Nav av Daniel Østvold - Sosialsurrealistisk dagdraum med sjarm

Anmeldelse

Daniel Østvold
NAV
Ford forlag, 2023

NAV er eit pussig verk. Den kjem i form av eit 44 siders album i A4-format, litt mjukare enn det klassiske «album-» formatet til Asterix og Lucky Luke, men likt. Og den handlar om forfattaren sjølv, Daniel, og eit overraskande brev han får i posten. NAV meiner nemlig at han innvandra frå Frankrike i 1999! Han ringer dei, og får vite at, ja, det stemmer. Daniel byrjar straks å gruble.

«Nå er det slik at jeg er en lett påvirkelig person. Samtalen med NAVs saksbehandler hadde fått meg til å tvile på min egen hukommelse og dømmekraft. Dette måtte jeg finne ut av, og jeg besluttet derfor å ty til det eldste trikset i boka …»

Dette trikset er å … tenke seg tilbake til fortida. Daniel tenker tilbake til då han var i Frankrike på eit stipendopphald (Ingrid Lindbäck Langgaards legat, tydeligvis). Lesaren vil på det tidspunkt forstå at mysteriet er løst, NAV har berre regna hans tilbakekomst til Noreg som ei innflytting, men Østvold har ikkje tenkt å la ei god misforståing gå til spille. Han drøymer seg inn i ei detaljert historie om dobbeltgjengarar, kunstnarkollegaer, potensielle alternative liv og mislykka kunstprosjekt.

Nav av Daniel Østvold - Sosialsurrealistisk dagdraum med sjarm

Fjorten album

I tillegg til å vere kunstnar og musikar, er Østvold, fødd 1955, også ein produktiv teikneserieskapar. Teikneserienoreg er bittelite, og det er nesten svimlande å oppdage at på Ford forlags nettsider så ligg det heile fjorten teikneseriealbum ute med hans namn på. Dei ligg i eit artig mellomsjikt mellom undergrunn og «proff»: Estetisk er streken litt i landskapet rundt Tintin, bare med et lavare detaljnivå. Fargelegginga er klassisk, nøktern og presis.

Innhaldet og stemninga i dei to albuma eg har lest, Down Under og NAV, minner meg mest av alt om den nyss avdøde Galago-bidragsytaren John Andersson. Fantasiane til Østvold er likevel lunare og meir underfundige enn dei feberdraumaktige visjonane til Andersson.

Nav av Daniel Østvold - Sosialsurrealistisk dagdraum med sjarm

På jakt etter Østvold

Det er eit lite mysterium at Østvold har vore så usynleg for meg. Lever han i eit eige miljø heilt isolert frå dei ulike krokane av teikneserienoreg eg har fått glodd på? Er han tilfreds med sitt eige kosmos av musikar- og kunstnarkompisar og har inga interesse i å besøke Oslo Comics Expo, Raptus, Kristiansand-festivalen Stribefeber, Mosjø Comix Con eller Drammen sin Kanoncon? Eller har eg berre ikkje fulgt med? Litt snoking viser meg at Østvold har ei lang og merittert karriere i band som Couldn’t Happen Here på åttitalet, musikalsk samarbeid med Kenneth Ishak, kuratorjobbing, kunst, skulptur og offentleg utsmykking. Tronsmo bokhandel har dei fleste seriane inne.

nettet finn eg òg starten på Østvolds fantasyprosjekt Chronicles of the Witch Queen, ei kort historie som til og med har to eigne sangar.

Serien var skriven av Greg Storm, altså Geir Strøm, som diverre gikk bort og dermed førte til at teikneserien vart avslutta 2019. Skal du lese COTWQ men ikkje orkar starte på den svartkvite korthistoria frå nittitalet (trass i at den har musikk og alt) kan du jo prøve det siste, ufullførte, albumet Chaos, som er deira første i fargar. Det ligg her.

Etter det lagde Østvold eit album om den siste fasen av ekteskapet sitt med russiske Irina, deretter serien Down Under, ein slags fabel om kengurar på eventyr. Down Under krever visstnok ein del forkunnskap om Østvold sin øvrige produksjon for å forstå, då den viser til figurar frå dei andre albuma.

Nav av Daniel Østvold - Sosialsurrealistisk dagdraum med sjarm

Systemets makt

Seriealbumet NAV står derimot godt på eigne bein. Eit par av dei trykktekniske valga er eg skeptisk til: Litt kraftigare papp på omslag og litt meir matt og pulpy papir inni hadde styrka assosiasjonane til gamle Tintin og Lucky Luke-album, og gitt meir tekstur til fargeflatene. Framsida er kanskje meint som eit spel på at eit menneske kan leve mange ulike liv – eller kanskje den skal hinte til Andy Warhol og hans masseproduksjon og dehumanisering – men åtte identiske silhuettar på ulike fargar bakgrunn framstår ikkje som veldig fengande.

Men albumet har eit par morosame poeng, funkar fint som introduksjon til Østvold for nye lesarar og skildrar Østvold i dag, hans fortid, og kanskje også ei imaginær eller alternativ fortid som NAV insisterer på at han har hatt. Serien er ei humoristisk skildring av eit høgst reelt fenomen: Når systemet insisterer på ei sanning, kan ein byrje å tvile på seg sjølv.

Øystein Runde
Øystein Runde er tegneserieskaper kjent blant annet for superheltparodien Bjartmann, bøkene Olav Sleggja og Berserk, samt faktaboken Stamceller. Han har også skrevet tegneseriene Futen og De fire store.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.