, å lage teikneseriar klarer eg nesten ikkje for tida, men det er gøy for alle involverte, og det hjelper andre. Og det å faktisk vere litt til nytte, hjelper meg.
Sånn sett har eg, i denne krisa, gjenoppdaga at kunsten og kreativiteten er umåteleg viktig.
Eg berre håper regjeringa får med seg det same.