Anmeldelse

Pappa – Tobarnsfare
Marius Henriksen
Strand forlag, 2026

«It’s not really about the kids», seier karakteren Raymond i opningssekvensen til sitcomen Alle elsker Raymond. Det er ein påstand som delvis også gjeld Marius Henriksens stripeserie Pappa. Som tittelen lovar, handlar det mest om kva familielivet gjer med den namnlause hovudpersonen, altså pappaen. Barnet, Lille, og mammaen fungerer meir som statistar som set opp vitsane. Mamma er både ein lagspelar og ein sarkasmemaskin, mens Lille er ein effektiv kaosagent og klump av kjærleik. I den nye boka, Pappa: Tobarnsfare, som er den første større samlinga av serien, fornyar serien seg (på klassisk sitcom-vis) med endå ein unge.

Pappa begynte som ein humoristisk og delvis sjølvbiografisk serie basert på erfaringar frå pappapermisjonen, men har etter kvart blitt meir universell. Eg var sjølv småbarnsfar då Pappa begynte, og var nok meir mottakeleg for vitsar om bleier og barnehage då enn no. Den høge graden av gjenkjennelegheit har alltid vore ein nøkkel for serien sin suksess. Heldigvis for Henriksen, blir det kvar dag fødd nye pappaer som kan kjenne seg igjen i framstillinga av småbarnslivet. At Lille har vokst saman med serien gjer elles at Henriksen har unngått å halde seg for statisk. Sidan han i dei fleste seriane sine baserer seg på eigne erfaringar, er det også heilt naturleg.

Mannen utan eigenskapar

Hovudpersonen, Pappa, er ein ganske rund karakter med brei appell. Han er leiken og barnleg, og han er omsorgsfull på ein ikkje alltid like pedagogisk måte. Denne kvarmannsenfiguren er lett å like, kanskje fordi han i botn og grunn er ein ålreit fyr. Han rommar trekk frå fleire populærkulturelle fedrar, mellom anna Homer Simpson (men ikkje nok) og Danny Tanner frå Under samme tak (litt for mykje), men han har ikkje eigentleg ein identitet som strekk seg utover det å vere ein pappa. Kva han jobbar med og kva han interesserer seg for utanom gaming (som han ikkje lenger kan drive med) er ikkje relevant for Henriksens prosjekt. Serien handlar først og fremst om korleis det å få eit barn (for ikkje å snakke om to!) sender eit stakkars menneske ut i eit tilvære utan søvn, sex eller tid til eigne interesser. Å nærmast strippe pappaen for identitet er såleis ei ganske presis skildring av småbarnslivet.

Kjenslevare sukk

Det er kanskje ein smakssak, men eg set meir pris på stripeseriar som er meir opptekne av å få meg til å le enn å sukke kjenslevart. Det er mykje å le av i Pappa, men Henriksen har også ein hang til sentimentalitet. Denne sida kjem også ofte fram i ein av dei andre seriane hans, Storefri, som er basert på erfaringane hans frå lærargjerninga. I Pappa er punchlinen ofte dominert av ein hjartevarm augneblink, og det er som om lesaren kan høyre «Aaawww»-lyden frå sitcoms frå 1990-talet. Meininga er at lesaren skal bli rørt, men det opplevest nokre gonger meir kleint.   

Så er også denne boka heilt tydeleg marknadsført som ei farsdagsgåve og ikkje berre ei samling striper. Fleire stader blir stripene brotne opp av heilsider med visdomsord som «Hvem som helst kan bli far. Det skal noe mer til for å bli pappa» (aaaww) eller «Et svangerskap varer i ni måneder, men den siste måneden varer i et år» (hø hø hø), signert eit knippe komikarar og anonyme fedrar. Dette grepet forringar boka og gjer henne til eit produkt som er skreddarsydd som farsdagsgåve. Det er ikkje ein kompliment. Hadde forlaget vald å stole på Henriksens lune observasjonshumor, hadde ho fungert betre.

Handverkaren Henriksen

Henriksen har mange kvalitetar som teikneserieskapar. Teiknestilen hans er kanskje ein litt generisk kopi av tidleg Frode Øverli (Pondus), men han har eit godt grep om stripeformatet. Tre ruter med oppsett og ein vits, sånn sirka. Henriksen utfordrar ikkje formatet, men er ein god handverkar som verkar å trivast innanfor rammene.

Pappa er uansett ein serie for moderne mødrer og fedrar som er for trøytte til å bli utfordra. Dei vil berre bli sett, noko Henriksen trass alt gjer. Då held det med litt humring og eit og anna gapskratt.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Legg inn din kommentar.
Fyll inn ditt navn her

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Finn ut mer om hvordan kommentardataene dine behandles.