Anmeldelse

Med hodet i skyene
Paco Roca
Oversatt av Bente Lodgaard
Camino, 2023

Då eg hadde gjort meg ferdig med Med hodet i skyene, den nye norske omsetjinga av Arrugas, boka spanske Paco Roca (f. 1969) kom ut med i 2007, var det som om det eg hadde lese, hadde ein slags etterklang i kroppen. Karakterar og univers summa vidare i meg, hadde festa seg, ville ikkje heilt sleppe taket, idet eg gjekk over til andre sysler og oppgåver.

Det kjendest som eg hadde vore der, fått eit blikk inn, til aldersheimen den pensjonerte banksjefen Emilio flyttar til, idet han vert diagnostisert med Alzheimers – ei verd som er både tragisk og komisk, prega av livet på sitt mest intense, der ein avgrunn opnar seg, og ikkje kjem til å lukke seg igjen. Emilio står ovanfor ei endring som vil frårøve han dei eigenskapane som får oss til å kjenne oss menneskelege – orienteringsevne, minnet, ein autonomi vi ofte kjenner oss avhengige av for å leve det vi tenkjer på som verdige liv.

Ein paradoksal plass

Med hodet i skyene er ei av desse forteljingane eg kjem til å hugse like mykje for staden som vert skildra, som for karakterane. Heile handlinga utspelar seg i denne heimen, som både verkar liten og føreseieleg, og til same tid overveldande og desorienterande. Ein paradoksal plass, av typen vi veit eksisterer, men som vi skyv frå oss, og held oss borte frå, med mindre vi ikkje kan unngå å måtte dit.

Ei parallell verd. Er det ikkje det vi finn når vi går over dørstokken til eit sjukehus, til ein aldersheim? Til ein pleieinstitusjon? Eit univers på sida av den travle kvardagen, der folk hastar til og frå, og har fullt opp med sitt – tidsklemme, barnehage, jobb, alle dei tusen små og store tinga vi fyller liva våre med. Eit univers der tida står stille, eller der det i alle fall kan verke slik. Det er dit Emilio må, det finst ingen veg utanom, og heller ingen returbillett.

Alle som av ulike grunnar har endt opp med å tilbringe tid på slike stader, som pårørande eller pasient, vil vite kva eg snakkar om. Utanfor glaset går alt vidare, men det får vere – her er det som om alt har stoppa opp, eller følgjer ei eiga tidsrekning. Når vi kjem oss ut derifrå, prisar vi oss lukkelege fordi vi ikkje sit fast der.

Liv og varme, kløkt og sjarm

Eit parallelt univers, altså – men ikkje av den typen vi ofte lengtar etter når vi for ei stakka stund søker tilflukt i populærkulturen, og det den kan ha å tilby av trøyst. Her for litt sidan sette eg meg ned i sacco-sekken på rommet til gutungen på fjorten, som med stor glød hadde gitt seg i kast med nok ein runde med Pikmin 3, og kava rundt på den snødekte tundraen. Takk og lov at dette finst, tenkte eg, etter ein ettermiddag der det hadde toppa seg med krigsreportasjar og klimarapportar – det ville liksom ingen ende ta.

Difor tenkte eg, då eg var ferdig med Rocas rørande, men svært så usentimentale forteljing, at eg må sørgje for ikkje å merkje denne boka på ein viss måte når eg skal skrive om ho. Vel hundre sider på institusjon, med uhelbredeleg sjukdom – korleis skal eg få lesaren til å forstå at dette er ei forteljing full av liv og varme, av kløkt og sjarm, av svart humor som likevel aldri vert kynisk eller livstrøytt? Tilfellet ville ha det til at eg sjølv gjekk til Med hodet i skyene utan å vite noko om boka, noko som berre skjer unntaksvis, og tok meg i å ønskje andre lesarar same utgangspunkt (noko som jo ironisk nok er umogleg for deg, no som du sit og les dette).

