
Anmeldelse
Rakkan vol. 1-5
Red: Nora Fiskaa Ljøstad og Lisa-Marie Pettersen Leira
Outland forlag, 2021-2023
I Edo-Japan vart samuraiar som hadde mista sin herre klassifiserte som «ronin», og dei vart etterkvart ein stor faktor i samfunnet. No tek antologien Rakkan sverdet i eigne hender og avsluttar seg sjølve utriveleg tidleg. Korleis vil denne nye flokken med herrelause mangakas prege bransjen?
RAKKAN – japansk for «optimisme» – var Noregs første mangaantologi. No skal den leggast ned, og skal dermed forenast med Fidus, Forresten, KonK, Smittsomt Gjesp og alle andre norske serieantologiar i serieantologihimmelen (eventuelt på Lucky Eddie). Kva har Rakkan gitt oss? Ein heil del, mistenker eg.
For at ein teikneserieantologi skal funke, må den både ha ein klar identitet, men også vere laus nok i snippen til at stadig nye serieskaparar kan finne sin plass der. Rakkan sin identitet har vore «manga», og av ein eller annan grunn har den skilt seg ut frå Egmont sin «nordisk manga». Kanskje fordi den ikkje har fargar, og målgruppa er mindre stram.
No skal Rakkan legge ned sin G-pen for siste gong. (Eller sin Huion stylus, eller Apple Pencil. Eg veit ikkje kor mange i Rakkan som teiknar analogt.) Det er uansett på tide å oppsummere Rakkan sitt bidrag til norsk teikneserieliv.

Antologi-dilemmaet
Det er vrient for serieantologiar å leve lenge. Utan ein serie som bærer showet, er dei fleste antologiar kortliva. Og om ein av seriane blir ein stor hit, får den som regel sitt eige blad eller bøker, og etterlater antologien utan si største stjerne.
Det har fungert nokre stader: I Sverige har Galago ein lang historie, og sjølv om mange av dei faste har hatt suksess kvar for seg med bøker som PIXY (Max Andersson) eller Socker-Conny (Joakim Pirinen) så har alltid Galago hatt så mange sterke enkeltstemmer at antologien har vore større enn summen av sine delar.
Dark Horse Presents har også vore ein frisk antologi. Paul Chadwick sin Concrete og Mike Mignola sin Hellboy har fått prøve ut småhistorier der, og så kunna samle dei til bøker seinare.
Men når eg no dreg fram desse døma innser eg at dei ligg veldig langt tilbake i tid. Eg har heller ikkje tenkt å dra fram hipster-antologiar som Kramers Ergot og Mould Map, fordi dei er noko heilt anna enn Rakkan både i form og i målgruppe.
Som Alan Moore har påpeikt: Det er ikkje lurt å starte karrieren med enorme epos. Ein er dømt til å ha barnesjukdommar i dei første tusen sidene ein produserer. Men kvar i Noreg kan ein få utløp for sine tusen første sider?
Ein unik mangaka-stall
Rakkan har vore antolgien for serieskaparar som ikkje er rufsete og sosialrealistiske nok for gamle Forresten, ikkje hippe og eksperimentelle nok for nye Forresten, og kanskje ikkje så fargesterke som Egmont sin Nordic Manga-stall ser ut til å vere. Nokon av dei kunne kanskje passa i Overtrykk, antologien til Überpress, men Rakkan køyrer svart-kvitt og er mindre disiplinert på å tvinge serieskaparane til å avslutte sine historier.
Det er mange med i Rakkan, men her er eit par av gjengangarane:
Irske Mark Egan er ein mangaveteran. Serien hans i Rakkan er om barn som utdannar seg til astronautar. Det er eit besnærande univers, og Egan viser også fine takter på romskipdesign og locations. Men eg dett av lasset fordi teikningane ikkje er spesifikke nok. Barna har knapt ansikt, romskipa knapt detaljar. Karaktergalleriet er stort – men dei har same uniform og er slitsomme å skille frå kvarandre. Dette er heilt unødvendig. Universet i serien har mange gode ting ved seg, og Egan har eigentleg alt han treng av talent og erfaring, difor er det desto viktigare at han gjer klokare valg.
Eg ønsker meg færre og meir klart definerte karakterar frå Egan, mindre skala på problema, og meir tydeleg særpreg på ting. Det er også eit krevande konsept han har valgt seg (sa Øystein, av bitter eigen erfaring). Eit mindre konsept og mindre historier med færre folk, og Egan kunne jobba meir med å finpusse detaljane. Dette er eksemplifisert i neste serie.

