Anmeldelse

Overtrykk 2023
Are Edvardsen (red.)
Überpress, 2023

Teikneserieantologiar er ein strålande arena der meir eller mindre ferske teikneserieskaparar kan prøve ut idear og bygge erfaring. Überpress har sidan 2012 gjort ein innsats det står respekt av, både for ferske talent og for teikneseriar på nynorsk. Akkurat no står antologien Overtrykk dessverre litt åleine etter at fleire andre har gått inn. Då er det kanskje rett å vende blikket mot solfylt nostalgi og høgt elska hesteseriar.

Som det ofte er med nostalgi, er den også her litt omtrentleg. Det er eigentleg berre ein av bidragsytarane som i presentasjonen fortel om eit personleg forhold til hesteseriar. Hest ser dei ut til å vere glade i alle saman. Det gjer det tematiske anslaget ganske fritt, noko som er i tråd med tradisjonen til Überpress. Entusiasmen har vel alltid vore sterkare enn dogmatismen i forlaget.

Überpress, norsk regjerande meister i teikneserieantologi, rettar blikket mot hest i antologien Overtrykk 2023.
Frå «Solsøstrene» av Linn-Catherin Hansen.

Lykkelege og tragiske sluttar

Det er fem serieskaparar med distinkte uttrykk som er på utstilling i antologien, sjølv om ein av dei har vesentleg mindre skin av nordisk manga enn dei fire andre. I dei to første bidraga finst det visuelt og narrativt slektskap til både spela Legend of Zelda og animasjonsserien Flukta frå dyreskogen. Eg er ikkje sikker på om det seier mest om meg eller seriane at dei visuelle referansane eg plukkar opp ikkje er frå andre teikneseriar.

Linn-Catherin Hansens «Solsøstrene» er ei søt historie om to systre som reiser inn i skogen på kvelden. Der dei bur har sola forsvunne, og mørkret rår. Denne kvelden skal den eldste av dei vise til vennene at ho ikkje er mørkredd. Veslesystra vil leite etter myrmonsteret som visstnok luskar rundt.

Dei reddar dagen, både i overført og bokstaveleg tyding. Karakterutforminga løftar denne fortellinga, med gode og tydelege fargeval. Det er fornøyeleg korleis veslesystra får introdusere seg ved å bryte inn i samtalen mellom dei eldre barna. Ho høyres klart og tydeleg, men berre øvste del av håret stikk over rutekanten. Den kvardagslege humoren og løysinga i “Solsøstrene” gjer den til den mest vellukka fabelprosaen i denne samlinga.

Marte Jørgensen stiller med «Kampesteinen», ei velteikna historie om tap og familie, som glir godt inn i det landskapet seriar som Nordlys og Snøkattprinsen har etablert. Hovudfiguren er ein rev som prøvar å hjelpe ein hest den møter på jakt. Her blir det viktigaste fortalt med rørsler, blikk og plassering.

Dei sterke konturane framhevar karakterane i “Kampesteinen” slik at dei står kraftig ut frå sidene. Spenna i kjenslene dei to dyra opplever er elegant dramatisert for å få mest mogleg ut av skifte i stemning over dei få sidene historia har å jobbe med. Jørgensen har med stort hell treft formatet og gjort gode val for å fortelje akkurat det som trengst.

Überpress, norsk regjerande meister i teikneserieantologi, rettar blikket mot hest i antologien Overtrykk 2023.
Frå «Kaldblods» av Lene Grassdal

Kapasitet for høgare trykk

I “Kreket” legg også Isabell Martinsen ein heiderleg innsats i å gi einhjørningane ansiktsuttrykk som ber mykje meining. Når dei store dyra knegger hånande mot den vesle hovudfiguren, er det ei bitande smerte som blir formidla. Dette er ei historie om utanforskap og å finne seg sjølv. Flott figurutforming og tidvis sterke val av utsnitt lover godt for kva Martinsen kan få til, sjølv om denne ville tent på høgare ambisjonar for omgjevnadene figurane er plassert i.

Det er nok Lene Grassdal sin “Kaldblods” som best oppfyller løftet ein kan tolke ut av “Overtrykk”-tittelen. Grassdal siktar høgt, og har tatt redaktørens insistering på det episke til seg. Ei einsleg jente møter ein einsleg fole. Forholdet mellom dei blir gitt ei gjennomtenkt utvikling. Grassdal gir seg god tid til å bygge opp hovudpersonen som naturbarn, og førebur med det konflikta, eit dramatisk gjenmøte med sivilisasjonen. 

Ferske serieskaparar som tar skikkeleg i, er noko av det aller beste med slike antologiar. Då er det ikkje så farleg at anatomien innimellom blir litt laus eller at forteljarstemma godt kunne vore kutta ut fleire stader. Det kjem med tida, men også erfaring gjer seg best med høge ambisjonar for kva som er mogleg.

Überpress, norsk regjerande meister i teikneserieantologi, rettar blikket mot hest i antologien Overtrykk 2023.
Frå «Kreket» av Isabell Martinsen

Den søte, den snille og den rare

Trond J. Stavås får avrunde utgjevinga, og han har både erfaring og ambisjonar. “Conny Cupcake & Lasse-Georg” kastar seg inn i det som er den raraste historia i Overtrykk 2023, men også den mest sjangertru. Hestejenta, bokstaveleg talt, elskar sin litt slitne ridemann meir enn noko. Ho vil mykje heller ri fritt rundt med han enn å oppfylle faren sine brotne draumar om å vinne det lokale løpet. Det blir eit forrykande eventyr i rosa og lilla, med livet på spel. Hjartevarmande og relativt avsindig.

Slik sett oppfyller desse fem ambisjonane til Überpress godt nok. Forteljingane har fin variasjon. Samtidig er dei absolutt eit tidsbilde av kvar mange nye, norske teikneserieskaparar kjenner seg heime nett no. Det er gledeleg at det framleis finst ein stad der norske serieskaparar kan få eksperimentere og prøve seg på trykk. Framover bør det kome fleire slike stader igjen. I mellomtida kan Überpress gjerne dytte på, slik at ambisjonane blir så høge at komfortsona får slitt seg.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.