Mia Myhr og barna som forsvant anmeldelse

Anmeldelse

Mia Myhr og barna som forsvant
Sara Hjardar
Egmont, 2022

Mia og den eldre systra hennar, Hanna, sit i bilen utanfor huset medan foreldra ber flyttekasser og prøvar å bli ferdig med kjøkkentinga så fort som mogleg. Hanna ser på telefonen, og Mia er fordjupa i teikneboka si. Huset er ganske lite, omgitt av tre og ser ut til å ligge avsides til. Hanna vender seg mot Mia og prøver entusiastisk å få sjå kva systra teiknar. Mia prøvar å stenge systra ute, teikninga er for privat, ho stoler tydeleg ikkje på at entusiasmen er vennleg og at nysgjerrigheita er oppriktig.

Og med det, har Sara Hjardar på eit par korte sider etablert eit solid fundament for forteljinga.

Mia Myhr og barna som forsvant anmeldelse

I bestemors hus

På same likeframme vis som relasjonen mellom syskena vert etablert, kjem det fram at huset tilhøyrde bestemora. Mia går inn i skogen, der bestemora brukte å ta dei med, og tar ein prat med ein gullbasse ho støter på. Då får vi vite at bestemora forsvann sporlaust nokre år tidlegare. Det er eit flott grep, som byrjar å kople bestemora og Mia saman på tvers av avstanden mellom dei. Det understøttar inntrykket av Mia som ein person som er meir open åleine enn saman med andre, og det er første steget i å undergrave den trygge og kjente grunnen Mia trur ho står på.

Her snur det frå kvardag til ubehag, når Mia støyter på vesenet som vises på omslaget. Vesenet er eit sterkt grøssardesign, ansiktslaust med overdrivne lemmar, og ikkje utan referanse til populærkulturelle former. Det gir truverd til Mia at ho etter det første sjokket går gjennom eit forsøk på å overtale seg sjølv om at ho har sett feil, at det kan ha vore ein hjort … eller kanskje ingenting.

Mia Myhr og barna som forsvant anmeldelse

Drypp … drypp … drypp

Frå dette punktet blir også paletten mørkare. Eit dryppande motiv dukkar opp, samtidig som det plutseleg dukkar opp eit tjern i skogen. Illustrasjonar flyt ut, tårer og blodråpar fell og ansikt går nær i oppløysing. Sjølv teksten blir rennande nokre stader. Det er gjennomført, og kroppshorroren som dukkar opp tener forteljinga og stemninga godt. Mørket er akkurat passe tungt, utan at det går ut over kontrastar og lesbarheit. Det er langt frå ei sjølvfølgje, og her har både teiknar og trykk gjort godt arbeid.

Dei visuelle vala som er gjort er i det heile veldig fine. Eit døme på det er personane. Mia og Hanna er begge i tenåra, men Hjardar får fram skilnad i utvikling gjennom proporsjonar og kroppspråk. Mia er hengslete, med lange bein og tynne armar, og har ein meir keitete og barnleg måte å te seg. Hanna er også ung, men har tydeleg vakse meir inn i seg sjølv. Det gir god botn til ei forteljing der kontrasten mellom dei to måtane å vere er viktig.

Mia Myhr og barna som forsvant anmeldelse

Friske greiner

Visuelt passar Mia Myhr godt inn blant dei mange nye serieskaparane Egmont har satsa på i det siste, og det er gøy å sjå at det her dukkar opp ein fantasygrøssar med stort potensial. Det er alltid fint å sjå ei bok der eg etter å ha lest nokre sider blir overraska over kor mykje som har blitt fortalt allereie, der dialogen flyt fint og ein kan skimte at personane lever kvar sine liv – også dei underjordiske. Det har kome mange bokseriar dei siste åra med meir eller mindre mytisk tilsnitt og visuelle referansar til asiatiske uttrykk, men denne kjennes særleg godt avrunda.

Undervegs har Hjardar lagt ut akkurat passe mange stiar og trådar som peikar mot kva som vil hende seinare. Ved å starte i kvardagen, med ein situasjon mange vil kjenne frå eige liv og resten vil kjenne frå forteljingar i ulike medium, legg ho grunnen for at det blir lett å engasjere seg i kva som skal skje med personane. Det same gjer ho med den første underjordiske vi møter, som etter å ha kome tilbake til ei tilsynelatande vennlegare form enn det Mia først ser, blir introdusert med ein god porsjon kvardag. Ved å presentere denne dørvaktaren slik, kan ein få litt sympati for denne figuren, sjølv om ikkje alt talar for at Mia sin tillit blir plassert hos nokon som fortener det. Kvar vegen går vidare, blir uansett spennande å følgje.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.