Koike er mest kjend frå samarbeidet med Goseki Kojima (1928-2000), der Koike skreiv og Kojima teikna chanbara-mangaen Lone Wolf and Cub, om ein eks-samurai som vandrar rundt i føydaltida sitt Japan med babyen sin og tek draps-oppdrag for å spare opp pengar til … ja, det kan du finne ut av sjølv. Lone Wolf er eit over 8700 sider langt meisterverk som har blitt til ein haug filmar, og ein god del spirituelle eller direkte oppfølgjarar. Med Koijma lagde Koike også serien Path of the Assassin og Samurai Executioner, begge frå omtrent same tidsperiode. Som i Inkalen, der teiknar Moebius sette litt grenser for sprelskheta til forfattar Jodorowsky, kan ein merke at Lone Wolf nok fekk litt disiplinerande redigering frå teiknaren Kojima, som visstnok sa at han stadig kutta ned på pratsomheta til Koike sine manus (Kilde: Eg hugsar det). Ein merkar også at Lone Wolf er mindre exploitation-aktig enn til dømes Crying Freeman, og dermed kjennast mykje meir ut som høgkultur. Men det kan også ha vore eit resultat av at Koike gjekk 100% inn i kva sjanger han enn bevegde seg i. Resultatet er uansett at Lone Wolf nok er det beste du kan få lest av Koike.

Lone Wolf har prega mange, ikkje minst Frank Miller, som både lagde omslag til Dark Horse sine pocketbøker og lot seg inspirere både i Wolverine, Daredevil og den originale serien Ronin. Forteljeteknisk kan ein også godt sjå det i det intense, men bedagelege tempoet Miller brukar i Sin City, men den strålande forteljeteknikken må ein utan tvil kreditere til teiknaren, av Lone Wolf, Goseki Kojima. (Eitt av dei mest fascinerande grepa Kojima gjorde var å lage ruter som BERRE var “fartsstriper”, som indikerte “ei lynrask kamerapanorering til eit nytt objekt”. I skrivande stund har eg ikkje den sida tilgjengeleg, men det skjer i eitt av Ogami sine mange møte med Retsudo Yagyu, truleg like før Yagyu mistar auget sitt.)

Lone Wolf and Cub Kazuo Koike
Fra Lone Wolf and Cub

Det er likevel ingen tvil om at Koike også fekk det beste ut av Kojima, for Koike sine ekstreme personar var ein perfekt match til Kojima sin nøkterne, realistiske måte å teikne karakterane på. (Det er tidvis veldig greitt at folk har ulike mønster på kleda, så ein ser kven som er kven). Koike sine intense manus fylte det teikna universet til Kojima, som elles kunne vore FOR realistisk, og dermed, (kremt!) tørt og kjedeleg, med dynamikk og enorme kjensler. 

Koike samarbeida også med teiknar Ryoichi Ikegami om fleire seriar: Wounded Man, Offered og den mest kjende, Crying Freeman. Freeman er ein sart og kunstnerisk pottemakar som via hypnose endar opp som super-uovervinneleg mordar for den kinesiske mafiaklanen 108 dragons. Ikegami teiknar spektakulært bra, men har ein litt større hang til forskjønning (og klin like vakre mannlege heltar og heltinner) og ein litt høgare toleranse for spekulativitet i volds- og sexskildringene enn den nøkterne Kojima hadde. Som pulp-moro er Crying Freeman likevel vanvittig gøy, og er både udødeleggjort i Ghostface Killah-låta When You Walk og filmatisert med capoeirakjekkasen Mark Dacascos i hovudrolla. (I tillegg til ein anime.)

Koike grunnla også eit golfmagasin, og framfor alt ei teikneserieutdanning, Gekiga Sonjuku, som la stor vekt på Koike sitt bærande narrative prinsipp “karakterar som står ut”, karakterar som er så tydelege at dei skaper historia rundt seg. For Koike var dei beste karakterane (i prioritert rekkefølge): Gud, Djevelen og Buddha. 

Mange av studentane frå Gekiga Sonjuku vart profesjonelle. Den som nok nådde lengst er Rumiko Takahashi (forfattar/teiknar av Ranma 1/2, Inuyasha). Ranma, med sine stadig kjønnskskiftande kampsportheltar, er ein av Japans største mangasuksessar gjennom tidene. Dei fleste av seriane til Takahashi har blitt animerte. 

For dei som likar god gammal ultravold kan skulen også skryte av Tetsuo Hara (teiknar/medforfattar av Fist of The North Star), og Keisuke Itagaki (forfattar/teiknar, Baki the grappler, no tilgjengeleg som ein … eh … fascinerande anime på Netflix). 

Koike var høgt rangert i sverdsporten kendo, noko som prega sverd-kompetansen i Lone Wolf. Men han var også rå i mahjong og golf, og skreiv både manus til ein mahjong- og ein golfmanga. Dei har eg ikkje lest, om du er skarp i japansk og har lest dei, skriv gjerne litt om dei i kommentarfeltet. Han var eit oppkomme av historier og høgt elska av studentane sine. (Sjølv om historiene etter kvart handla mykje om kjendisane som Kazuo Koike var venn med.) Skillet mellom kiosklitteratur og “høgverdig” litteratur er truleg litt annaleis i Japan enn her, det er i alle fall ikkje lett for meg å vurdere kvar Koike “rangerer” mellom Dostojevskij, Kjell Hallbing og Quentin Tarantino. 

Men det gjer ingenting, han var vanvittig god, uansett. Det å skrive eit 8700 siders verk som klarer å levere ein slutt som oppsummerer alt ein har opplevd, kjent på og lært i løpet av dei foregåande åtte tusen sidene … det er ein utruleg prestasjon, og at hans øvrige litterære produksjon var like variert som dei mange lause jobbane, mislykka jus-eksamenane og ville påfunna Koike dreiv med før han i vaksen alder fann suksess som mangaforfattar, det er for meg berre endå meir inspirerande.

Øystein Runde
Øystein Runde er tegneserieskaper kjent blant annet for superheltparodien Bjartmann, bøkene Olav Sleggja og Berserk, samt faktaboken Stamceller. Han har også skrevet tegneseriene Futen og De fire store.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.