
Anmeldelse
Owin Undring 1: Skyggevenn
Marthe Øiaas Thomassen
Egmont, 2026
Tidleg på nittitalet var eg og ein kompis ein kort periode besett av arkadespelet Dragons Lair 2 som stod på den lokale videosjappa. Det magiske ved spelet var det visuelle. Den tidlegare Disney-animatøren Don Bluth stod bak designet, og å spele kjentest nesten som å vere i ein teiknefilm. Sjølv om det var vakkert å sjå på, var spelet likevel prega av manglande logikk og ein tom spelteknikk. Spelaren var redusert til ein betraktar som eigentleg berre skulle trykke på rett knapp raskt nok. Besetjinga blei difor kortvarig.
Balansen mellom det estetiske og intellektuelle er viktig i alle forteljingar som kombinerer tekst og bilde. Det er til dømes ofte teikningane som fører lesaren inn i teikneserien, men det er djupna i forteljinga, karakterane eller underteksten som verkeleg gjer at verket blir med lesaren vidare i medvitet. Marthe Øiaas Thomassens debutteikneserie, Owin Undring: Skyggevenn, gjer eit godt forsøk på å balansere mellom desse posisjonane. Karakterane sin forseggjorte Disney-estetikk er tiltalande, og universet ho skapar har fleire spanande element. Diverre maktar ikkje teksten å engasjere like godt.

Kjenslene uteblir
Boka føregår i ei mytologisk verd som er ei blanding av tropar frå fantasy og såpeopera. Menneska (trollfolket) på overflata lever i eit slags avhengigheitsforhold med dei underjordiske og alveliknande undringane, eit forhold i hovudsak karakterisert av utbytting frå trollfolket si side. I denne verda må den mislykka heksa, Billie Bøe (!), fungere som fangevoktar for undringen Owin for å bli tatt opp i den sirkelen av trollfolk ho ønskjer. I tillegg ber ho på ein lagnadstung formel som skal kunne frigjere undringane, samtidig som ho slit med etterdønningane etter eit undringsrelatert overgrep. Oppi denne heksegryta av komplikasjonar oppstår det også romantiske kjensler mellom fangevoktar og fange. Det er med andre ord duka for store kjensler.
Når kjenslene likevel uteblir, handlar det først og fremst om det forteljartekniske. På den eine sida har Thomassen bygd opp lag på lag med episke element og intriger, men fleire av dei er vanskelege for lesaren å få tak på, trass i ein heftig dose eksposisjon. Den bakanforliggande handlinga, knytt til terraformelen som skal oppløyse (klasse)skiljet mellom undring og trollfolk, forblir til dømes vag. Plottet verkar nesten malplassert, trass den lagnadstunge vekta formelen blir tillagt. På eit tidspunkt uttrykkjer også Owins halvbror, Lowe, om lag den same frustrasjonen: «Jeg synes det er bortkastet å diskutere videre om formelen når de aldri gir oss de detaljene vi spør etter». Same. Eg er ikkje eigentleg ein tilhengar av at alt blir forklart tydeleg i ein skjønnlitterær tekst, men nokre haldepunkt må ein kunne forvente. Mindre er ikkje nødvendigvis meir.

Er han verk’leg søt, Billie Bøe, Billie Bøe?
Hovudintrigen i boka, romansen mellom Owin og Billie, er litt enklare å henge med på, men eit så sentralt element er avhengig av truverdige karakterar som har kjemi. Billie og Owin er for sjablongaktige til at dette fungerer godt nok, noko som gjer at romantikken blir vist, men ikkje overtydande fortalt. Karakterane ter seg som fomlete ungar som manglar reguleringsevner, og kommunikasjonen mellom dei er klønete på ein måte som ikkje verkar tilsikta. Dei uttrykksfylle teikningane, særleg av andletsuttrykka, bidreg til å heve inntrykket: Thomassen får tydeleg fram lidinga i karakterane ho teiknar fram.
Det blir heller ikkje betre av at heile premisset for korleis kjærleiken skal gro, altså at Billie er fangevoktaren til Owin, er så aparte. Owins straff for å ha brote lova mot trollfolket er å selgje ein haug med skrot i ein brukthandel. Når alt er seld, er han fri (trur han). Det viser seg at alt han må selgje er ting han har stôle, til dømes ein vikinghjelm, ein rosa kattefigur eller ein kopi av Botticellis Venus’ fødsel. Han er ein eklektisk tjuv. Kontrastert med den forsøksvis episke ramma, verkar denne sida av forteljinga så banal at heile pakka er vanskeleg å kjøpe.
Voksesmerter
Men altså, Thomassen er himla flink til å teikne, og ho viser tydelege teikn til at dette kan bli noko meir. Owin Undring har eit eittal bak seg, og ein kan vone teikneserieskaparen veks med det neste bandet i serien. Med strammare forteljartekniske grep og ei meir truverdig intrige, kan serien løfte seg frå det som først og fremst er pent å sjå på, til noko som set spor i lesaren.













