Ja, mars vart jo litt annaleis enn planlagt, då. 

Heile jorda gjekk inn i ein depresjon, unntatt min podcastkollega Kristopher Schau, som noterte seg alt som var snilt og rett å gjere, og deretter konsentrerte seg om sine normale syslar. 

Eg for min del kom til pandemi-Oslo rett etter ei reise til eit folketomt Tokyo. Parallellt med dette hadde eg igangsatt drenering av huset mitt i Arvika. Det siste var spektakulært dumt. Midt i pandemien fekk eg resultatet, den største regninga eg har sett i mitt liv, og måtte i tillegg bearbeide om eg eigentleg hadde hatt behov for ein LITT mindre fuktig kjellar. 

Dermed går eg no inn i den mest kritiske fasa dei siste hundre åra med det som alle serieskaparar normallt sett har: Shitty ass økonomi. 

I tillegg går eg rundt og uroar meg for alle moglege folk, men no utan noko særleg ressursar til å hjelpe dei. 

Så kva gjorde eg? Vel, eg gjorde mange ting, la ut ein litt overtydeleg sytestatus på facebook var ein, ringte til min kompis Erik var ein annan. Erik sa at David Bowie meinte at ein kunstnar alltid burde stå på tærne med vatn opp til haka. Så ok! Greitt! Då er det slik, då. Og klart eg trengte drenering. 

Ut over den heilt egoistiske bekymringa over mine eigne idiotiske påfunn, måtte eg også bekymre meg for vennane mine. Men etter å ha roa ned litt enda eg opp med å teikne dei for å vise at eg tenkte på dei, trass alt. Det hjalp jo ingenting å gå rundt og bekymre seg. 

Så eg teikna Torgrim

og Jesper

og Jan. 

Ingen av dei er teikneserieskaparar så det er jo ikkje så Empirix-relevant, men det var litt overraskande for meg at eg brått var så oppteken av å lage portrett. 

Kva var greia? Var eg berre ute etter å vere inderleg og til stade? Og kvifor var eg så redd for å lage portrett til vanleg? Fallhøgda? 

Uansett, eg prøvde å nytte denne kokko situasjonen til å finne nye måtar å vere glad i folk på. Og så også å lære av Kristopher si zen-aktige fråkobling frå situasjonar han ikkje kan gjere noko med. 

Eg har eit stykke igjen å gå.

Øystein Runde
Øystein Runde er tegneserieskaper kjent blant annet for superheltparodien Bjartmann, bøkene Olav Sleggja og Berserk, samt faktabøkene Stamceller, Antibiotika og ADHD. Han har også skrevet tegneseriene Futen og De fire store.

EN KOMMENTAR

  1. Dave Cooper tegnar damer han har hatt en crush på, og Mike Mignola tegnar Marvel figurar og monster frå Ultraman og Godzillauniverset. Vi er rett og slett alle litt engstelige og ufokuserte.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.