Det overraskar ikkje at Rocas bok kjem ut på forlaget Camino, som har som mandat å løfte fram kvalitetsforteljingar som er viktige og verkeleg trengst, og at ein solid omsetjar som Bente Lodgaard – fødd same år som Roca – står for den norske utgåva. Dette gir meg håp om at teikneseriemediet også skal nå lesarar som ikkje nødvendigvis les slike bøker som Med hodet i skyene så ofte, men kjem til utgivinga av andre grunnar enn ei interesse for teikneseriar. Og når det gjeld deg, kjære Empirix-lesar, så har du her ei framifrå gåve til slike folk, som du utan tvil kjenner mange av.

Hangen til nisje

I det siste har eg tenkt på kva som fører oss til ei forteljing. Uavhengig av medium, så inneber det jo ei investering av tid, ofte fleire timar til og med. Det finst sjølvsagt ikkje eit svar på eit slikt spørsmål, for det varierer jo, ikkje berre frå person til person, men, for kvar av oss, frå dag til dag. Nokre gonger vert vi drivne til tv-skjermen eller til bokhyllene på jakt etter noko som kan ta oss bort frå vår eigen kvardag. Andre gonger er det motsett. Vi treng å kunne få auge på noko som er sant, noko som vedrører oss, vi er på jakt etter å ta innover oss ei innsikt som kan utvide vår forståing om kva det vil seie å vere menneske. Desse impulsane eksisterer jo side om side, slik må det vere – kven kan vel ikkje lengte etter den ultimate eskapisme på onsdag, for så å leite etter noko som vekkjer eit sosialt, politisk eller eksistensielt engasjement på torsdag?

Så fekk likevel Rocas bok meg til å ønskje å bryte dette mønsteret, denne hangen til nisje som pregar vår tid, der vi så lett kan velje bort det vi trur vi ikkje vil ha, og plassere henne i hendene på nokon som var på utkikk etter noko anna. For Rocas bok er ikkje deprimerande. Ho er så lett på foten, så velbalansert i omgangen med eit stoff som fort kunne ha seinka heile forteljinga ned i noko tungt og uoverskodeleg nedbrytande, at det ville vere synd om for mange skuggar unna på grunn av ein overflatisk kjennskap til rammen og utgangspunktet –ei heil teikneseriebok fortalt frå ein pleieinstitusjon for Alzheimer-pasientar, der hovudkarakteren er på veg inn i den tyngste livskrisa eit menneske kan tenkje seg. Roca veit at det som er til å gråte av, også ofte er det samme som det som er til å le av. Misforståingane, forvirringa, den smuldrande temporaliteten som kviler over alle møtepunkt og måltid – vi følgjer Emilio, og hans nye venn Miguel, inn i alt dette, forferda og berørt, humrande og blanke i auga. Men eg vart ikkje nedstemt av å lese Med hodet i skyene.

Ein viktig grunn til dette, meiner eg er Rocas optimalisering av teikneserietekniske forteljegrep. Eit menneskesinn i oppløysning, der kjensla av tid og stad er i flyt, og grepet om eigen og andres identitet er i ferd med å gå tapt – Roca viser korleis slike grenseerfaringar kan verte formidla på eit heilt eige vis i som teikneserie. Vi får sjå både den verda ein karakter trur ho eller han er i, og den verda vedkomande verkeleg er i, og kontrasten er hjarteskjerande, frå rute til rute. Når Roca let konturane i eit ansikt bleikne bort, i ei brå realisering av identitetstap, går det kaldt nedover ryggen på i alle fall denne lesaren. Med hodet i skyene er ei ugløymeleg lita bok, og eg håpar ho vil nå mange lesarar, også slike som tenkjer: Ei bok som dette har eg aldri lese før.

Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og professor ved Universitetet i Bergen, og har dei siste åra publisert forskingsartiklar bl.a. i Studies in Comics og Journal of Graphic Novels and Comics, samt boka Den dokumentariske teikneserien (Universitetsforlaget, 2014).

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.