Kaffe for svin
Med serien «Kaffe for svin» i Rakkan 3 vert det klart at Joiski (Johannes Nunpau Engøy) sin strek har blitt knallgod. Her går han også inn i ein ny sjanger for Rakkan: Matlagings-manga! Kongen av dette er nok japanske Oishinbo, om to kokkar som krigar om å lage best mat.
Med «Kaffe for svin» har Engøy laga sin eigen, tydeleg Oslo-lokaliserte vri – kaffikokings-manga – og eg diggar det. Engøy bygger opp spenning av ingenting (å stå i kø på kaffibar og verte stressa) og leverer gigantisk drama av ingenting (å kjøpe eit par koppar kaffi). Eit høgdepunkt i Rakkan si historie, og får meg til å tenke at fleire av seriane kanskje burde vore avslutta fortellinger.

Detaljrik isekai
Isekai er ein manga-subsjanger om folk frå vår verd som vert henta til ein annan dimensjon.
Tre jenter vert henta til ein annan dimensjon i Dænney sin serie «Meulencea». Vi lærer at ei av dei heiter Lotte Honda. Heltinna, Celeste Edelheim, er ein venn av alle tre, og lurer på kvar dei har blitt av. Så sparkesyklar også Celeste over i ein ny dimensjon og møter ein riddar/trollman/alv-aktig fyr. Her er det mykje som skal ut på lite plass, og serien ønsker eigentleg mykje fleire sider enn den kan få i Rakkan. Eg veit allereie medan eg les starten at denne serien ikkje kan fortellast ferdig innan Rakkan 5. Det slår meg at eg har lært mange namn – Lotte Honda, Celeste Edelheim, Meuelncea, Pentagon-sagaen – og at ingen av namna betyr noko for meg.
Eg trur det kan lagast ein regel om at ein kan finne på så mange fantasynamn ein vil, men dei må knytast til noko. Ei eller anna kjensle. Aragorn er heroisk, Gollum er creepy, Sauron er fryktinngytande. Kva er Celeste, Lotta og Meulencea? I kapittelet etter, altså i Rakkan 4, vert serien klarare. Dei bortkomne venninnene vert delegert til noko Celeste skal leite etter, og fokuset er på Celeste sitt møte med den nye verda, Pentagon. Dænney får fram både humor og spenning, og serien tek eit klart hopp. Men det er også det siste ein ser av serien – den har ingen neste episode i Rakkan 5.

Stabil kvalitet + fleire hopp
Xaffie Flora Sarkol er eit stort talent. Streken er effektiv og klar, innhaldet interessant, og ho ser ut til å kunne skifte stil etter kva som er behovet. Eg håper difor å få høyre meir frå Xaffie i ei eller anna form.

