
Anmeldelse
Ms. Marvel bind 1: Nesten normal
Adrian Alphona, G. Willow Wilson, og Jacob Wyatt
Outland forlag, 2022
Den store optimisten i Marvel-universet får snart TV-serie, og første bok om henne er ute på norsk.
Kamala Khan er 16 år og bur i Jersey City med mor (ammi) Muneeba som saknar Pakistan og far (abu) Yusuf som er pragmatisk og relativt sekulær. Sistnevnte irriterer seg merkbart over at Kamala sin storebror Aamir har drukna seg i religiøst svermeri og skal be til Allah heile tida.
Kamala er skuleflink, men det er meir på grunn av normalt press for å prestere enn fordi ho er eit supergeni. (Unge supergeni har Marvel ein del av, som Shuri, Peter Parker og Riri Williams) Kamala er heller ikkje mutant eller noko anna spesielt: Ho er ei slåande normal pakistansk-amerikansk ungjente med veldig normale konflikter med mor, far og den moraliserande imamen Sheikh Abdullah – som foreldra truar med når Kamala etter kvart byrjar å få hemmeligheter.

Dobbeltliv og urdu-poesi
Og hemmeligheter får ho i fleng: Etter å ha sniki seg ut av huset for å for ein gongs skuld få delta på ein fest, kjem ein mystisk tåke over byen. Kamala får ein visjon av sin favoritt-superhelt Captain Marvel, som syng Sakal bun phool rahi sarson for henne.
Om du tek denne referansen, spring og kjøp serien, du kjem høgst sannsynleg til å kose deg glugg i hjel! For oss andre: Det er urdu, og diktet er av poeten Amir Khusrau, fødd i 1253 i det som i dag er Uttar Pradesh i India.
Captain America og Iron Man stiller som koristar og syng den same sangen på norsk, enten fordi Kamala ikkje er så sterk i urdu, eller fordi forfattar G. Willow Wilson har ønska å vere litt jovial mot lesaren.
Marvel-moro med metaforar
Dei som kjenner Marvel-universet forstår kanskje at den mystiske tåka er terrigentåke, som utløyser skjulte krefter i nokre utvalgte få. Kamala kjem til seg sjølv med evna til å gjere seg sjølv stor eller liten, og til å gjere visse kroppsdeler unormalt store og dermed få til ting ho elles ikkje ville fått til. Ulempa er at Kamala blir heilt utmatta etter ei økt, må trøkke i seg enorme mengder mat, og sove i timevis.
Med andre ord er det lett å assosiere kreftene til Kamala med det å kome i puberteten. Denne symbolske likheta minner meg om ein annan populær tenårings-superhelt: Spider-Man! Eg skal ikkje gå i detalj her på kva aspekt ved Spider-Man sine web fluids som gir meg assosiasjonar til å vere gut i puberteten, då Ms. Marvel er ein veldig søt og barnevennleg serie. Men denne symbolske likheta kan kanskje forklare kvifor Ms. Marvel føltes som å lese Spider-Man for første gang.

Ei overraskande oppdaging vedrørande teiknestil og dens effekt på opplevd lesing
Serien er godt skriven av G. Willow Wilson, og teikna av Adrian Alphona i bind 1. I dei neste binda kjem det inn andre teiknarar for å lage mellom-episodar, eit vanleg fenomen som trengs for å få til det hektiske produksjonstempoet som er ønska i USA.
Stilen til Alphona er laus og ledig, litt cartoony, den kan minne om både Kyle Baker og om Jack Davis frå gamle Mad Magazine. Dette valget er eit freskt grep til denne typen historie, og gir serien mykje av sin sjarm i starten. Det cartoony aspektet funkar for å formidle humoren, og alle detaljene gir blikket mykje å tygge på. Samstundes kjennest det av og til som alvoret blir litt borte i alle overdrivne vinklar, det er tidvis lett å falle av og føle at teikningane tek fokus bort frå historia, sjølv om dei er lekre.
Dette kan ein kjenne på ved å lese første episode av bok 2. Jacob Wyatt teiknar mykje meir nøytralt og diskret, og lesaropplevinga (med akkurat same forfattar og hovudkarakter) endrar seg drastisk.
Med andre ord, eg likar godt å SJÅ PÅ Alphona sin stil, men til å LESE opplever eg Wyatt som deiligare. Det er som å oppdage at personen du har prata med plutselig ikkje står og ropar deg i ansiktet lenger.


Lokalpatriotisme
Ikkje ulikt Spider-Man (som er frå Queens) og Daredevil (som får mykje av sin juling i Hell’s Kitchen), så har Kamala Khan sin klart definerte bydel: Jersey City! Lokalhistorie pregar også Kamala sin første skikkelige fiende: eit mystisk, teknologisk geni som blir omtalt som “Thomas Edison”.
Det er sjølvsagt den notoriske super-oppfinnaren frå attenhundretalet som har blitt brakt tilbake til sine gamle heimtrakter, men han er no også … (spoiler!) ei enorm kakadue! Kanskje Spider-Man brukte opp alle dei mest logiske dyra (Vulture, Rhino, Scorpion) – og det kjentest fundamentalt pubertets-superhelt-drama-aktig å la Kamala kjempe mot ein fiende som har eit slags dyre-aspekt.
Klassisk kynisk kakadue-konflikt
Bok 1 sluttar på ein cliffhanger, og det er eigentleg ikkje optimalt for ei frittståande bok. Berre eitt kapittel til (episoden i starten av bok 2, der Kamala møter Wolverine og vi får sjå meir til Edison) ville gjort at bok 1 landa mykje stødigare.
Om ein les heile bok 2 får ein også forløyst mange av dei tematiske frøa som blei planta i bok 1, som det frustrerande og håplause i å vere ungdom i verda av i dag, og om overgangen frå å kjenne seg makteslaus til å forstå at det faktisk er dei unge som skal arve verda.
Konflikta mellom Kamala og Edison fangar essensen av dei: Kamalas optimisme, vilje til å gjere noko trass i at ein ikkje veit kva ein skal gjere, og trua på andre menneske, mot Edison sin kynisme og vilje til å bruke menneske som verktøy for å nå sine mål.
Naiviteten til Kamala er også morosamt hinta til fleire gongar i bok 2, som når ho åpenbart aldri har høyrt om begrepet “stash” for dop og derfor sjølvsikkert diktar opp si eiga forklaring på kvifor eit hus blir kalt eit “stash house”.

Huset vinn alltid (forhåpentligvis)
Det er som om serien får puste meir når den har gjort unna all etableringa i bok 1, og Kamala kan boltre seg med meir reine eventyr og låne superheltar frå resten av Marvel-galleriet. Det er faktisk veldig lett å kjøpe at Wolverine blir sjarmert av Kamala sitt pågangsmot. Den grimme nihilismen hans smeltar som Antarktis-is i vårsola når Kamala sin personlegdom etter kvart avslører seg mellom all slåstinga.
Det tradisjonelle problemet for norske forlag som vil gi ut lange superhelt-såpeoperaer er at dei mest ihuga fansen fort heller kjøper heile serien på engelsk om dei blir hekta. Den norske omsetjinga er dermed enormt mykje arbeid for eit produkt som etterpå blir utkonkurrert av sin “originale” versjon. Outland som forlag har derimot berre fordel av dette: Kvar skal folk gå for å kjøpe bind 2 av Ms. Marvel? Outland butikk!