Å lage teikneseriar på meir enn to sider er i kategorien “langsiktig plan”.
Heile pandemien har eg kasta meg på kortsiktige prosjekt som faktisk betaler. Det vil si illustrasjonsjobbar, ein reklamejobb der eg fekk gå rundt i gatene og vere ei ekstra jovial utgåve av meg sjølv, og diverse teikneoppdrag for forskarar. Det har nesten gjort meg tryggare økonomisk enn eg er til vanleg, og dette verkar som teikneserieskaparane si hemmelege pandemi-skam: Vi har klart oss ganske ok. Usikker økonomi? Vere mykje aleine? Ingenting er nytt.
Men så kjem eg på at grunnen til at ting funkar er jo nettopp at eg har lagt alt eg normalt gjer på is, og omstilt meg fullstendig. Eg er så van med at det er noko eg må gjere iblant uansett, så eg har gløymt at eg no opererer i pandemitilpassa modus.
Permanent eller midlertidig?
Vil pandemi verte ein permanent tilstand? Ein del folk ventar på vaksiner og ser for seg at “ting snart skal bli normale igjen”. Andre påpeiker at ei FDA-godkjent vaksine mot Ebolaviruset ikkje var klar før i 2019.
Våre kjære naboland gjer sitt beste for å påverke pandemien. Svenskane ved å utvikle ei effektiv vaksine som per i dag er i fase tre og som skal vere klar i desember. Danskane ved å, i vanvare, sleppe coronaviruset laus i minkfarmane sine og dermed utvikle ein ny, mulig vaksineresistent mutasjon av viruset.
Fleire sjansar til å rote det til
Akkurat kva Noreg vil bidra med i dette store reknestykket er uklart, men Noreg har foreløpig fleire minkfarmar enn vi har vaksineprosjekt. Heldigvis seier mattilsynet at det er liten sjanse for at nokon av våre minkfarmar blir eit nytt Wuhan, så då er det jo greitt. Eg ser jo at den økonomiske gevinsten av minkpels-salg langt overgår eventuelle downsides her.
Men reint teoretisk, om det skulle vere sånn at dansk mink ikkje er konstruert på noko anna vis enn norsk mink, så ville eg foreslått å lage ein haug minkpelsar av heile den norske minkbransjen i dag, før vi får smittestempelet på oss som Danmark, og så call it a day for heile industrien. Kva med det? Jesus, her står eg altså og agiterer for eit mink-holocaust.
Håp
Pfizer si vaksine ser heldigvis lovande ut, så kanskje dette flaskar seg. Det er litt fristande å sjå for seg at Pfizer heldt igjen informasjonen om at dei har ei 90 prosent effektiv coronavaksine til dei var sikre på at Trump hadde tapt. Men det er ein konspirasjonsteori som enten krev at ein tenker at store medisinfirma har andre prioriteringar enn profitt, eller at Pfizer hadde profitt å hente på å vente på Joe Biden.
Med ei potensiell vaksine i sikte kjenner eg at eg blir MEIR redd for coronaviruset: Det hadde vore ekstremt pinleg å påføre seg sjølv evigvarande lungeskader, eller forårsake eigen eller andre sin død, like før ei global vaksine kom på plass og alle vart ferdige med greia. Fram til i dag gjekk eg med ei slags fatalistisk “ja ja, ein må jo på eitt eller anna vis leve også”-haldning, men no kjenner eg at dette faktisk kan vere midlertidig, og kan ofre meir, fordi det er eit poeng med det.
Er dette starten på at 2020 tek seg opp? Ydmykande fall for Trump, ny vaksine, forskarar finn ut kvar 40 prosent av universets masse har gøymt seg heile tida, og finske forskarar jobbar med å lage mat av CO2?!
Vi lever alle i ei fortelling som vi fortel oss sjølve, og ja, eg trur eg (og mi boble) er på veg inn i ei ny fortelling no. Dei aller fleste val vi tek baserer vi på den fortellinga vi trur på. Difor kjennest det litt mindre teit å legge langsiktige planar no.