Anmeldelse
Livet er livsfarlig
Reidar Müller og Sigbjørn Lilleeng
Aschehoug, 2024
Livet er livsfarlig er eit overflødighetshorn av ei bok. Vi får møte velteikna beist frå heile jorda si historie, og lesaren sit igjen både meir kunnskapsrik OG meir klar over at hen er uløyseleg knytta til noko bittelite som starta i ein sølepytt for nokre milliardar år sidan.
Boka startar med ein gretten og uinteressert hovudperson, jenta Liv som er på skulebesøk på dinosaurmuseum. (Ho har dog ein ting ho ser fram til: Trilobittar!)
Liv blir mobba av dei slemme jentene i klassen (fordi ho har billigare klede) og ho er i opposisjon både til dei og til den kjedelige læraren. I eit forsøk på å snike seg unna, snublar ho over den joviale dinosauren Iggy, som bur i museet i eit skjult rom. Det er fristande å tenke at Iggy er kort for Iguanodon, eventuelt eit nikk til Siggy (Sigbjørn) Lilleeng, sidan Iggy har eit teiknebord ståande inne på rommet sitt. Men først og fremst er Iggy ei fortellarstemme skal hjelpe Liv med å sette pris på livet, både i metaforisk og bokstaveleg tyding.
Lang tidslinje
Iggy tek med seg Liv tilbake til livets opprinnelse, til den aller første sølepytten der nokre heldige aminosyrer samla seg i ein forløpar til det som i dag er DNA-molekylet. Frå dette følgjer vi dei gjennom milliardar av år, og møter tøffe gigant-reker, trilobittar, øgler og pattedyr, og ikkje minst dinosaurar. Tittelen Livet er livsfarlig er eit løfte som boka er flink til å halde: Fokuset er på kor farlige og tøffe dei ulike dyra er, sjølv på dei små trilobittane er det mykje snakk om kor spisse piggar dei hadde.
Boka er altså rikeleg actionfylt, men det passar, og eg føler ikkje at nokon dyregrupper er urimeleg ignorerte trass i det store fokuset på tenner og klør. (Men det er dei sjølvsagt, det er berre eg som ikkje har peiling nok til å hisse meg opp over at det er for lite stoff om archaea eller noko sånt).
Müller leverer eit godt manus med fin struktur og fin utporsjonering av dei ulike tidsperiodene. Balansen mellom vitsar og fakta er fin, kildelista er imponerande, og kulminasjonen i den obligatoriske moralske bodskapen til slutt er solid. Men stjerna er nok Lilleeng sine teikningar. Müller og Lilleeng har samarbeida før, på Superdinosaurer og digre vulkaner, men Sigbjørn overgår seg sjølv i denne. Normalt sett ville det vore meir enn nok å berre teikne alle dei ulike dyra, men i tillegg kjem altså innsatsen med å sy saman heile forteljinga med alle scenene med Iggy og Liv.
Men det er et par «men»
Obligatorisk pirke-seksjon fordi vi er eit seriøst teikneserietidsskrift og ikkje kan leve med at ei bok berre får skryt:
I starten er det eit par snakkebobleplasseringer som er litt rare, som når jentene mobbar Liv. Dette er berre ein liten formmessig ting, men ein ser ikkje slikt i Lilleeng sin lekre scifi-serie Nagel, så då tenker eg forlaget har ansvaret her.
Eg veit ikkje kvifor Müller brukar ordet «masseutdødelse» i staden for «masseutryddelse». Masseutdødelse er, etter alt eg kan sjå, enno ikkje eit ord. Kanskje Müller følte masseutdødelse høyrdest tøffare ut, og var meir umiddelbart forståeleg for målgruppa. Eller kanskje Müller hadde lyst å innføre eit nytt ord i norsk språk.
Og så stussa eg over det då Iggy i fire tilfelle i boka stoppar opp og seier ting som «dette er vanskelig». Er det ei frykt for at lesaren skal falle av, eit forsøk på å kome lesaren sin motvilje i forkjøpet, seie «dette kan du hoppe over, og gå vidare til neste dinosaur»? Dette er ei bok som slenger rundt seg med ei enorm mengde latinske namn. Kvifor presenterer boka då til dømes evolusjonsteori som spesielt vanskeleg? Vil ein slik advarsel gjere at lesaren forstår det som kjem litt betre? Forskinga eg har sett på dette tyder på det motsette: Å bli fortalt at noko er vanskeleg, gjer at fleire gir opp før dei har starta.
Eit eksistensielt spørsmål
Kva vinn boka på å vere teikneserie? Boka sitt hovudmål er å formidle livet si historie. Og berre Sigbjørn sine teikningar av panserhaiar, sjøskorpionar og gigantiske tusenbein hadde vore nok. Ved å gjere serien om til ein teikneserie har Sigbjørn plassert seg i ein situasjon der han må gjere ei ekstrem mengde ekstra arbeid. Så … kva oppnår dei med det (bortsett frå den ekstreme gleda det er å bli omtalt i Empirix)?
Vel. Essensen av boka ville nok vore den same utan teikneserieforma, men det hendige med å ha med Liv og Iggy er at vi får ei sterk kjensle av skala, av kor store dei ulike dinosaurane var. Og ei meir fragmentert faktabok med illustrasjonar kunne kanskje frista lesaren meir til å lese boka litt stykkevis. Som teikneserie er lesaren meir lokka til å lese boka frå start til slutt. Og det er heile poenget: Tida er ei linje, ei ubrota linje som går heile vegen bakover frå deg og meg og heilt til det aller første dyret.