
Anmeldelse
One Piece Vol.1 – Romance Dawn – Eventyrets daggry
Eiichiro Oda
Oversatt av Vegard Aune
Outland forlag, 2023
Eiichiro Oda sin One Piece er VERDAS mestselgande manga. Både i salgstal og episodar opererer den på eit nivå som vi normale dødelige knapt kan begripe. Siste rekord er at den har solgt 515 millionar eksemplar.
One Piece er historia om Luffy, ein liten gut med stort pågangsmot, og hans ønske om å hevde seg som pirat. Den viktigaste skatten i dette pirat-universet heiter One Piece, og alle er ute etter den. Dette er piratenes tidsalder.
Verken i bind 1 eller i dei nyaste binda får vi vite kva One Piece er. Som Kurt Vonnegut skreiv: «Sørg for at lesaren alltid lurer både på kva som skal skje på neste side og på siste side.» Men Eiichiro Oda har lova at One Piece ER noko, skatten er ikkje «vennane du møter på vegen». Men mykje av moroa med One Piece er jo dei. Vi møter ikkje så mange av Luffy sine vennar i første bind, men vi møter Zoro, og han har ei både gøyal og rørande bakhistorie.
Oda er ein meister på langsiktig foreshadowing, altså å legge ut hint som får stor betydning mykje seinare. Dette får ein ikkje smake fullt ut i bok 1, men det er greitt å vite. Han er også påfallande glad i cartooning, altså overdrivne uttrykk og figurar, og har uttalt seg kritisk til trenden med meir og meir «seriøs» teiknestil på actionseriar.
One Piece bok 1 er litt vel heseblesande og trang i starten for meg. Den har for mange ting som skal stappast inn per side, men det har åpenbart ikkje vore eit problem for målgruppa. I slike tilfelle er kritikken meiningslaus: Eg synest dei første sidene er litt «tungleste», men det å få trillionar av barn til å lese ein litt «tunglest» manga er mykje kulare enn å få trillionar av barn til å lese ein lettlest manga.

Raskt tempo
Serien finn uansett raskt forma rundt møtet med Zoro. Zoro er ein legendarisk slåsskjempe som Luffy bestemmer seg for å redde for å få han med i piratgjengen sin, og redningsaksjonen er nydelig presentert. Zoro er fanga og seigpint av eit par finfint ufyselige skurkar. Dei mange ulike måtane å teikne karakterer på, små, store, runde, tynne, er positivt. Ein kan ikkje dra «alle mangafigurar er like» argumentet her. Det minner om europeiske barnebøker frå min barndom. Ei av Oda store inspirasjonskilder til One Piece er faktisk ein animert serie basert på den svenske viking-barneboka «Vikke i vesterled».
Omsetjinga til norsk er grei, med eit par pussige Siri Sashimi-aktige uttrykk:
«Jeg beviste styrken min på slagmarka gang på gang. Og nå er jeg kommandør.
Rang betyr ALT her i verden!!
Den mektigste mannen har alltid rett!!!
Besku symbolet på min autoritet!!»

Gøy for ungane
Barnevennlig? Tja, ikkje heilt, men brutal og tullete på ein måte som ein del barn vil kose seg glugg i hel med. For meg som voksen lesar er det litt mange karakterer som rett ut deklamerer kva dei står for eller kva som er neste steg i plottet:
«Piratkongen …?! Han som har fått tak i ALT verden har å by på …?!
Vil det si at du er ute etter skatten som forener både rikdom, berømmelse og makt …?!
At du er på jakt etter ONE PIECE?!»
… men overtydelig og enkel dialog gjer også at Oda kan stappe enormt mykje plott inn på kort tid, og ha plass til overs til vitsar.
ER den noko bra? Den er solid teikna, full av idéar, har god moral, virkar det som, og er rik på innhald. Eg tvilar ikkje på at verdas mest populære manga nokon sinne kjem til å slå an, og trur også dette er eit fantastisk tiltak for leseglede blant norske barn. Kjem Outland til å klare gi ut alle binda på norsk, eller må dei gi seg, slik Schibsted måtte rundt bind 45? Fåglarna veit. Er denne verd å kjøpe til sine barn for å rive dei laus frå iPaden? Garantert.
Du må berre lese tusen sider til
For meg fengar ikkje One Piece bok 1 heilt, trass i dei åpenbare kvalitetane. Det er som om påfunna slår kvarandre litt i hel. Teiknestilen er akkurat som den skal vere og heilt rett til sitt bruk, men dreg meg ikkje inn. (Det er det jo også veldig få teiknarar som gjer, men eg les kva som helst som er illustrert av Boichi) Her MÅ det nevnast at eg har høyrt det er konsensus om at One Piece startar som ein ganske gjennomsnittlig manga, og at det først vert bra når ein har lest eit par bind. Dette gir meining: Ein del av sjarmen med One Piece ser ut til å vere at ting heng ihop og er planlagt langt, laaaaaangt fram. Dette er jo elles ikkje eit uvanleg fenomen, det er mange ting som er sånn. Men som verk i seg sjølv er bind 1 berre ok pluss.
Eg har eigentleg ingenting å utsette på det, det er kanskje berre at bind 1 opplevast mest som ei samling entusiastisk tøys. Luffy kallar gjengen sin «stråhatt-piratar», og dette oppsummerer godt Oda si avslappa innstilling. Eg tek meg kanskje berre i å sakne at One Piece skal handle om noko anna enn seg sjølv, men det er eit idiotisk krav og mitt problem.
I starten av boka står ei kort tekst som eigentleg oppsummerer Oda sitt prosjekt veldig godt: «Da jeg bestemte meg for å skrive en historie om sjørøvere, prøvde jeg å lese meg opp så mye jeg kunne om temaet, men piratene jeg drømte om som unge sto det ingenting om i historiebøkene.»
Med andre ord: Ikkje klag over at ingenting er historisk korrekt. Eg har gjort research, eg har kasta researchen på havet, og det bør du vere glad for. La deg rive med og kos deg.

Når kvantitet blir kvalitet
Eg har ikkje hatt mulighet til å lese alle dei 21 450 sidene som finst så langt. Så eg må berre stole på folka som seier “det blir bedre!”
Veldig mange av dei beste fiksjonsverka tek gjerne litt tid å kome inn i, som Invincible, som framsto som ein ganske ordinær Superboy-ripoff i starten, og Three Body Problem, som framsto som ei veldig treig halv-sosialrealistisk bok om deprimerte kinesiske forskarar i veldig mange sider før den tok av.
Det er difor ingen grunn til å gi opp One Piece. Om du er underholdt av bind 1, er det berre å pøse på vidare. Det er få ting som er meir frydefulle enn ein payoff som har bygd seg opp over tusen sider.