Hiwar Nheli sin sprø fantasyserie tek eit hopp i Rakkan 4, og held seg der i nr 5. Streken, figurane og det komplekse plottet glir perfekt saman. Overraskelsen med prinsen funkar. Humoren er ikkje lenger lagt oppå, men integrert i fortellinga. Karakterane vert tydeligare. Og Nheli har fått meg til å forstå greia si, fordi han no meistrar ein One Piece-aktig balanse mellom inderlege kjensler og tøys.
Engøy sin «magisk jente»-serie «Magiki Koritsi» er pen og morosam, men ein liiiten nedtur etter hans serie om kaffi, som virka meir nitidig teikna.
Færre late løysingar, takk
Her er det tid for eit stikk:
Ein kan sikkert finne døme på store mangakas som tek dristig minimalistiske grafiske valg midt i ei tre tusen sider lang fortelling … men når du er fersk, så er kvar side din sjanse til å imponere! Om du skal fylle ei side med ei einaste snakkeboble og litt raster, så må du ha imponert noko så inni hampen på dei foregåande sidene. Eit par av seriane i Rakkan får sleppe unna med å vere altfor luftige.
Lærarliv og travarar
I det siste nummeret av Rakkan er det fleire nye prosjekt – og det kjennest litt uheldig å starte på nye episodiske seriar når redaktørane veit det er siste nummer. Det hadde vore meir ryddig å forsøke finne avrundande mellomklimaks som i alle fall nøsta opp eit par trådar.
Teikneserien «4E» av Tenpi, som starta med lette blødmer, overraskar ved å elegant gli over til ei historie om å vere lærar. Det er ein bonus at den faktisk avrundar, sjølv om avrundinga kjem litt brått. I min pdf ser det også ut som siste og nest siste side har bytta plass.
Gamle travarar som Bård Lilleøien og Jens K. Styve stikk også hovuda innom med mangaversjonar av sine respektive stilar. Det hadde vore interessant å sjå fleire veteranar lage manga, men det kjennest ikkje heilt som det passar med Rakkans øvrige konsept.

Meininga med antologiar
Kvar einaste av serieskaparane som har hatt fleire episodar på trykk i Rakkan viser utvikling, ofte frå nummer til nummer. Kanskje det er så enkelt som at dei har fått sjå seg sjølv på papir, og dermed fått eit nytt blikk på seg sjølv.
Ein teikneserieantologi kan kanskje virke overflødig i dag som alle kan følge sine favorittar på webtoons, tapas.io og instagram. Men antologiar fungerer både som
- miljø, så ein veit kva «gjeng» ein tilhøyrer når ein skal på festival
- skule, på grunn av redaktørfeedback og eksponering for nye lesargrupper
- motivasjon til å jobbe mot deadlines
Kvar gong ein antologi døyr, stoppar eit par kunstneriske snøballar som hadde byrja å rulle. Nokon gongar er dette ein sunn realitetssjekk, men det krever evna til å børste av seg støvet og reise seg igjen.
Kva er neste glimt av optimisme?
Manga er den gamle kunstnaren Hokusai sitt ord for «artige teikningar», men for meg kan manga romme alt frå golf til eksistensiell skrekk. I Rakkan sitt tilfelle var det ein ganske liten del av manga-spektrumet som vart utforska: Det barnevennlige. Slik framsto den tidvis som «materiale som ikkje er sterkt nok for Egmont». Dei unike stemmene til Sakol, Dænney, Nheli og Engøy var ryggrada i Rakkan, og dei kan kome langt med vidare dyrking.
Om eg skulle sett ein drøyme-mangaantologi i Noreg, ville eg ønska ein hardare kustus på at historier måtte vere avslutta, at kvar side måtte vere eit solid visuelt kick, og … Outland veit vel kor mykje Junji Ito selger, så det må vere lov å ønske seg litt meir grusomheter.
«Nordisk manga» hade ju egentligen inte så mycket att göra med manga alls, utan kändes närmast som en marknadsföringsterm för att bunta ihop en spretig grupp tecknare som var inspirerade av Scholastic och internationella webbserier för att producera breda barn- och ungdomsserier.
Här verkar tecknarna vara mer genuint inspirerade av mangastilen i teckningarna, och kanske även i den narrativa uppbyggnaden. Jag har inte läst Rakkan specifikt, men annars har jag ju sett högvis av liknande mangainspirerade serier på olika svenska seriemässor, och om man inte har bra storys och intressanta karaktärer att bygga upp en serie på, då blir det ju enbart en stil, och närmast en gimmick för sin egen skull.