I denne serien sjekker Empirix inn på norske bibliotek over det ganske land. Hvem er det som låner tegneserier? Hva leser de? Og bør vi egentlig være bekymret for mediets fremtid?


Kven er det som låner teikneseriar i Lom? 

Det er fyrst og fremst skuleelevar. Vi har bokprat for klassene, og dei er innom biblioteket jamnleg. Eg formidlar teikneseriar til dei og anbefaler gode seriar kvar gong eg har moglegheita. Ettersom dei veks opp er det nokre som fortset å låne teikneseriar. Vi har også nokre vaksne som er opne for ei og anna seriøs utgjeving.

Ser du ein tendens i kva folk les?

I fleire år har eg messa om dei to store Donald-teiknarane – Carl Barks og Don Rosa, med godt resultat på utlån. Amuletten er ein suksess, og har betydd mykje for teikneserieinteressa. Pondus går så det susar, Valhall av Peter Madsen, Barnevaktklubben av Telgemeier, Dragonball-serien og Nemi. Vaksne lånarar les The Walking Dead av Kirkman, Sandman av Gaiman, Kverneland og Fiske, samt dokumentariske utgjevingar som Maus og Persepolis.

Kva les du sjølv, då?

DonaldAsterix og Tintin tok meg på tur rundt om i verda då eg var ung. Eg hadde ein periode der eg handla Kamp-serien og På Vingene på antikvariat. Prins Valiant og Conan var òg favorittar. Vaksenteikneseriar oppdaga eg med Frank Miller sine Rōnin og Batman: The dark knight returns. Eg elskar Neil Gaiman sin Sandman, Alan Moore, Jodorowsky, Moebius, Love and Rockets av brørne Hernandez, Christopher Nielsen, Hugo Pratt, Robert Crumb, Lone Wolf and Cub, Ida Eva Neverdahl, Kverneland, Fiske, Jason og Runde. Alle teikneseriar som kjem på innkjøpsordninga passar eg på å lesa.

Såpass! Dette er både smalt og breitt. Men korleis avgjer de kva de kjøper inn av teikneseriar til biblioteket? 

Lom folkebibliotek er eit lite bibliotek med lite budsjett, men eg har fått inn mykje Carl Barks og Don Rosa, Sandman-serien, Maus og Inkalen i samlinga. Amuletten har fått mange lesarar inn i teikneseriar, og for å fange jentene har vi kjøpt inn Raina Telgemeier.

Og så det støttefaglege: Korleis fungerer innkjøpsordninga for teikneseriar for biblioteket ditt?

Innkjøpsordninga er viktig for Lom folkebibliotek, med avgrensa budsjett er det desse som utgjer storparten av teikneserieavdelinga. Vi er i det heile glade i å snakke kulturfond-utgjevingar ut av hylla.

Skjer det noko spennande framover for serie-interesserte i Lom?

Eg har teikneserieføredrag kvart år for 8. klasse som skal lage eigne teikneseriar. Resultata vert hengde opp på biblioteket. Det syslast òg med eit opplegg om teikneserieformidling for vaksne. Eg blir hyra inn av andre bibliotek og kommunar for å drive teikneserieformidling for 8. klassingar. Det er også mogleg at det blir eit formidlingsopplegg for bibliotekarane i det nye storfylket Innlandet på nyåret.

Avslutningsvis: Sei kva du vil! Kva som helst! Gje oss Are Flatens programerklæring for utlån av seriar i bibliotek: 

Teikneseriar kan vere magiske, realistiske, morosame og triste! Norske teikneseriar held god kvalitet. Mange unge, og spesielt gutane, knekkjer lesekoda og får kjensle av mestring gjennom å fullføre ein teikneserie. Biblioteka er mykje brukt av innvandrarar. Teikneseriar er glimrande for vaksne som skal lære norsk.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.