
Anmeldelse
Mor fant meg – Historien om et adoptert liv
Eva Sørlie og Stein Arne Hove
Bonnier/TNT, 2026
Nokon må ha snakka saman, for utgivinga av Eva Sørlie og Stein Arne Hoves Mor fant meg kunne ikkje ha vore taima betre. Den sjølvbiografiske teikneserien dundrar rett inn i Granskingsutvalget for utenlandsadopsjoner sin knusande rapport som blei levert i slutten av juni. Adopsjonssystemet i Noreg har mellom anna vore prega av alvorleg systemsvikt, lovbrot og økonomisk vinning. Sjølv om boka er svært personleg er det vanskeleg å ikkje lese henne som eit innlegg i denne debatten.

Emosjonell sanning
Mor fant meg er eit samarbeid mellom sjølvbiografen Sørlie og teikneserieskaparen Hove. Slike samarbeid er ikkje heilt uvanlege (sjå til dømes Harvey Pekars American Splendor som har ei rekkje illustratørar, eller March av Lewis, Aydin og Powell), sjølv om dei strengt tatt ikkje er normen. Formålet er uansett det same som i auteur-baserte sjølvbiografiske teikneseriar: Kombinasjonen av verbal forteljing og eit visuelt uttrykk som splintrar det biografiske sjølvet opp i ulike manifestasjonar, skapar det Will Eisner har kalla «ein særeigen røyndom» som både uttrykkjer ei emosjonell sanning og ei visuell frigjering.
Sørlies emosjonelle sanning er like fragmentert som den grafiske avataren hennar. Som adoptert er ho både norsk og koreansk, ho har to familiar og (minst) to identitetar. Denne identitetskrisa er grunnlaget for forteljinga. Boka sine tre deler speglar dette gjennom å konsentrere seg først om Noreg, deretter om Korea og til slutt om Noreg og Korea. For at boka skal fungere som visuell frigjering er ho avhengig av ein teikneserieskapar som kan formidle denne på ein overtydande måte. Sjølv om Hove er ein dyktig teiknar, luggar det litt i strukturen.

Norsk K-kjærleik
Den tunge eksposisjonen i den første delen har mange kvalitetar. Her handlar det om Sørlies oppvekst i Noreg. Sjølv om Sørlie blei utsett for mikroaggresjonar, effektivt illustrert som ei fysisk utvisking av identiteten hennar, hadde ho det heilt greitt. Fokuset på adoptivfamilien si historie er med på å understreke at ho, heilt til mora tar kontakt med henne i vaksen alder, er ein del av den norske fellesskapen. Det gjeld også den breitt utpensla tidskoloritten. Det blir kanskje litt mykje nostalgi og fyllahistorier frå 1980- og 90-talet, men poenget er tydeleg. Alt byggjer opp mot ambivalensen ho kjenner på då ho plutseleg må forhalde seg til den andre familien i Korea.
I den andre delen møter Sørlie mor si, Im Hong Sun, for første gong, og mora overtar raskt forteljarstemma. Sjølv om det i førstninga verkar litt underleg med eit nytt «jeg», fungerer det på eit vis, mykje takka vere eit fargeskifte. Der den norske historia er i gråtonar, er den koreanske fortalt i nyansar av grønt. Dette kan også bli lese i samband med det koreanske fargespektrumet, obangsaek, der kvitt symboliserer vest og grønt er knytt til det austlege.
Sørlies norskheit står i sterk kontrast til Im Hong Suns forteljing, noko som blir utforska i den siste delen av boka. Ho skildrar ambivalensen og kulturkonfliktane på ein truverdig og nyansert måte. «Kan man ha to mødre?» spør ho seg då ho kjem heim frå den første turen til Sør-Korea.

Send meg gochijuang-sausen!
Trass i den sterke forteljinga om Sørlie og mor hennar, engasjerer ikkje teikneserien like mykje som intensjonen skulle tilseie. Utfordringa ved eit slikt samarbeidsprosjekt, er at teiknaren (og den som formar teikneserien) står utanfor det som blir fortalt. Dette blir ved fleire høve problematisert gjennom pausar der Sørlie og Hove snakkar om både visuelle grep og det problematiske ved minnearbeid. Kan ein eigentleg hugse alt slik det var? Noko som i mindre grad blir diskutert er om Hove er den rette til å teikne fram Sørlies minne.

Eg kjenner berre Hove frå den heilt greie stripeserien Kampen park. I Mor fant meg viser han eit større register, men den manglande erfaringa med lange forteljingar er tydeleg. Flyten mellom rutene gjer ofte at Sølies forteljing ikkje får den tida ho treng, samtidig som taiminga ikkje alltid sit heilt. Tidsforskyvingane er ofte veldig brå, og det som blir fortalt er litt enkelt. Han teiknar stort sett det han blir fortalt, utan å utnytte teikneseriemediet sitt rom for metaforar og formeksperiment fullt ut. Hove er ein dyktig handverkar, men resultatet gir eit litt statisk uttrykk.
Den tradisjonelle koreanske retten bibimbap er avhengig av ein god balanse mellom grønsaker, protein, sesamolje og gochujang. Viss det er for lite gochujang-saus kan retten bli i tørraste laget og kjennast flat, same kor gode ingrediensane er. I hendene til ein meir erfaren teikneserieskapar hadde Sørlies forteljing kome tydelegare fram.
Likevel er det ei viktig og aktuell forteljing Sørlie presenterer. Som adoptert er ho, som Brynjulf Jung Tjønn skriv i diktsamlinga Norsk kjærleik, noko som «blandar seg i alt det andre / og blir borte», noko som er vanskeleg å bli klok på. Til slutt sit lesaren att med eit inntrykk av at Sørlie nektar å bli borte, og ho er såleis ei sentral stemme i debatten om adopsjon.















